Husmorblues

Denne grusomme sanninga gjekk opp for meg her om dagen: Husarbeidet tar aldri slutt. Arbeidslivet skal få ein ende (om enn seint, for dei av oss som er fødd på 70-talet), ungemaset skal tagna, men husarbeidet tar aldri slutt. Om vi ikkje konstant ber ting til sin rette plass, feiar, støvsugar, vaskar og pussar, så gror junglen igjen rundt oss.

Å føde barn gjorde meg akutt merksam på samanhengen mellom framveksten av nytt liv og forfall. Då magen var som størst, hadde eg ei viss glede av å få sjå korleis den innerste kroken i navlen min såg ut, sjølv om han var omtrent som ein kunne vente. No har eg eit sterkt ønskje om at han skal forsvinne ut av syne igjen.

I huset går verknaden andre vegen: Når eg lar huset forfalle, det vil seie ber, feiar, støvsugar, vaskar og pussar for lite, så veks nytt liv fram, om enn i langt mindre sjarmerande former enn mitt eige avkom. Edderkoppar, til dømes, eller dei små snigleliknande uvesena som sklir panisk mot næraste sprekk når eg skrur på lyset på badet om natta. Det har enno ikkje gått så langt at faktisk vegetasjon har rekt å etablere seg innomhus, men eg ser teikninga: Om eg ikkje konstant held rydninga vår ved like, krev jungelen plassen attende.

Det finst to måtar å gjere husarbeid på: Den Einaste Fornuftige Måten (eller nazi-regime, som eg gjerne seier), eller den gode, gamle Skippertaksmetoden. Ja, no lurer de vel på kva for ein eg sjølv svergar til … Det er ulemper og føremoner med begge. Den første inneber at ein alltid ryddar ting på plass med ein gong ein har brukt dei, og at ein vaskar regelbunde så rotet og skiten aldri rekk å setje seg. De veit kva det vil seie? Jo, å alltid rydde, heile tida. Å ikkje slappe av før alt er på plass i hyller og skap. Det vil seie at du kanskje rekk ein halvtime på sofaen eller framfor datamaskina før leggetid. Det er ei føremon med denne måten: At det er ryddig og reint i huset. Men det er også alt.

Skippertaksmetoden er for oss som ikkje vil gi slepp på draumen om at det er mogeleg å gløyme alt som heiter husarbeid eit par timar om gongen. Som likar å prate med gjestane mens dei er der, og ikkje etter at vi har rydda og dei snart skal gå. Ulempen med denne metoden er sjølvsagt at normaltilstanden ikkje er orden, men rot. Til dømes byrjar middagslaginga gjerne med at eg må rydde på kjøkkenet og vaske grytene eg treng. Når måltidet er slutt, er kjøkkenet like rotete som det var då eg byrja, og eg treng ein pause. Det er ein grunn til at Den Einaste Fornuftige Måten heiter akkurat det, men eg nektar å la draumen døy.

Eg skjønar godt menn som er skeptiske til kvinnefrigjeringa. Eg skulle sjølv gjerne hatt ei god, gammaldags kone som kunne lage fiskekaker frå botnen av – bokstaveleg tala, om ho var driftig nok – og gjort storreint til jul og 17. mai. Men vere henne? Gløym det. Mannen min skal ha mykje ros for innsatsen sin, men han er ikkje som ei god, gammaldags kone. Heldigvis, eigentleg. Vi treng lønnsinntekta hans. Og det han uansett aldri klarer, er å fjerne det vonde samvitet eg som dårleg husmor er dømt til av dei pripne husmorideala kulturen vår framleis dreg på. Så det er berre å knipe leppene og rumpeballane saman og brette og bere, stable og skure, i alle fall når vi ventar gjestar. Eg er ikkje så god til å ”think happy thoughts”, men sinte tankar gjer ofte same nytta når det gjeld å få tida til å gå.

Eg venner meg vel til det. De skal sjå at eg om 50 år sit i rullestol og gret mine bitre tårer fordi eg ikkje klarer å vaske badet sjølv lenger. Det får ein vel kalle livsløpsironi, i så fall. For husarbeidet tar visst slutt ein gong likevel, det er berre at då er det slutt på alt det andre, òg.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s