Kultur(e)liten

Eliten – eg?
Langt ifrå.

Liten er eg, men eg fyller mi kritiske rolle frå øverst til nederst. Eg blir meir og meir kritisk, før gjekk eg for å vere ein såkalla sympatisk lesar, men eg har visst surna med åra, kultur kan gjere det med meir enn mjølk, eg håpar det kan kallast å bli kultivert, der er vel meiningane delte. Rolla mi er i alle høve kritisk, og kritikken er viktig, men ikkje min person.

Eg er ingen kulturredaktør med digert, glitrande nettverk, berre ein liten kulturaktør. Mine nettverkstrådar går berre på langs frå kritikar til kritikar og ikkje på tvers til andre delar av kulturbransjen, og feite fluger som den glinsande svarte prestisjen eller dei kjappe, blanke pengane lar seg ikkje fange i slikt nett.

Men sidan eg verken har sterk evne eller sterk vilje til å skaffe meg prestisje og pengar, kva er vel då betre enn at sjølve mangelen på desse styrkar posisjonen min som uavhengig kritikar? Integritet er viktig for meg, kanskje fordi integriteten har blitt mi største ære. Som frittgåande kritikar, eigd av ingen, får eg vere meg, og mine svake sider kan nesten bli sett som styrke. Eg er ein naturleg outsider, utan evne til fraternisering, kritisk til alt og alle og spesielt meg sjølv, det er ei plage, men når eg har ei kritisk rolle å spele, når eg får vere saltet i den litterære andedammen, for å blande metaforane godt og grundig, så er det ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Tilstanden er kritisk, men stabil.

I tillegg til forfattarane, journalistane, forleggjarane, byråkratane og redaktørane har ein sjølvsagt dei redde aktørane, og den rolla kan vel rullere; nokre gongar er det ein motig kritikarmaur som sprer syra si over eit verk av ein kjent og elska forfattar, andre gongar er det ein debutant som ikkje veit kva ho er mest redd for: Å få boka si kvesta i avisene eller å bli oversett totalt. Kanskje til og med forlagsredaktørane er redde av og til – for kritikarane.

Alle er redde for noko, men redsla for å bli kalla elite ser det ut til at mange har sams. Eg var nyleg på kritikarseminar på Lillehammer, som for min del gjekk slik føre seg: Éin dag på stigande rus og to dagar i fritt fall til eit punkt langt nedanfor utgangspunktet. Slik vart det endå klarare at eg ikkje er elitemateriale: Det som kjenneteiknar den verkelege kultureliten er at dei kan jobbe heile dagen, drikke heile kvelden, prate heile natta og stille til frokost kl ni like blide, men ein smule bleike, før dei går for å halde foredrag for vanlege folk. I alle fall: Under ein slik frukost kom eg i snakk med ein person som etter mitt skjønn er soleklar kulturelite, men då eg spurte, viste det seg at han ikkje definerte seg sjølv slik, og hans første reaksjon var: Men hvis eg – så du også, vel! Å ville gå i flokk inn i eliten – det er vel like typisk norsk som alt anna.

Det er sjølvsagt forskjell på kva ein seier og kva ein tenkjer. Så la meg vere ærleg: Sjølv vil eg eigentleg gjerne vere del av kultureliten. Eg skulle ha brukt makta mi til å gjere godt. Men det er vel som med alt anna – og dette er så sjølvsagt at det er direkte kjedeleg å skrive: Kven som tilhøyrer kultureliten kjem an på definisjonen. Om ein definerer kultureliten ganske vidt, kjem eg sikkert med i den yste sirkelen. Men eg får ikkje meir av verken det eine eller andre av den grunn. Berre eit rykte på meg for å tru at eg er noko. Og skal ein først tru på noko, får ein sjå til å velgje noko meir sannsynleg enn det. Det frie markedet, eller helvete eller noko slikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s