Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske

For 10 euro, 55 svenske kroner og ein neve norsk myntar har eg blitt eigar av boka Tidens ingenkonge, Velimir Khlebnikovs dikt i utval, gjendikta til norsk av Mikael Nydahl og Gunnar Wærness.

Eg er nett heimkomen frå litteraturseminar i Stockholm, nærmare bestemt Nordiska seminariet og Forskarseminariet, begge i regi av Fria seminariet för litterær kritik (FSL). Det som er fint med FSL, er at folka der er glade i å danse, og at dei er idealistar heile gjengen. Etter ein lang kveld med diktopplesing og dans var eg glad og svett, og i ein pause las eg litt i denne diktsamlinga fordi ho låg lageleg til på eit bord. Eg slo rett opp på det merkelege diktet de finn nedanfor her, og vart fascinert og litt lattermild. Omsetjar og for høvet bokseljar Gunnar Wærness ville gi meg diktsamlinga gratis då eg sa at eg ikkje trudde eg hadde nok kontantar, men eg tømte lommeboka mi i handa hans og håpar det var så mange 20-kroningar der at prisen blei halvvegs anstendig, i alle fall.

Det er første gongen at dikt av den mest sentrale diktaren blant dei russiske futuristane er utgitt på norsk. Khlebnikov ville finne ein måte å rekne ut – bokstaveleg tala – kva som ville skje i framtida. Det vil nok ingen andre enn han sjølv påstå at han lukkast med, men vi kan vel seie at han skapte framtid i poesien. Han var med på å skape omgrepet zaum, “det transrasjonelle ordet”, som Wærness og Nydahl har omsett til hinsinn.

I kveld har eg lese dikt for ungane, dei likar også å leike med språket, og er det noko Khlebnikov kan lære dei, må det vere at alt går an, at språket er like tøyeleg som fantasien vår, om den framleis har noko sprett i seg. Les og elsk:

Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske,
har elsket til meg i elskheten, nedelsket meg,
de elskelige elsklendinger, de elskaktige elskbygdinger elsker jeg,
å gjenelske, med elskinner og elskører, elsker jeg,
elskens elskatt i elskheimen elsker jeg,
å overelske, å hinelske
å elskalere! å oppelske!
Å utilelske uelsken elsker jeg!

(Velimir Khlebnikov, 1907)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s