Innovasjon og pasjon! – Men ikkje i litteraturen, takk!

I dag har eg vore på Forskningsrådets næringslivsdag 2012, som hadde temaet “Innovasjon og pasjon”. Med Det norske teatret som arena hadde dei lagt ned mykje arbeid i å lage eit profesjonelt show, det kan ikkje kallast anna; gjennomført design med avbilda og levande eld som grunnelement, to programleiarar som samtalte i beste Grand Prix-stil, til og med frå sidebalkongane over scena ved eit høve. Ulike profesjonelle talarar, frå Nærings- og handelsminister Trond Giske via framgångsrike gründerar til den svenske psykologen og standup-komikaren Per Naroskin, vektla alle kor viktig det er med pasjon, kreativitet, fagleg dugleik og hardt arbeid om ein skal skape noko nytt, noko som folk flest ikkje visste at dei trengte, men som dei vil lære seg å elske.

Men så – alas! – dukka det uventa opp ein litteraturvitar i programmet. Det var doktorgradsstipendiat Siv Gøril Brandtzæg, som kom høgt opp på resultatlista ved Forsker grand prix i forskningsformidling i fjor. Ho har forska på korleis skillet mellom triviallitteratur og såkalla seriøs litteratur oppstod. I eit særs underhaldande innlegg kunne ho fortelje at det på 1700-tallet skjedde ei demokratisering innan litteraturen: Fleire både skreiv og las bøker, og ikkje minst kom kvinnene på banen som aldri før. På denne tida vaks dei nye ideala om fritt val av ekteskapspartnar fram, basert på kjærleik, og barka saman med skikken der familiane ordna slike alliansar. Dette prega mange av dei nye bøkene; og formellitteraturen om gleder og farer i kjærleikslivet vaks fram: Mann og kvinne møtest, blir forelska, konflikt, løysning, giftemål. Bankande hjarter og – med tida – stadig fleire bankande lem. Sjølvsagt tok etablerte kritikarar sterk avstand frå denne typen litteratur. Dårleg språk, triviell handling. Men – sjokk over alle sjokk – folk ville lese det likevel! Fordi dette var problemstillingar som var viktige i deira eigne liv, ifølgje Brandtzæg. Då dei sjølvgode kritikarane oppdaga dette, reagerte dei med å innføre omgrepet triviallitteratur. Slikt skulle ein ikkje lese utan å få plett på sitt gode namn. Det har altså vist seg så effektivt at idag er det ingen som les slikt offentleg. Så langt er alt vel. Men kva er konklusjonen? Jau: Brantzæg endte med ei oppfordring: Ikkje ver flau, les den trivielle kjærleiksromanen din på bussen også!

Ja, no skal ikkje eg vere den som seier at folk skal skamme seg over sin litterære smak. Om dei vil bruke bussturen sin til å lese om hjarte som bankar i takt med stive lem, må dei gjerne det. Men resten av dagen vart eg sitjande å tenkje på kontrasten: Innovatørar og entreprenørar vart gjennomgåande samanlikna med toppidrettsutøverar. Ein må trene i årevis før ein blir verkeleg god i noko; ein må elske det ein driv med, og jobbe på og tru på sitt eige prosjekt sjølv i tider der alle rasjonelle menneske ville ha gjeve opp, og så vil ein, til slutt, skape noko nytt som verda vil lære seg å setje pris på. Men innan litteratur? Nei, der skal formellitteratur som er skrive på nokre veker vere like bra som Fjodor Dostojevskij og Virginia Woolf, fordi folk vil ha det. Ja, kvifor ikkje, om folket vil ha Grandiosa, kvifor skal vi tvinge på dei indrefilet og fersk asparges?

Brandtzæg problematiserte ikkje kvalitetskriterier for litteratur. Ho nemde ikkje kva god litteratur kan tilføre samfunnet. Ho sa ingenting om at skillet mellom høg- og lågkultur også fins innan tv, film, musikk eller mat. Berre at skiljet mellom trivial- og seriøs litteratur oppstod på 1700-talet, og at vi difor ikkje treng å bry oss om det? Det er kanskje berre meg, men eg blei nedslått av at det var slik litteraturen vart representert i eit forum som vektla nett dei eigenskapane som for meg er sentrale i skapinga av den beste litteraturen: Pasjon og innovasjon. Men vi lo godt, det skal ho ha.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s