Ett evigt ofullbördat allt

I ein episode i sesong to av HBO-serien Bored to death, eg trur det var den første, får magasinredaktøren og levemannen George vite at han har prostatakreft og at det faktisk er ein sjanse for at han kan dø av det. Hans første reaksjon på det er: – I can’t die – I haven’t figured anything out yet!

George er i 60-åra, og kanskje den av karakterane som kjedar seg mest. Men eg skjønar godt kva han meinte; det kjennest som det er naudsynt å finne ut av eit eller anna, oppnå eit eller anna … Kva er det vi trur det er mogeleg å skjøne? På den andre sida: Kva er sjansane for at ein kjenner seg klar til å dø idet ein endeleg har “skjøna det”? På den tredje sida: Kanskje handlar det rett og slett om å skjøne at ein skal dø.

Om eg hadde hatt energi til overs, skulle eg ha skrive om Blanchot og Den andre natta, om meiniga vi stadig snur oss etter som Orfeus etter Evridike og om Verket, fiksjonen vi må ha for å leve, men som vi ikkje må gløyme er fiksjon. Men eg nøyer meg med å sitere Gunnar Björling nok ein gong, sjølv om akkurat dette diktet frå Ett blyertsstreck kanskje er skrive av ein annan:

Ett fragment är livet
ett evigt ofullbordat allt
ord blev ej sagt
stämma blev ej höjd
liv blev ei fullt
men dock – ett fragment så fullt
så ofullbordat skönt.

Livet blir vel på sett og vis “fullbördat” etter kvart, men da er vi ikkje lenger der for å oppleve det (fritt etter Epikur). So – deal with it, George!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s