Å skrive dikt er det motsatte av taktisk tale

Eg har funne gull igjen, ord som forklarar kvifor eg elskar språk av eit visst slag, språk som åpnar opp i staden for å lukke igjen:

“Å skrive dikt er en lidenskapelig åndelig aktivitet som ikke ønsker å innordne seg et åndelig system. Har jeg en poetikk som jeg ønsker å utforske – så er det noe slikt som: Å skrive dikt er det motsatte av taktisk tale, det motsatte av taktiske svar på eksistensielle spørsmål – svar som sikrer seg retrett, svar som krever å ha rett. (…) Vi hører det på stemmen; det er taktisk tale. Hva er det som ikke blir sagt? Rommet rundt oss skrumper inn. I sammenhenger der språket i stor grad brukes taktisk, blir det vanskelig å puste. Inspirasjon betyr å puste, å trekke pusten djupt. Vi setter spørsmåltegn: Her begynner diktet.”

Det er lyrikar og omsetjar Hanne Bramness som seier dette, og ho gjer det klart for meg kvifor eg får ein sterk trang til å lukke øyrene for visse talestraumar; det er taktisk tale. Sitatet er henta frå teksten “Trenger lyrikken et forsvar?” som stod på trykk i Morgenbladet 29. juni, basert på ei forelesning Bramness heldt på Litteraturhuset i Oslo i juni i år. Forfattaren reflekterer rundt kvifor poetikk og forsvar for lyrikken ser ut til å vekkje meir interesse for tida enn sjølve lyrikken.

Symptomatisk nok handlar både denne og den forrige bloggposten min om formulerte poetikkar som har begeistra meg, ikkje om dikt av dei aktuelle forfatterane. Men slik er det: Eg er oppteken av mitt liv og den rolla språk spelar i det. Metaperspektivet er difor like interessant som litteraturen, slik spørsmålet ofte er like interessant som dei mogelege svara. Men skiljet er ikkje absolutt; refleksjonen om litteratur er ein del av litteraturen.

2 comments

  1. Hei Merete og takk for sist. Endelig fant jeg bloggen din og her var det mye gildt lesestoff! Drar på hytta nå, men stikker definitivt innom her igjen så snart jeg er i nærheten av internett igjen. Fortsatt riktig god sommer. (Det er ikke en enkel sak å legge igjen kommentar- det jeg skriver forsvinner stadig vekk innen jeg får postet det…)

    1. Takk for det, Gro, og takk for sist sjølv! Skulle gjerne hatt deg med i Helsingfors også. Skriv meir i epost🙂

      PS: Alle tidlegare publiserte meldingar og artiklar frå aviser o.l. ligg på den andre bloggen, Meldingar til massene, men det har du sikkert sett. Veit ikkje kor lurt det var å gjere det slik, men … sånn blei det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s