Biologistikk

Då eg oppretta denne bloggen våren 2011, var tanken at eg ville skrive om kvardagen min som kritikar på deltid. Bakgrunnen var massiv frustrasjon med min eigen situasjon, at det alltid var noko anna enn lesing og skriving som tok mesteparten av tida mi. Men når det kom til stykket, var eg for reservert til å gjere det. Å blottstille seg på den måten …

No har eg imidlertid fått vent meg til tanken på kva ein blogg er, og når eg ser kva andre legg ut, med bilder og greier, har eg kome til at eg skal prøve meg. Eg trur at oppfatninga mi av kva det er å vere litteraturkritikar også har hindra meg i å gjere dette tidlegare. Det har kjentes som at eg berre kunne legge ut “profesjonelle” tekstar om litteratur, kritikk eller liknande emner, ikkje om daglegdagse ting. Men er ikkje tida komen for å kvitte seg med den førestellinga? Det siste halvåret har eg tenkt på og uttala meg om den utfordringa bloggsfæren generelt og bokbloggane spesielt er for etablerte kritikarar, og eg har også meint at kritikken må endre seg for å møte denne utfordringa. Så – kanskje eg skal gjere eit forsøk sjølv?

Frå og med august har eg berre 60 % stilling i “dagjobben” min, og har altså meir tid enn nokon gong til å lese og skrive (i alle fall sidan studietida). Eg har gitt meg sjølv eitt år til å sjå om eg får nok ut av dette til å satse endå meir, eller om eg rett og slett må gi opp og prøve å ta igjen det tapte i eit “normalt” karriereløp. Det blir spennande å sjå, for det er vanskeleg å tenkje seg eit liv der eg ikkje driv med kritikk, men også vanskeleg å sjå for meg at eg skal halde fram som no, med halv innsats på to vidt forskjellige felt.

Tanken er å skrive heilt kort kva som skjer frå dag til dag, med fokus på kva tida har gått med til og korleis det går med kritikarverksemda. Eg har ikkje tenkt å skildre familielivet mitt, eller utlevere vener og kolleger. Eg trur ikkje at eg har det verken verre eller travlare enn andre, det er berre det at eg slit med at det er for stor avstand mellom ambisjonane mine og kva eg faktisk får gjort. Så ein viktig baktanke med heile bloggprosjektet er at eg håpar å motivere meg sjølv til å jobbe betre som kritikar. Om dette viser seg å ikkje bli interessant, verken for andre eller meg sjølv, finn eg berre noko anna å skrive om.

Planen er å begynne i kveld. Så får eg sjå kor det ber.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s