Dag 1

Etter det vanlege morgonstyret med påkledning, tannpuss og sånt, leverte eg ungane i følgegruppa (kor vi foreldra byttar på å følgje dei til skulen). Vel heime laga eg ei pannekakerøre før eg sette meg til datamaskina. Eg har i det siste sendt litt epost hit og dit for å skaffe meg skriveoppdrag i tidsskrift, og eg blir lettare paranoid når det går mange dagar – eller veker – utan at eg får svar. I dag fekk eg eit avslag, men med ein sakleg grunn og hyggeleg formulert. Eg vart så oppmuntra av det hyggelege avslaget at eg prompte sendte forslag om ein ny artikkel til samme redaktør.

Så tok eg t-bana til byen for å levere eit maleri vi fekk i bryllaupsgave til innramming – 11 år etter bryllaupet. Onsdag er eigentleg ein av dei to “kritikardagane” mine, men idag hadde eg lova å vere med på eit møte på jobben, så det blei ein fire-timars arbeidsdag der i staden. Eg har dessutan stadig litt minustid, så da så. På veg heim stakk eg innom biblioteket og henta nokre bestillte bøker. Så var det å pakke med seg nokre ungar ut frå skulen.

Heime vart det klesvask, klesbretting og pannekakesteiking før middagen med ein livlig og relativt støyande ungeflokk. Etter middag ville eldstemann gjere leksene i sofaen saman med meg, men han var tullete og eg trøtt, så då han vrælande lata som han datt i golvet, snudde eg rompa til og lukka augene. Vakna snart igjen fordi det banka på døra både ein og to gongar; ungar kom og gikk. Eg prøvde å lese litt Solstad, som eg har lese litt for lite av, men klarte berre å tenke på om eg skulle begynne å blogge dagleg, og kva eg ville skrive. Minstemann brukte pc’en, så eg kunne verken gå på nett eller skrive. Klokka sju satt eg med ungane medan dei åt kveldsmat, og hadde store problem med å konsentrere meg om dansken, svensken og nordmannen-vitsane deira fordi eg framleis tenkte på kva eg skulle skrive.

Medan mannen min la dei to minste, kunne eg endeleg byrje på blogginnlegget eg hadde tenkt på. Etter ein time var det min tur å legge eldstemann. Så las eg litt Solstad igjen, og vart meir gripe av skildringa i kapittel 1 av romanen 16.07.41 enn av noko eg tidlegare har lese av han. Det er der flyet hans sirklar over Frankfurt og forfattaren ser himmelske syner i skylandskapet. Han løftar handa for å vinke til faren sin som han miste som 11-åring, men tar seg i det.

Begynner å bli veldig trøtt. På tide med litt tv før leggetid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s