Å knause

Dagen i korte trekk: Jobb, heim til ferdig middag, køyre F til dansekurs, så til byen for å gå på Kritikersalong om Knausgård. Hadde gleda meg lenge til å møte folk på salongen, og det vart også ganske hyggeleg. Sjølv om det meste av tida går med til å høyre kva panelet har å seie, sjølvsagt. Måtte som vanleg jobbe for å halde tanken på mitt eige mindreverd unna, ved sånne høve kjennest det alltid som alle andre er smartare enn meg.

Då alle las Knausgård, dukka verbet “å knause” opp. No lurer eg litt på om å blogge på denne måten etterkvart vil bli heitande å knause … Lurer litt på kva eg driv med. Kanskje er det idioti, men – so what?

Lesing i dag: Kun på t-banen, men sidan det vart fire turar til saman, utgjorde det nesten ei halv bok. Framleis Solstad. Han er uventa morosam, men eg klarer ikkje å mønstre særleg interesse for dei lange utgreingane, denne gongen om gater, kyrkjer og andre landemerker i Berlin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s