Kunsten å skrive kortfatta

Idag var det endeleg skrivedag! Men først var det min tur til å følgje sju førsteklassingar på skulen; små ropertar med raslande ranslar, fargerike luer og hanskekledde hender som vil leie, stadige stopp, stadige spurtar, vente på alle før ein kryssar vegen, av med jakker, luer og hanskar, på med innesko, krysse seg inn, finne klasserommet. Ein kjempefin start på dagen, men så spring eg heim for å setje meg ved datamaskina. Først på med ein klesvask, på med vannkokaren, og så sit eg der. Og så byrjar ting å gå seint.

Eg skal skrive eit bokessay på berre 4000 teikn, basert på ein artikkel på 37 000 teikn. Det høyres kanskje lett ut, men det er det ikkje. For sjølv om eg har bestemt omtrent kva innhaldet skal vere, så kan eg ikkje klippe frå den eine teksten til den andre. Dei opprinnelege setningane er for omstendelege, for akademiske i stilen. Eg skriv teksten mange gongar, og når eg har fått fram det eg vil, er teksten alltid for lang. Så må eg forkorte, men kvar gong eg les gjennom, ser eg noko eg må endre, og ofte veks teksten i staden for minke. Eg vil så gjerne skrive presist, men også fint, helst vakkert, eg vil fange merksemda til lesaren og så seie noko klokt. Ideelt sett vil eg vere morosam også, men det er grenser for kva eg klarer på 4000 teikn, spesielt når temaet er kvifor Merethe Lindstrøm ikkje har nådd eit større publikum tidlegare. Det er ikkje noko å spøke med.

I dag har eg ei bokmelding i Dag og Tid, av romanen Isberg av Lars Ove Seljestad. Det er første melding på trykk sidan mai i vår, kontaktpersonen min har hatt permisjon, og da blir det alltid kluss med kommunikasjonen med avisa. I mellomtida har eg jobba med diverse som ikkje har kome på trykk enno. Det er godt å vere i gang igjen. Eg veit ikkje om vurderinga mi av Seljestad er god, kanskje blei eg riven med av min eigen tolkingsiver. Men det var interessant å skrive, i alle fall.

Det er mykje igjen av dagen, men eg veit akkurat kva som kjem til å skje, så eg kan likegodt skrive det alt no: Skrive til familien kjem heim. Kanskje tar eg ein liten lur, for det vart seint i går. Lage middag. Familietid til ungane er i seng. Kanskje lese litt aviser eller bok innimellom. Sjå So you think you can dance på TV, med dårleg samvit for at eg ikkje les eller skriv. Potetgull og kanskje eit glass vin om vi har. Leggetid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s