Kommentar frå bakevja

Laurdagar går vanlegvis med til husarbeid og innkjøp. Denne helga er det to barnebursdagar og eit førtiårslag, med besteforeldre som overnattande barnevakter, så da blir det jo litt å ordne. Helg er familietid, men under frokosten blir blikket alltid dradd mot avisene; Dag og Tid, Morgonbladet og Klassekampens bokmagasin. Idag endte det med at dattera mi kom og satte seg på fanget mitt for å få heile merksemda.

Akkurat då eg kom heim frå ei handlerunde midt på føremiddagen, byrja Kurer på P2, med tema kunstkritikk. Det styrka moralen å høyre at mellom anna Håkon Bleken understreka kor viktig det er med kritikk, sjølv når kritikaren yter kunstnaren motstand. Trur han sa at god kunstkritikk kan vere på nivå med kunsten, og kan sjåast som ei eiga kunstform – muleg at eg blandar litt kven som sa kva. Eg fekk ikkje med meg alle namna.

Øyvind Storm Bjerke deltok også i programmet, han er no fungerande leiar i Kritikerlaget. Han understreka at fordi dei økonomiske vilkåra for kritikarar er så dårlege, blir gjennomstrømminga høg. Eg veit kva han snakkar om, for eg synes stadig det dukkar opp nye namn, mange av dei er også veldig dyktige. Dei byrjar, går forbi meg og forsvinn ut i interessante jobbar i kulturfeltet, slik kjennest det i alle fall. Som det har blitt uttala (av Audun Lindholm): Dei beste går over i godt betalte jobbar … Veit ikkje kva det seier om oss som framleis (såvidt) held det gåande, men.

Denne helga er det Kapittel-festival i Stavanger, og eg veit at mange av kritikerkollegaene mine er der. Eg går nok glipp av ein del sosial “networking”, men elles gjer det meg ikkje så mykje å vere heime. Det er grenser for kor mange nye forfattarar eg klarer å “absorbere” likevel, det er så mykje å følgje med på at det går heilt rundt for meg. Å vere breidt orientert er sjølvsagt verdifullt, men eg vil heller prioritere fordjuping. Og forfattarintervju skal vere veldig gode før eg synes det er særleg interessant. Men i oktober skal eg til Odda, så hvis det blir bra, får eg sikkert lyst til å reise meir.

På tide å byrje fjørpussen, det er lang reiseveg til 40-årslaget.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s