Leseklemma

I løpet av helga plukkar eg opp ei avis kvar gong eg har nokre minutt til overs, og eg blar som regel rett til boksidene. Det er “risky business”. På ein dårleg dag kan eg bli heilt satt ut av å lese velformulerte og kunnskapsrike tekstar, eg tenkjer at dette kan eg aldri måle meg med. Men andre gongar blir eg oppløfta av det samme, og det er gjerne dei aller beste skribentane som har den verknaden. Denne helga var det Erik Bjerck Hagen i bokmeldinga av Per Pettersons Jeg nekter og Espen Grønlies kommentar om korvidt norsk litteratur blir påverka av det engelske språket og omsynet til markedsføring i utlandet (begge i Morgenbladet).

Eg har av og til tenkt at eg må slutte å vere oppteken av kva andre skriv om, og kva dei kan. I staden må eg bruke tida på mine eigne prosjekt, slik at eg byggjer min eigen kompetanse. For det er jo det som imponerar meg når eg les andre; oversikta og djubdekunnskapen. Eg får ikkje slik kunnskap sjølv av å lese i avisene, dei er først og fremst ei meir overflatisk orientering om kva som rører seg i samtida, sjølvsagt med eit og anna drypp av nyttig kunnskap og gode tankar.

Men som Jesus sa: Det eine må gjerast og det andre ikkje latast ugjort (sitert etter minnet). For det er jo viktig og interessant å lese det andre kritikarar skriv. Det var berre dette med tida. Og tidsmangelen går alltid mest ut over fordjupinga. Ein kan godt lese avisartiklar på do, eller medan eg ventar på at potetene skal koke opp, men lesing av litteraturteori eller godt analysearbeid er det verre med.

Men akkurat no må alt anna vike for den nye boka til Trude Marstein. Eg vart oppringt frå Dag og Tid-redaksjonen med spørsmål om eg kunne hente boka idag og melde ho på nokre få dagar. Tilfeldigvis passa det for mannen min å svinge innom sentrum, så akkurat no fekk eg boka i fanget. Ho er ein av dei forfattarane eg verkeleg har studert, så eg gler meg til både å lese boka og skrive om ho. Av og til merkar eg at eg trass alt har halde på ei stund, og det er ikkje vondt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s