Leseklemma 2

I går forkynte eg så overmodig at alt anna måtte vike fordi eg eg skulle lese den nye romanen til Trude Marstein. Det var sjølvsagt rein ønsketenking. Med ein gong eg slutta å skrive og bladde opp i boka, høyrde eg at gutungane spelte Wii med ganske høgt lydnivå, og frå kjøkkenet kom radioprogrammet mannen min høyrde på medan han laga middag. Etter 20 minutt lesing gjort mogeleg av øyreproppar, var middagen ferdig. Så viste det seg at vi ikkje hadde meir tid enn vi måtte ha for å gjere oss klare til eit nytt bursdagsselskap. Stryking av skjorter, fletting av hår, masing, masing og atter masing.

Det var eit hyggeleg selskap, kaker og kaffe er aldri feil. Men då vi var heime igjen og ungane i seng omlag klokka åtte, hadde vindrikkinga og seinlegginga frå kvelden før innhenta meg, eg var så sliten at eg kjende meg solbrent i kinna, på leppene og inni hovudet. Eg trengte å setje hjerna på lading ei stund: Bretting av nyvaska klede til Goldbergvariasjonane er power-husmormeditasjon. Og sidan å skrive er mentalhygiene, måtte eg skrive ned nokre tankar medan dei var ferske også. SÅ var det endeleg lesetid.

Idag har eg hengt over pulten på jobb og venta på at dagen skal ta slutt. Det er min hentedag idag, deretter blir det nok lesing og soving om kvarandre innimellom lekse- og kveldsrutinene.

3 comments

  1. Imponert over at du skriver blogg Merete. På nynorsk til og med. Eller er det kanskje bare Godøy-dialekt? Det sier vel litt om mine nynorskkunnskaper. Uansett så er det vel urnorsk i hvertfall. Har ikke tenkt å være pirkete, men regner med at guttene spilte Wii? Det andre betyr jo urin🙂
    Har du forresten hørt om den nye Giske-forfatteren Ronnie Mag Larsen?

  2. Takk for det, Sondre! Eg skal snarast rette til Wii, det var jo ein litt pinleg feil … Nei, eg skriv ikkje på Godøy-dialekt, trur det skal vere ganske standard nynorsk. Men sikkert på den konservative sida, eg er nok prega av å ha skrive i Dag og Tid i mange år! Eg har høyrt om Ronnie Mag Larsen, for han var jo også i bandet The Margareths. Eg har ikkje lese noko av han enno. Men det er stas med to gode forfatterar frå heimkommunen min: i tillegg til han er det også Aina Basso. Riktignok frå naboøya, men det får duge🙂

  3. hehe, bare hyggelig🙂 Jeg har blitt kjent med Ronnie Mag Larsen via en venn på Hellerud. De jobber begge på Holtekilen Folkehøyskole. Jeg har selv ikke lest noe ennå av Mag Larsen, men har lyst til å lese/høre den nyeste. Litt mer info her: http://www.ronniemaglarsen.no/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s