Litteraturkritikaren, bokmeldaren og bokbloggaren

Eg har møtt fleire kritikarkolleger som har sagt at dei kallar seg sjølv bokmeldar, ikkje kritikar, fordi dei meinar at å vere kritikar er noko meir enn å skrive korte bokmeldingar i avisene. Dette er folk med relevant utdanning som eg har møtt gjennom Kritikerlaget, med andre ord folk som er seriøse og har stor respekt for litteraturkritikk som fagfelt.

Eg skjønar tankegangen, og etter at eg vart merksam på problemstillinga, har eg ofte presentert meg sjølv som bokmeldar. Ein vil jo ikkje verke pretensiøs. Men i det siste har eg gått over til å seie “litteraturkritikar på deltid”. For eg synes det er eit problematisk skille. For det første: Det er vel inga stor overrasking at dei eg har møtt som reknar seg “kun” som bokmeldarar er kvinner (og sjølvsagt er det ingen av dei som jobbar med litteraturkritikk på heiltid, for det gjer svært få.) Så lenge det er sjølvkatergorisering som gjeld, kan det altså fort bli slik at flest kvinner er bokmeldarar og flest menn er litteraturkritikarar. For det andre: Er det naudsynt og ønskeleg å bruke slike nemningar til å seie noko om kva faglig nivå (eller ambisjonsnivå) ein plasserer seg sjølv på når ein skriv om litteratur? Bør ikkje nivået på bokmeldingane i prinsippet vere på nivå med andre former for kritikk, sjølv om formatet er kort?

Om vi godtek skillet, kva er det som skal det til for å kalle seg litteraturkritikar? Slik eg har forstått dette, handlar det om fordjuping, overblikk og type formidling: At ein skrive lengre, grundigare tekstar der ein enten ser nærmare på ein forfattarskap, ein tendens i litteraturen eller trekkjer liner frå litteraturhistoria til idag, eller med utgangspunkt i litteraturen prøvar å seie noko om samtida vår. At ein reflekterer rundt kva litteraturkritikk er og skal vere, og deltek i den offentlege samtalen. Med andre ord; alt som det er vanskeleg å få gjort på lite tid til dårleg betaling. Men når det er sagt: Det finst mange som stort sett kun melder bøker i dagspressa, men som har høgt kompetansenivå og legg mykje arbeid i å gi gode lesingar og vurderingar av kvar bok. Skal då formatet dei skriv i avgjere kva dei kan kalle seg, eller skal ein vurdere nivået? Eller er det berre dei få heiltidskritikarane vi har som kan kalle seg litteraturkritikarar? Dei som er tilsette i ei avis eller ved eit universitet, eller som klarer seg på svært lav inntekt?

Så fins det ein kategori til: Bokbloggarane. Det som kjenneteiknar dei, er at dei som regel skriv om bøker gratis og på hobbybasis. Men nokre er tilsette i forlag. Og nokre bloggar ved sidan av betalt litteraturkritikk i redaksjonelt styrte media (som eg). Og ikkje alle bokbloggarar er amatørar, fleire har studert litteraturvitskap eller språkfag. På den andre sida fins det gode litteraturkritikarar som ikkje har formell utdanning. Det er altså eit mangfaldig felt, og kvalitet kan komme frå mange ulike kjelder. For meg må eg likevel seie at det går eit skille mellom tekstar om litteratur som blir publiserte av redaksjonelt styrte media og tekstar lagt ut privat, sjølv om det godt kan komme gullkorn på private bloggar. Men eg synes ikkje det har noko for seg å snakke om bokblogging generelt som litteraturkritikk.

Bernhard Ellefsen (kanskje den mest siterte litteraturkritikaren i år) hevda i ein paneldebatt om bokblogging 15. september, under Oslo Bokfestival, at ein i prinsippet bør stille dei same kvalitetskrava til alle som skriv om litteratur i offentlege fora, enten dei kallar seg bokbloggar eller litteraturkritikar. Eg veit ikkje heilt kva eg synes om det. Dette er i utgangspunktet å ta kvarandre og litteraturen på alvor, men samstundes er det vel ikkje eit problem at det parallelt pågår fleire samtalar om litteratur med ulike gradar av ambisjonar og fagleg nivå? Men det er eit memento at alle som skriv om litteratur, uansett kategoriinndeling, potensielt har makt i litteraturfeltet, enten det er marknadsmakt eller definisjonsmakt. Ein bokbloggar kan i praksis ha like mykje eller større makt enn ein litteraturkritikar. Det er forsåvidt god grunn til å ta både kvarandre og det ein driv med sjølv på alvor.

Det hadde vore veldig interessant å høyre kva andre tenkjer om dette? Og så burde det vere mogeleg å få til ein vits om litteraturkritikaren, bokmeldaren og bokbloggaren …

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s