Dagen derpå

I går brukte eg dagen på å skrive bokmeldinga som hadde deadline i dag tidleg. Det er fint å ha dagen heime, sjølv om det alltid er andre ting eg også må gjere innimellom, som å få ungane av garde, handle, lage middag, hente ungane igjen, foreldresamtale med læraren i 1. klasse, klesvask. Eg sendte ferdig tekst til avisa då klokka nærma seg ti om kvelden, og prøvde å roe meg ned med å sjå på tv, nærmare bestemt Trygdekontoret (som var kleine saker i går). Prøvde, men lukkast ikkje: Då eg hadde lagt meg, byrja tankane å svirre igjen. Når eg har skrive nesten til leggetid blir eg så gira, og ofte lurer eg på om eg har gjort dei rette vurderingane og lagt vekt på dei viktigaste elementa. Det er så mykje meir eg kunne ha skrive om ei bok enn det eg har plass til, og då må eg velge.

Å lese ei bok på tre kveldar og skrive om ho den fjerde dagen er eigentleg for raskt for meg. Eg veit at andre kan lese og melde ei bok på eit døgn, men det kunne eg aldri ha gjort. Eg treng tid til å tenke på kva eg har lest og vurdere mine eigne umiddelbare reaksjonar og vurderingar. Å skrive ein tekst og sende han frå seg før eg kjenner meg sikker på at den prosessen er avslutta, kjennest risikabelt.

I dag tidleg var det tungt å stå opp, tungt å stå på t-banen. Eg peppa meg opp med musikk, og gjekk av på Majorstua for å gå det siste stykket til Blindern. Stoppa på kiosken for å kjøpe ein appelsinjus, kor den blide selgaren fann det for godt å herme etter dialekta mi. Framme på jobb helsa eg på instituttleiaren, som såg rett forbi meg på nokon lenger bak. Jauda, det er dagen derpå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s