Paranoid trøttleiksyndrom

Dagen i dag byrja med at eg las om Olaug Nilssens Kjøkkenbenkrealisme i Klassekampen og Morgenbladet (etter at ungane var skyssa av garde). Fekk meg til å tenkje at eg er i godt selskap med frustrasjonen min, sjølv om eg sjølv er eit litt mindre celebert selskap for Olaug Nilssen (inkarnert forfattarsuksess) og Bjarne Riiser Gundersen (morosam penn i Morgenbladet). Reflekterte litt over at eg no bloggar fordi eg er gjennom den verste perioden – mellom anna er åtte års dagleg bæsjerompetørking avslutta – og faktisk har det veldig bra, med heile to skrivedagar i veka. Men mykje vil ha meir og så bortetter.

Den blanke haustdagen har eg brukt framfor lap top’en med å skrive gjennom artikkelen om Merethe Lindstrøm ein-to-tre siste gongar. Det er vanlegvis ein takknemleg jobb kor eg haustar fruktene av alt slitet før, og endeleg ser alle elementa falle på plass. Slik også idag, men det er intenst, eg blir sliten. Og når eg blir sliten har eg ein tendens til å føle at verda går meg i mot. Det er ikkje alt det er lurt å blogge om, men eg kan vel nemne at eg har telt mannsnamn i aviser og tidsskrift. Eg saknar Kraftsentrum – det herlege litteraturtidsskriftet til Olaug Nilssen og Gunhild Øyehaug. Men eg skjønar jo kvifor dei måtte slutte – inntil vidare, i alle fall. For bæsjerompetørkinga tar vel slutt for dei også ein gong?

I morgon reiser vi til Legoland … Jay! (nay)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s