Tapet av mitt tredje bein

Det største dramaet i livet mitt så langt er at eg for omlag sju år sidan innsåg at eg ikkje lenger trudde på Gud slik eg er oppdradd til. I vår vart eg tipsa om den brasilianske forfattaren Clarice Lispector – utan samanheng med mitt nye liv som trulaus – og skaffa meg boka Lidelseshistorie på biblioteket. Eg hadde ikkje tid til å lese så langt i ho, mellom anna fordi teksten ikkje er av det slaget ein enkelt les på t-bana, men ein dag sette eg meg ned og skreiv av sitat som hadde gjort inntrykk på meg i løpet av dei 18 første sidene (sidan det var ei lånt bok kunne eg ikkje berre streke under). Det vart litt over ei A4-side med sitat. Eg anar ikkje kva boka vil vise seg å handle om når eg ein gong får lese resten av ho, men dette sitatet skildra noko eg kjende igjen, utan at eg nokon gong var i nærleiken av å setje slike ord på det:

Jeg har mistet noe som var av grunnleggende betydning, og som ikke lenger er det. Jeg har ikke lenger behov for det, det er som om jeg skulle ha mistet et tredje ben som hittil har gjort det umulig for meg å gå, men som til gjengjeld gjorde meg til et ustøtt, trebent stativ. Dette tredje benet har jeg mistet. Jeg ble på ny en person som jeg aldri har vært. Jeg fikk igjen noe som jeg aldri har hatt – bare to ben. Jeg vet at det bare er med to ben jeg er i stand til å gå. Men det unyttige fraværet av det tredje benet vekker et savn i meg, det skremmer meg, det var det som gjorde meg til en ting som var til å finne for meg selv, og det uten at jeg trengte å lete.

(Clarice Lispector: Lidelseshistorie, s. 7)

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s