Ein lang og brei samtidslitteratur

Eg har aldri vore oppteken av aktualitet. Samtida er noko som glir forbi medan eg prøvar å danne meg eit bilete av dei store konturane i landskapet, og ofte synest eg det er mest støy i dei såkalla aktualitetane, gjentakingar av meir eller mindre identiske utsegner og hendingar, ja, til og med uendeleg med prat om saker som ikkje har hendt enno, spekulasjonar om kva ein trur vil skje, eller korleis det blir dersom det skjer og ikkje det. Så har det med åra gått opp for meg at det ikkje er alt som skjer akkurat no som berre er overflatestøy, nokre hendingar er verkeleg dramatiske og endrar samfunnet vårt grunnleggjande.

Også i litteraturen har eg gått frå å vere totalt likegyldig til tidsaspektet til å skjøne at det er eit poeng å få med seg kva som rører seg i tida. Men i mange år var det biblioteket som forsynte meg med lesestoff, og eg oppfatta alt som stod i hyllene som like aktuelt. Eg såg ikkje på årstall, knapt nok på forfattarnamn og aldri på forlag. Det var berre titlane og dei første setningane som gjaldt. Det var først då eg byrja å melde bøker i avisa at eg blei kjent med mange av dei gode forfatterane i Norge som skriv akkurat no, og skjøna at litteraturen speglar det samfunnet eg er ein del av – akkurat no.

Likevel – å berre vere oppteken av det som til ei kvar tid er nytt og aktuelt, er for meg som å vere på tur i ein buss som aldri stoppar, kor passasjerane trengjer seg saman rundt sjåføren for å bli den første til sjå kva som vil dukke opp langs vegen. Det passar meg dårleg. I det litterære landskapet kjenner eg meg meir som ein katt: Eg vil vere fri til å smette litt hit og litt dit. Innimellom passar det meg å ta ein tur attende for å fordjupe meg i ei bok som gir eit anna perspektiv eller er vakker på ein ansleis og for meg ny måte – sjølv om ho kanskje er femti eller sytti år gamal.

I romanen 16.07.41 skriv Dag Solstad at “Det er min bestemte oppfatning at et dannet menneske må leve innenfor et spenn på 500 års samtid. 250 år tilbake i tid, og 250 år fram i tid.” Etter den definisjonen er eg på ingen måte eit danna menneske, og det sjølv om Solstad vedgår at “Å våge å trekke linjer 250 år framover krever en utopisk fornuft som er uhyre sjelden, ja kanskje ikke finnes hos noe menneske innen vår kulturkrets, i vår tid.” Men eg likar tanken – det er eit perspektiv eg gjerne tek inn i omgrepet samtidslitteratur.

Georg Johannesen har skrive ein stad at det ikkje finst éi samtid, men mange samtider (parafrasert etter minnet. Om nokon har referansen, blir eg glad for eit tips!) Det er ei sanning eg har kjent på kroppen som konservativ vestlandskristen jentunge, og ei sanning det er altfor lite merksemd rundt. Stadig vekk les ein i avisene ting som at “vi” i vår tid ikkje blir sjokkert av noko, at “vi” meinar og trur slik og sånn, eller – også i bøker – at det er så vanskeleg å finne meining i kvardagen fordi alt er lov og livet har blitt så lett. Vel, det gjeld kanskje mange i Norge, men langt frå alle.

For den unge meg var dei tunge, moralske, katolske dilemmaene i Graham Greenes Den dypeste grunn eller Makten og æren mykje meir aktuelle enn det meste av norsk samtidslitteratur på slutten av 80- og byrjinga av 90-talet. For meg som vaksen har Assia Djebar si skildring av oppveksten i Algerie vore meir gjenkjenneleg enn dei fleste barndomsskildringane frå Norge dei siste 20 åra (og det har ikkje vore få!)

Heldigvis er litteraturen ein stad for å bli konfrontert med det ein ikkje har erfart sjølv, og på den måten har eg lært mykje. Men gjenkjenning og perspektiv på eige liv er viktig, og det kan dukke opp på uventa stader om ein av og til hoppar av den bittelitte bussen kalt “norsk samtidslitteratur”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s