Kritisk persona

Kor mange kritikarar kan du kjenne igjen berre på formuleringsevna?

I kritikarmiljø sirkulerer det diverse normer for og diskusjonar om korleis god kritikk skal vere. Skal ei bokmelding fokusere mest på kvalitetsvurdering eller på gi ei god tematisk lesing? Må ein alltid presentere forfattarskapen, plassere boka i den litterære tradisjonen og samanlikne med bøker i samme sjanger? Må ein alltid kommentere omsetjinga av utanlandske bøker, og kor gode føresetnader har ein for å gjere det? Og så bortetter. Dei fleste av desse problemstillingane strandar uansett på det samme skjeret: Ein har ikkje plass til så mykje i ei bokmelding på mellom 2000 og 4000 teikn. Så kva val ein gjer frå melding til melding kan i praksis handle mest om kva innfall ein får under lese- og skriveprosessen.

Noko det er mindre fokus på, er korleis den einskilde kritikaren kan utvikle ei personleg stemme eller til og med ein kritisk persona (persona er latin og kan omsetjast til offentlig figur, profil eller rolle). For alle som driv med kritikk er ikkje like. Men kor store variasjonar finn vi eigentleg mellom bokmeldingane i avisene? Kor mange kritikarar kan du kjenne igjen på formuleringane, utan å sjå på signaturen? Det hadde vore interssant å ta ein “blind test” eller to!

Den mest karakteristiske kritikarstemma eg veit om i Norge for tida, er Odd W. Surén, difor er han ein av favorittane mine. Det er fleire andre som er veldig gode, men det akademiske og distanserte stilidealet pregar framleis mange. Og på det jevne kan det også bli mange floskar, kritikarar som blir “rørt til tårer”, som oppfordrar “løp og kjøp” eller “gå ikkje glipp av!”.

Som kritikar i ei norsk avis får ein ikkje mykje hjelp til å utvikle seg som skribent. Enten kan du skrive, eller så kan du ikkje, og vil du bli betre, får du ofte finne ut korleis sjølv. Eg skulle veldig gjerne hatt ein mentor, eller i det minste fått tilbakemeldingar om kva som er godt, kva som er dårleg og kva som manglar i tekstane mine. Men i mangel av det, må ein finne ut kva for skribentar ein likar best sjølv og lese dei.

“Shooting star” i norsk litteraturkritikk for tida, Bernhard Ellefsen, er breitt orientert og skriv godt, og ut frå det han deler på redaksjonsbloggen til Vagant og eigen blogg, har han tydeleg lese seg opp på god, amerikansk kritikk. Eg blir inspirert både av han og av det han vidareformidlar, og dette blogginnlegget begynte å boble då eg las følgjande sitat via eit av Ellefsens innlegg:

But the problem with book reviews is not that they reek of mediocrity, elitism, or nepotism; aren’t smart enough or are too pretentious; or are too negative or too positive. It’s that they come from a source—a human being—and we sometimes fail to take that into account.

Dette skriv Sarah Fay i ein kommentar i The Atlantic. Det ho kallar eit “problem” her, er at vi gløymer at bokmeldingar stammar frå levande menneske som både kan ha høgt varierande kompetanse, også i avisspaltene, og ulike temperament. Ho går vidare til å skildre særtrekka til kjende kritikarar frå amerikansk litteraturhistorie, og det er underhaldande og informativ lesing.

Eg byrjar å skjøne kvifor mange norske kritikarar vert dregne mot det angloamerikanse, forlokkande for meg er i alle fall tradisjonen for den litterære, personlege og retoriske kritikken, kritikk av den typen kor du blir sittande å flire av elegante fornærmingar. Det krev ein eigen type litterært talent å skrive slik, i tillegg til stor kunnskap og gode evner som nærlesar. Og igjen; ein må ha plass for å dyrke både grundig kritikk og formuleringskunst, i alle fall om det ein skriv skal gjere noko meir enn å ta utgangspunkt i den litteraturen ein går i dialog med.

Jada, eg endar i syting og klaging igjen: Eg vil ha meir oppfølging, meir spalteplass og meir pengar. Anyone?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s