Pålogga, utlada

Torsdag forrige veke reiste eg til Litteratursymposiet i Odda kor eg hadde nokre sosiale og interessante dagar i strålande sol. (Eg hadde planlagt å blogge om det, men førebels har ikkje inspirasjonen meldt seg.) Søndagen gjekk med til å vente på avreise, prate med nye kjentfolk og så heimreisa til Oslo, i ledige stunder jobba eg på stipendsøknadane til Kritikerlaget som hadde leveringsfrist dagen etter. Då jobbveka starta på mandag og søknadane endeleg var leverte, kjentes det som ein milepæl var nådd; denne gongen har eg lagt mykje arbeid i søknadane. Men om staten vil gi meg pengar, får eg ikkje vite før i mars eller april, noko som er nesten uuthaldeleg lenge å vente. Men – terningane er kasta, søknadande leverte, så no kan eg kaste meg for fullt inn i 40%-kritikarlivet …

Denne veka har det arta seg slik at eg har brukt ledige stunder, på jobb og heime, til å lese om kritikk på nett og delta (litt) i bloggdebattar. Eg merkar at bloggarlivet kan ta tid og krefter eg eigentleg ikkje har, eller i alle fall stele merksemda frå større prosjekt. For når spinnemaskina i topplokket først set i gong om eit emne eg har festa meg ved, er det ikkje berre å skru av. Då den eigentlege skrivedagen endeleg kom, idag, var det ein svært redusert kritikar som skulle trå til.

Etter å ha levert ungane på skulen, kom eg heim til eit kaotisk kjøkken og ei stove dekt av gamle og nye aviser, men styrte rett mot sofaen. Eg las ut den nye boka til Vigids Hjorth, som eg skal skrive om til neste veke. Eg grein faktisk både ein og to gongar, men eg veit ikkje enno om det var boka som var god eller eg som var dårleg. Eg makta ikkje å gjere noko meir, så i staden vart det eit bad og ein time i senga. Der låg eg og lytta til tinnitusen og hjarteslaga mine; eg hadde dratt dyna opp over øyret, og kvar gong hjartet mitt slo, rasla det ørlite i sengetøyet. Eg seig inn i varmen, men tankane ville ikkje gi seg. I staden for søvn måtte eg nøye meg med at tankane etterkvart seig saktare rundt.

Då eg endeleg kom meg opp, fekk kledd og sminka meg, var det nesten på tide å hente ungane igjen, eg rakk berre å få vekk det grøvste frå bord og kjøkkenbenkar før eg måtte gå til skulen via matbutikken og biblioteket. Eg skal ikkje klage på at eg har mykje å gjere, for det har eg ikkje, ikkje samanlikna med mange andre. Men eg lurer likevel på korleis eg skal bruke kreftene mine på best mogeleg måte, og følgje interessene mine utan at dei sluker meg heilt og tar merksemd som andre rundt meg har rettmessige krav på. For eg har ikkje hatt mykje overskot til ungane i ettermiddag, det har blitt TV og Wii, som vanleg. Samstundes blir haugane med bøker eg planlegg å lese berre høgare, eg bestiller i bunkevis frå biblioteket. Så kjem kvelden, og eg sit her og sjekkar statistikken for bloggane mine og skriv dagbok. Og kvifor det, skal tru.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s