Poesi og provinsialisme

Poesiarrangmenta ved Litteratursymposiet i Odda var interessante og underhaldande. Men den mest erfarne poeten i rommet sat blant publikum med ei heilt nyutgjeven bok i veska.

en avlagd
ort /var/ en
industrihall som står tom
som står stilla i en ström
av snabb tid ljusen
släcks
ljusen tänds
samtidigt:
upplöst/upplyst som
du gör dina circklar
runt detta utanför försöker dig

(Peter Mickwitz, 2012)

For snart to veker sidan var eg på Litteratursymposiet i Odda. Eg reiste for å møte andre deltakarar i Nordiska seminariet, ei gruppe av kritikarar og forfatterar frå dei nordiske landa som møtes til gjensidig inspirasjon og kulturutveksling (som er organisert under paraplyen til fsl: Fria seminariet i litterär kritik). Eg hadde ikkje oppdrag på festivalen, men fordi Nordiska seminariet-medlem Gro Jørstad Nilsen deltok på arrangørsida, var eg så heldig å få dekt mat og festivalpass. Eg hadde det veldig fint der, men har tenkt meg meir kritisk etterkvart når det gjeld éit aspekt ved festivalprogrammet.

Poetane Henning Bergsvåg, Erlend Nødtvedt og Tormod Haugland (sistnemde har òg skrive mykje prosa) var med på fleire arrangement i løpet av symposiet. Dei er alle gode forfatterar og veldig gode til å framføre sin eigen poesi. Å høyre opplesingane deira er inspirerande fordi dei klanglige og rytmiske elementa i poesien kjem så tydeleg fram – det vert nesten ein musikalsk oppleving, noko som også fint framhevar det humoristiske potensialet i tekstane. Eg fekk med meg to poesiopplesingar, men eg veit det var fleire.

På eit arrangement laurdag føremiddag las alle dei tre norske poetane – som også er del av same vennegjeng – eigne dikt og samtalte etterpå, saman med den for tida skandaleomsuste svenske poeten Johan Jønsson. (Klassehatdebatten i Sverige oppstod etter ei diktopplesing som skapte sterke reaksjonar. Det er ein bragd i seg sjølv for ein poet å setje dagsorden i samfunnsdebatten på den  måten!)

Johan Jönsson var ein spennande og aktuell festivaldeltakar som deltok på fleire arrangement. Klassehatdebatten skaper engasjement enno, og i tillegg kom den norske omsetjinga av den 600 sider lange diktasamlinga hans, Jfr. turnusplanen, ut medan symposiet gjekk føre seg. Jönsson har vore produktiv som poet sidan debuten i 1992. Eg har ikkje lese noko særleg av han, difor tok eg ikkje sjansen på å skrive i ingressen ovanfor at den beste og mest erfarne poeten sat i publikum. Men det er forsåvidt ikkje eit poeng her å lage ei rangert liste over poetane.

Av dei tre norske poetane var det kun Tormod Haugland som har utgitt bok i år, Straumen går. Henning Bergsvåg las dikt som har vore publisert i avis og tidsskrift i tida etter forrige – og hans fjerde – diktsamling Over elven Tweed (2010), medan Erlend Nødtvedt, som gav ut Bergens beskrivelse i fjor, valde å lese frå debutsamlinga Herudes frå 2008.

Ved sidan av meg i publikum sat altså den finlandssvenske poeten Peter Mickwitz. Han har blitt ein ven gjennom Nordiska seminariet, så det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at eg tek opp dette, men vurdér saka sjølv: Mickwitz debuterte som poet med diktsamlinga i ljuset i 1991, og har sidan utgjeve fleire diktsamlingar, essaysamlingar, diktantologiar og omsetjingar. Han har motteke fleire litterære prisar og har dei siste to tiåra – som både svensk- og finsktalande – vore ein sentral person i det litterære Finland. Og i haust er han aktuell med diktsamlinga som du gör dina circlar runt detta utanför.

Mickwitz var invitert av Gro Jørstad Nilsen til å delta i ein paneldebatt om forfattarskapen til Dag Solstad. Eg veit at Jørstad Nilsen prøvde å få det til slik at vi fekk høyre Mickwitz lese frå den nye diktsamlinga si når han først var boden til symposiet med reise og hotellutgifter dekte, men det let seg tydelegvis ikkje gjere. Eg er normalt ikkje ein forsvarar av aktualitetsprinsippet når det gjeld kva litteratur ein skal gi merksemd. Men kva grunnar kunne festivalleiinga ha til å – ved alle poesiarrangementa – prioritere Bergens-kameratane framfor den bokaktuelle og alt betalte festivaldeltakaren Mickwitz? Er det ikkje noko provinsielt ved ein slik demonstrativ mangel på interesse for aktuell nordisk poesi som ikkje blir pusha av eit norsk forlag?

Eg set stor pris på poetane frå Bergens-miljøet, og dette er ikkje meint til forkleinelse for nokon av dei. Men det kan illustrerer saka at Tormod Haugland ved eit høve fortalde meg at han hadde vore svært oppteken av poesien til Mickwitz tidleg på 90-talet, altså før Haugland sjølv hadde debutert. Han vart også svært interessert då han fekk høyre at Mickwitz var aktuell med ny bok.

Det som gjer meg flau på vegne av det litterære Norge, er at ein høgt respektert poet frå eit naboland blir invitert kun for å rose vårt eigen litterære helt, Dag Solstad, utan å få høve til å vise kven han sjølv er som forfattar. Medan dei populære og – i denne samanhengen – lokale, litterære kompisane blir fronta ved alle høve. Ein festival som vert arrangert omtrent i heimtraktene til den internasjonalt orienterte poeten Olav H. Hauge bør kunne opne opp perspektivet til å omfatte våre nærmaste naboland, spesielt når naboen troppar opp på dørstokken.

6 comments

  1. Kjære Merete! Takk for en godt forfattet kommentar. Dette virker kjempeinteressant. Og du virker absolutt å ha et viktig poeng. Jeg får i tillegg lyst til å lese denne Mickwitz. Det diktet du åpner med er jo unektelig aktuelt i sin mest åpenbare temakrets for et poesisymposium i Odda, slik jeg leser det. Takk for velfundert og fyndig utstpill. Men sukk, og akk o ve all den tid jeg ikke har brukt til å lese dikt…vel vel vel. Her er ingen tid å miste.

    Alt godt – fra Ane

    1. Takk for det, Ane! Det er uendeleg med bøker å lese, og ikkje tid til alle uansett, så … Men eg har også tenkt at eg skal lese fleire dikt. Vi snakkast!

  2. Hei Merete. Bare en liten saksopplysning: Det nasjonale perspektivet på Solstad var min idé, og har ingenting med festivalledelsen å gjøre, bortsett fra at de takket ja til arrangementet. At vi hadde med oss en av Finlands mest kjente poeter ble (tror jeg) ikke kommunisert godt nok til rette vedkommende, noe som nok skyldes tilfeldigheter snarere enn bevisst boikott fra festivalledelsens side.

    1. Hei, Gro. Eg er ikkje kritisk til Solstad-arrangmentet, og det var heller ikkje meininga å ramme deg med innlegget, noko eg håpar gjekk fram i teksten. (Hadde eigentleg tenkt å skrive litt om det arrangementet også, har berre ikkje komt så langt.) Eg synes berre det var dumt at den openberre sjansen til å bli kjent med ny poesi frå Finland ikkje vart nytta! Så er det sikkert gode grunnar til det. Eg synes uansett det er kritikkverdig, sjølv om det kanskje ikkje var meint “demonstrativt” slik eg skriv her.

  3. Nei, jeg tar det ikke personlig, men jeg vil igjen presisere at de arrangementene vi sto for var vinklet nasjonalt med hensikt, og at det ikke hadde noe med litteraturfestivalen å gjøre. Det var fordi jeg fikk inntrykk av overskriften din, samt resten av innlegget ditt, at du leste festivalen som et utslag av provinsialisme.

    1. Vel, eg kan ha ein tendens til å spissformulere … Det var ikkje meininga å uttale meg om heile sympositet, i så fall måtte eg ha sett meir på heilskapen i programmet. Men du kan vel seie at eg stiller spørsmål om kva som låg til grunn for prioriteringane. Om årsakene var kun praktiske, er det forsåvidt svar. Håper det går an å stille slike spørsmål samtidig som eg er takksam for ei god oppleving på eigne vegne!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s