Litteraturnerd

Lest for mange bøker, og altfor tidlig i livet.
(Dag Solstad, 17. roman)

I 17.roman av Dag Solstad møter vi igjen Bjørn Hansen, revisoren som i Ellevte roman bok atten gjorde trygdesvindel ved å late som han vart lam. Vi får høyre korleis han lever etter at fengselsdommen er sona, at han driv eit importfirma og økonomisk rådgjeving til kriminelle. Etter at pensjonsalderen er nådd, reiser han for å vitje sonen og bli kjend med barnbarnet og svigerdottera han har fått medan han satt i fengsel. Det går ikkje så bra. Bjørn Hansen klarer ikkje å opne seg, klarer ikkje å snakke med familien. I staden rømmer han rett før eit middagsselskap, knust av at han – i eigne auger – er sosialt mislukka.

I neste blogginnlegg skal eg refere mykje interessant som vart sagt om desse to bøkene under eit arrangement om Dag Solstads forfattarskap ved Litteratursymposiet i Odda i haust. Men akkurat no lurer eg på dette:

Er Bjørn Hansen ute av stand til å trivst i sosialt samvere med andre fordi han har ”lest for mange bøker, og altfor tidlig i livet”, slik det står i boka, eller er det kanskje omvendt; at dei av oss som synes det sosiale livet kan vere vanskeleg heller tyr til bøkene, altså i vesentleg større grad enn andre? Eg trur nok mest på det siste. Bøker er unekteleg enklare å vere saman med enn folk.

I leseprosessen kan ein “møte” folk og lære om livet utan å risikere noko. Og ein kan bruke god tid til å analysere situasjonane som vert skildra, og dermed få med seg slikt som ein kanskje ikkje ville ha skjøna i ein faktisk situasjon. Det er nokon av oss som må ha ting stava for seg … Det er kanskje drøyt å hevde at litteraturnerdar har mindre sosial intelligens, eller EQ, enn andre. Og det vert jo sagt at ein lærer mykje av å lese. Men eg trur likevel at det ein lærer ved å lese påverkar den teoretiske sosiale intelligensen meir enn den operasjonelle, om det gir meining å seie? Det same gjeld kanskje det å skrive versus det å snakke. Ta meg, til dømes, og det eg skreiv om i det forrige blogginnlegget mitt.

I ettertid har eg spurt meg kvifor eg ikkje berre spurte Gro (Jørstad Nilsen), då vi var saman i Odda, om kvifor vår felles ven Peter (Mickwitz) ikkje hadde blitt invitert til å lese frå den nye diktsamlinga si når han likevel var på Litteratursymposiet? Eg tenkte nok at det ikkje var vits i å ta opp dette når saka alt var avgjort, men grunnen var kanskje først og fremst at det verka som eit ubehageleg samtaleemne? Så – etter at eg hadde kome heimt og lese den nye diktsamlinga, ausa eg meg opp og ut – over nettet. Det var nesten som det å skrive om kva eg tenkte vart viktigare enn den vurderinga eg tidlegare hadde gjort om å la emnet ligge. I ettertid angrar eg på begge deler, det hadde vore best å ta opp spørsmålet munnleg og privat i Odda. No har blogginnlegget sjølvsagt blitt lese av så få folk at det nesten er for ein ”privat” samtalesituasjon å rekne … men prinispielt er i alle fall blogging offentleg.

Også tidlegare har eg gjort liknande dårlege vurderingar fordi eg ikkje har klart å forutsjå andres reaksjonar. Slik sett er blogg eit farleg medium. Likevel har eg denne trangen til å skrive om ting – ikkje berre skrive alt eg tenkjer, men til å jobbe med å finne formuleringane og strukturere ein tekst til eg er nøgd med det som står der. Det må vere noko i den prosessen eg treng, kanskje for å gjere det klarare for meg sjølv kva eg tenkjer.

Fra den siste boka til Vigids Hjorth, Leve posthornet!:

Spranget fra skrik til skrift, skrev jeg. Å oppnå i språket det som ikke kan oppnås i livet, skrev jeg …

Det er noko med det. Å skrive, eller lese, opnar mogelegheiter som berre fins i hovudet og på papiret (eller skjermen). Livet elles er meir tungrodd, for å seie det forsiktig. Og då kan det vere litt for freistande å ta tilflukt i det skrivne ordet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s