Norden les Solstad

Her er eit kort referat av paneldebatten om Dag Solstad som vart arrangert i samarbeid mellom Nordiska seminariet og Litteratursymposiet i Odda 12. oktober i haust. (Referatet er nok langt frå utfyllande, og truleg prega av kva eg personleg syntes var mest interessant. Andre som var til stades må gjerne supplere!) Deltakarane var poet Peter Micwitz frå Finland, kritikar Mai Misfeldt frå Danmark, forfattar og kritikar Tor Eystein Øverås frå Norge og Dag Solstad sjølv. Ordstyrar var Gro Jørstad Nilsen, som òg var arrangør. Micwitz, Misfeldt og Øverås hadde fått i oppdrag å lese og seie noko om Ellevte roman bok atten og 17. roman.

Peter Mickwitz fokuserte i sitt innlegg på avbrot og oppbrot i dei to romanane. Ellevte roman bok atten startar med at Bjørn Hansens bryt ut av kjernefamilien for å flytte inn hos Turid Lammerts. Seinare bryt han ut av relasjonen med henne også, men Mickwitz påpeiar av sjølve brotet med henne ikkje vert skildra. I staden gjer Solstad eit poeng av å ikkje skildre dei to åra det tok frå Bjørn Hansen bestemde seg for at han ikkje lenger ville leve med Turid Lammerts til brotet faktisk skjedde. Mickwitz kalte dette  ”avbrotets poetikk”, og meinte å sjå at hopp, avbrot og mellomrom går igjen i komposisjonen av både Ellevte roman bok atten og 17. roman.

Som eksempel nemde han at forfattaren i 17. roman gjer eit poeng av mellomrommet mellom bokstavane på skiltet til optikarbutikken Bjørn Hansens son driv. Bjørn Hansen ser også sonesonen sin berre på avstand, flygande over han i lufta i ei hangglider-scene Mickwitz framheva som eit høgdepunkt i 17. roman. Bjørn Hansens sviktande minne for detaljar frå livet hans før fengselsopphaldet las Mickwitz også som uttrykk for ein medviten avbrots-estetikk; Bjørn Hansen markerar at at det er eit definitivt avbrot mellom hans gamle liv og det livet han lever etter fengselsopphaldet. Mickwitz kalte dei to romanane for ”siffer-romanar”, og antyda at det finst mønster i kor mange år det går mellom dei periodane i livet til Bjørn Hansen som vert skildra.

Mai Misfeldt spurde i sitt innlegg: Kven er Bjørn Hansen? Ho hevda at han berre er ei førestelling av ein mann; det er lite informasjon å finne om kven han er som person. Det ser også ut til å vere få menneske som verkeleg har rørt ved Bjørn Hansen. Det einaste dømet ho kunne finne var minnet Bjørn Hansen hadde om den gongen den vesle sonen hans rykte i handa hans fordi han vart redd for ein hund.

Misfeldt beskreiv Ellevte roman bok atten og 17. roman som monologiske forteljingar gjort i ”selviakttagelsens ånd” og Bjørn Hansen som ein tekntydar, fråkopla frå verda og stadig forført av sine eigne førestellingar og illusjonar, mellom anna om kvinner og om den ”fridomen” han trudde han ville finne i livet som ufør. Misfeldt hevda at Bjørn Hansen liknar på hovudpersonen i Marcel Prousts På spor av den tapte tid og at Solstad skreiv seg inn i ein reint mannleg europeisk litterær tradisjon. Bjørn Hansens son vert som vaksen skildra som ein som berre er oppteken av overflata. Bjørn Hansen ser lenger, men er handlingslamma, han klarer ikkje å oppnå kontakt med menneska rundt seg.

Tor Eystein Øverås skildra Ellevte roman bok atten som ein stram, scenisk oppbygd roman med ei klar form for gåtefullheit. Romanen skildrar ein far som ikkje likar sin eigen son. Tematisk såg Øverås ein tråd tilbake til Solstads novelledebut Spiraler frå 1965. I novella Invaliden vert menneska skildra som trugande, medan bøkene og senga er dei faste haldepunkta i tilveret for hovudpersonen. I Ellevte roman bok atten ønskar Bjørn Hansen å gjere rullestolen til sitt faste punkt.

I 17. roman kan det verke som bøkene har blitt Bjørn Hansens nærmaste pårørande, og han lukkast ikkje med å etablere nye familiære band. På 90-tallet skildra Solstad mangel på kontakt mellom fedre og søner, og dette ser vi også i 17. roman. Livsmeininga for hovudpersonen er ikkje i dei nære relasjonane, men i dei store spørsmåla om livet – i bøkene. I avslutninga av romanen er det ikkje Bjørn og sonen, men Bjørn og Søren (Kierkegaard). Han misser relasjonane, men bevarer bøkene: ”Gudsjelov var det ikke omvendt.”

Gro Jørstad Nilsen spurde Dag Solstad om han ser nasjonale forskjellar i korleis bøkene hans har vorte mottekne i dei nordiske landa. Solstad svarte at forskjellane går på tvers av landegrensene, men at den norske resepsjonen sette han inn i ein norsk tradisjon. Elles meinte han at den norske kritikken då han debuterte var kunnskapslaus om den europeiske litterære tradisjonen. Solstad fortalde at han som ung beundra svenske forfatterar, som han syntes var på eit mykje høgare nivå enn dei norske. Jørstad Nilsen ville vite korleis Ellevte roman bok atten og 17. roman hadde blitt vurdert i dei andre nordiske landa. Solstad sa at mottakinga stort sett hadde vore god, men at det var fleire i Danmark som ikkje likte Ellevte roman bok atten. Kanskje fordi boka var forut for si tid? Elles sa Solstad at han har vore plaga av at det har blitt lagt så stor vekt på bøkene hans som humoristiske. Han sa at han i skriveprosessen ikkje interesserer seg for å skildre dei rasjonelle handlingane og vala, og at han i romanar kan ”si det som det er”. Vidare at han helst vil skrive presise bøker, men at han som lesar likar å lese lange, omstendelege bøker.

Da Solstad vart beden om å kommentere lesingane paneldeltakarane hadde gjort av romanane hans, sa han at han ikkje var i stand til å sjå kva stod i eigne bøker, at han då berre hugsar intensjonane han hadde då han skreiv dei.

4 comments

  1. Fint referat, og jeg er enig med Petsky i at barnehanggliderscenen i 17. roman er noe av det beste og merkeligste jeg har lest i noen roman. Solstad leste denne scenen høyt nede i kjelleren på Odda biblioteket og det var magisk og uhyggelig,som å være vitne til et slags marerittaktig drømmescene, utrolig visuell og helt bemerkelseverdig presis med dette stupet de sitter på med campingstoler og kjølebager, der folk konverserer “nesten” som de var på en helt vanlig tur.

  2. Ja, den opplesinga skulle eg visst ha fått med meg. Det var elles ein veldig fin debatt som gav interessante perspektiv på bøkene. Den einaste ubehagelege konsekvensen er kjensla av å ha litt for mykje Bjørn Hansen i meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s