Fagleg intuisjon og sjølvrefleksjon

Onsdag 14. november var eg på Kulturrådets årskonferanse. Tema var ”Etter beste skjønn”, og vart konkretisert (men neppe presisert) i spørsmålet ”Hvilke meninger, verdier, normer og kunnskaper påvirker våre vurderinger?” Det korte svaret på dette er sjølvsagt ”Alle.”

Dette var ein konferanse retta mot byråkratar og kulturarbeidarar, og mykje av dagen kunne det verke som ein med ”våre vurderinger” rett og slett refererte til dei som sit i ulike råd  og utval i Kulturrådet og forvaltar dei statlege midla. Prinsippet ”på armlengdes avstand” viser til idealet om eit operasjonelt skille mellom kunstfaglege vurderingar og politiske vurderingar, eit skille som aldri er absolutt, men som kan bli praktisert ulikt. Den raudgrøne regjeringa har gått lengre enn tidlegare regjeringar i å gje politiske føringar i tildelingsbreva som har følgt dei stadig større bevilgningane til Kulturrådet. Ulike synspunkt på legitimiteten i slik styring prega fleire av innslaga. Konferansen var eigentleg mindre interssant enn eg hadde trudd på førehand, gitt at tolkinga av temaet for dagen dels var retta spesifikt mot den byråkratiske kvardagen, medan dei meir teoretiske tilnæringane heldt seg på eit ganske grunnleggjande nivå. Men det var likevel to emner som fenga meg i løpet av dagen.

Det eine kom fram i debatten om skjønnsvurdering mellom psykologiprofessor Siri Gullestad, advokat (og forfattar) Cathrine Grøndal og TV2-journalist Kadafi Zaman, som tok utgangspunkt i rettsprosessen etter 22. juli. Tom Egil Hverven formidla nokre interessante poeng frå debatten i leiaren i Bokmagasinet 17. november. Som Hverven festa eg meg ved det Siri Gullstad sa om intuisjon i skjønnsvurdering, men spesielt ved det både ho og Cathrine Grøndal understreka; at ein ikkje kan skille bruk av skjønn frå faglege vurderingar. Ifølgje Gullestad er intuisjon hos ein fagperson nedbrytbar til mønstergjenkjenning, ei evne som vert øvd opp gjennom erfaring. Intuisjonen kan difor tilbakeførast til ulike former for sanseinntrykk. Men observasjonar skjer aldri utan tolking, dei skjer alltid gjennom faglege briller.

Eg merka meg spesielt ved dette fordi det gav meg meir kjøtt på eit bein eg snappa opp ved Kritikerlagets haustkonferanse i 2011. Gro Dahle skilte der mellom to måtar ein kritikar kan nærme seg ein tekst på: Analytisk eller intuitivt. Forskjellen handlar hovudsakleg om rekkefølgjen. Ein intuitiv lesar reagerer først på teksten, og går så til analysen for å forstå og argumentere for sin eigen reaksjon. Det var greit å bli medviten at det er slik eg sjølv fungerar som kritikar, og det er nok slik at eg merka meg ved Gullestads utsegner om dette fordi dei styrka tilliten til at det også er ein fagleg god måte å jobbe på.

Gullestad poengterte imidertid at det er viktig å erkjenne at eigne observasjonar er prega av fortolking, og mangelen på slik erkjenning meinte ho var den største feilen ved den første sakkyndigvurderinga av 22.juli-gjerningsmannen. Ein må motstå freistinga til å konkludere tidleg i ein vurderingsprosess, for å unngå å tolke vidare observasjonar i tråd med si eiga, tidlege vurdering. Dette krever evne til å tolerere tvetydigheit, slik at ein stadig er open for nye moment som ikkje stemmer med det mønsteret ein hittil har observert, og som kan endre konklusjonen. Ei skjønnsvurdering er difor ei dobbel rørsle, ei utveksling mellom intuisjon og akademisk vurdering.

Eit ekstra interessant poeng var at affekt og intuisjon, basert på erfaring, er uvurderlig når det gjeld å fange opp om det er noko ein kunne forvente å observere, men som manglar. Det er altså ikkje berre nok å vurdere det ein observerer, helst skal også det ein ikkje observerar spele inn på den totale vurderinga. Alt dette vart sjølvsagt sagt med referanse til psykiatriske utgreiingar, men var i konteksten meint som eit utgangspunkt for diskusjon om skjønnsvurderingar også på det estetiske feltet.

Det andre eg merka meg ved, var eit tema som dukka opp, ikkje som ein hovudsak, men ad notam i fleire av programpostane; nemleg trenden mot vektlegginga av fellesskap, tillit og kjærleik i tette kunstnarkollektiv i staden for vurdering av estetisk kvalitet skapt av den individuelle, originale kunstnaren. Temaet dukka opp både i den kunstnarlege åpninga ved Parallellaksjonen, i føredraget til Carolyn Christov-Bakargiev, kunstnarleg leiar for dOCUMENTA (13), og (såvidt) i føredraget til Robert Palmer, nyleg avgått direktør for Direktoratet for demokratisk styresett, kultur og mangfold ved Europarådet.

Det som interesserer meg ved dette, er dei potensielle konsekvensane for estetiske vurderingar når kravet om uavhengig skjønn møter miljø kor fellesskap er den høgste verdien.

Gullestad hevda i den refererte debatten at ein i faglege vurderingar skal vere særs merksame på korleis gruppedynamikk kan påverke ein. Ho åtvara mot at vurderingar som vert gjort i fellesskap, og ikkje i møte mellom uavhengige fagpersonar, står i fare for å bli meir påverka av intern gruppedynamikk enn av dei fakta ein skal vurdere på grunnlag av. Vi er sosiale vesen som ofte er redde for usemje, understreka ho. På spørsmål frå ordstyraren vedgjekk ho at semje har verdi, men berre om det er grunna på diskusjon mellom uavhengige bedømmingar.

Kunstproduksjon i kunstnarkollektiv er sjølvsagt noko heilt anna enn fagleg (psykiatrisk) skjønnsvurdering, men kva når kunstnarmiljø og kritikarmiljø er tett samanvevde? Håpar det fungerar som ”cliff hanger”! For sidan denne teksten alt har blitt lang og kvelden sein, må eg komme attende til dette ein av dei nærmaste dagane.

4 comments

  1. Det er interessant dette med fellesskap, samarbeid (og kjærlighet?), som viktige verdier, som man ikke lenger skal stille spørsmål ved. Fløgstad sa noe klokt om det i Dagbladet i helga, bare i en bisetning, som jeg hengte meg opp i. Det gjaldt måten manuser i våre dager blir utarbeidet på, i et samarbeid mellom forfatter og forlag (med tungt innslag av redaktørkollektiv og eksterne konsulenter) Fløgstad sa det kunne påvirke bøkene i at de ble veldig konsensus-orienterte, (noe slikt), i motsetning til hvordan han selv arbeidet, individuelt – til boka var ferdig. Jeg tror Fløgstad har et poeng, at bøkene blir mer pregløse, likere hverandre og “tammere”- men selvsagt også “penere” når konsensus blir idealet. Love, peace & boredom:)

  2. He-he. No fins det mange typar fellesskap, og nokre bidreg heilt sikkert til einsretting. Men ein kan jo tenke seg at kunstnarkollektiv kan ha den motsette effekten, at ein utviklar noko nytt saman, som t.dømes Dogme-filmane i Danmark? Når det gjeld forlag, er det jo ein ganske uklar overgang mellom “godt” og “salgbar”, vil eg tru, og sånn har det sikkert alltid vore? Eg skal så snart eg får tid skrive ut det eg noterte ang. dette frå konferansen. Spennande om det er ein større trend på gang her som vil kunne påverke kritikken også.

    1. Når det gjelder forlag så er min erfaring som skrivende menneske, at det er en viss blindhet/manglende evne/manglende forståelse for den viktige forskjellen mellom å være deskriptiv og å være normativ. Det vil si at det ikke bare er flytende overgang mellom “god” og “salgbar”, men at det faktisk brukes normative begreper om hva som er “god” litteratur. Det er jo en fordom som i neste omgang klassifiserer alt som av ulike årsaker ikke passer inn i normen som avvikende litteratur. Jeg tror estetiske kategorier (god-dårlig) alt for ofte maskerer at det egentlig handler om norm – avvik, dessverre.

  3. Ja, eg trur også at forlaga kan vere til hinder for nye måtar å skrive på. Det med å vurdere estetisk det nye, som sprengjer kategoriane og normene, var Parallell aksjon inne på i sitt innslag på onsdag. I slike tilfeller vil bruk av skjønn ikkje berre kunne handle om mønstergjenkjenning, men også om eit mønster har blitt så dominerande og rigid at det er godt å sjå det sprengt … Uklare tankar i full fart frå meg her, men vil komme attende til det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s