Livet på kjøkkenet

Endeleg kom eg i gong med å lese den Bragepris-nominerte diktsamlinga til Kjartan Hatløy, og så glad eg er for at eg gjorde det! Eit døme på kvifor:

_

Den vesle raude skya stoggar over tekokaren

den er i stål og svart og ein pyramide å sjå til

djupt inne i den: fullvaksen glede frå alle menneska som har levd, glede   som fangar inn, som rir all smerte som har funnest

kokar all fortid, kvar gong den vert slått på

_

(Kjartan Hatløy: Kjøkkendikt, 2012)

_

Det er lenge sidan eg har meldt diktsamlingar i avisa, og dette er heller ikkje meint som ei bokmelding. Men når eg først har lese desse dikta, fekk eg lyst til å skrive litt om dei. For dei gav meg ei slik god ro, ei lun kjøkkenstund i eit kjøkken eg aldri har vore i.

Dette er kvardagsmagi slik vi alle kan oppleve han; eit varmt blikk på alle tinga som skaper eit kjøkken og på livet som vert levd der; alle måltida ein førebur, et eller vaskar opp etter medan lyset utanfrå glid over inventaret og kjøleskapet innimellom brummar i kroken sin. Den raude komfyren, tekokaren, skjerefjøla med  knivspor, eit nybakt brød og utsikta frå kjøkkenvindauget; alle desse tinga som skaper det lunaste rommet i huset; “her inne er tryggheita mektig”.

Midt i dette går det rundt, som ein ting blant alle andre på kjøkkenet. Eg synes ikkje det er så mystisk, eg tolkar det som det menneskelege medvitet, ein ting blant tinga, men likevel i sentrum, det som ser og opplever livet sitt, minna og naturfenomena der mellom kjøkkenmøblar og kjørel. Men som likevel ikkje er meir heime enn tinga, for nokre av dei var til før det og skal vere der lenger, og det kjøkkenet er fylt med er også “alt som held det i live”.

Det er tydeleg eit kjøkken med historie i veggane, dette, ikkje berre om eit heilt liv, men om mange liv. Det er i nokre dikt kanskje eit minne frå ein barndom: “Då vesle det ei byrjande juninatt …”. Andre gonger kjem dei døde foreldra på vitjing i kjøkkenet: “minna om dei er på ferde kring kaffilaginga”. Og ikkje minst vitnar tinga om slekta som har levd i kjøkkenet før: “Tallerkenen bestemor eigde / Arabia Suomi, flat med ei raud rand ytst”.

Gjennom diktsamlinga svevar “den vesle raude skya”. Skya kan vere så mangt, men for meg vart ho etterkvart til ein flekk av gyllent sollys, for kjøkkenet vert stadig lyst opp av sola som går opp eller ned, og fargane lyser klare i dikta, det er gult og raudt, himmelblå og eplegrønt, lysebrunt, lyseblått og gulraudt. Og det er på kjøkkenet sitt nesten like mykje i kontakt med alt utanfor vindauget som med tinga i rommet, det er havet og dei høge granene på bakketoppen i vest, det er katten ved løa og gullaktige kveldsskyer, eit grått lasteskip og tre sandsvaler som brått kjem inn gjennom vindauet. Den konkrete tilnærminga minner meg om dikta til Olav H. Hauge, så er no det sagt, også.

Eg kjenner at eg får lyst til å sjå dette kjøkkenet, det rommet der diktaren sikkert framleis sit i fleire gongar om dagen og ser ut av vindauget. Samstundes veit eg at å sjå det ikkje vil vise meg det han ser. Noko av det eg likar så godt med Kjøkkendikt er at dei skildrar korleis eg òg av og til ser tinga rundt meg, og romma eg hugsar frå barndommen: Det er det konkrete inntrykket i ei unik stund, måten lyset fell på eit interiør lada med personlege minner og skaper ein heilskap av fargar, former og vinklar; eit bilete og ei stemning som eg aldri vil oppleve akkurat slik igjen, men som eg kan bevare eit minne om. Det er berre å vere til stades, så får vi slike augneblinkar heile tida, nokre betre enn andre. Her er eit dikt som skildrar ei slik unik stund:

_

Ei stille ingen ord vågar seg ut i

men ein spiss liten trekant av sollys

veks sakte

ytst på det vesle kvite bordet. Skal den nå brødet?

det nybaka brødet har varme sjølv enno

ligg

kor godt det luktar! og sender gult lys frå det svarte trauet

_

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s