Tanken som stangar mot panna

Mitt svakaste, men potensielt også mest produktive punkt, er at eg så gjerne vil vere intelligent. Eg beundrar grenselaust alle som er fødde med eit stort talent av noko slag, og då først og fremst talent knytt til høg IQ. Men kvar gong eg sit og strevar med å formulere noko om ei bok eg har lese, stangar eg mot grensene for mine eigne evner.

Setningane hos dei beste kritikarane, som tilsynelatande så leikande lett oppsummerer og karakteriserer ei bok, eller som effektivt set ho inn i litteraturhistorisk samanheng, rekkjene med oppfinnsame adjektivkonstruksjonar spesielt angloamerikanske kritikarar ser ut til å ha ubegrensa tilgang til (kanskje fordi det engelske språket er eit rikare språk enn norsk?); enten har dei jobba i dagar og veker for å få det til, eller så har dei eit språkgen eg manglar. Spesielt i møte med den verkeleg gode litteraturen vert det påfallande: Eg sit framfor datamaskina og pressar meg til det ytterste for å klare å komme på noko anna å skrive enn “nydeleg”, “vakkert”, “originalt”, “imponerande” og “strålande”. Det har etterkvart blitt utelukka å bruke fraser som “om du berre skal lese ei bok i haust …”, såpass med yrkesstoltheit unner eg meg.

Av og til skulle eg ønskje eg kunne skrive engelsk: kor er det norske ordet for “intriguing” eller “opaque”, til dømes? Men mest av alt er det nok fantasien det står på, og vokabularet, kunnskapen og farta i nevrotransmittarane.

Den kjensla, av å leite og leite etter dei gode formuleringane som samstundes skal fortelje meg sjølv kva eg tenkjer om det eg har lese, korleis eg skal ende med å tolke og vurdere, og så skulle forme spredte kjensler og tankar til ein estetisk lesverdig og logisk koherent tekst – nokre gongar kjennest det som å prøve å utvikle nye nervebaner berre ved hjelp av viljen.

Clarice Lispector har nokre formuleringar som for meg skildrar dette, i romanen Lidelseshistorie, som eg også tidlegare har sitert. Eg lo då eg las det, på grunn av gjenkjenninga, og kanskje også på grunn av opninga mot at det kan ha ein verdi å famle rundt i sitt eige uvett. Gløymsla, løyndommen og alt eg ikkje får sagt, det må finnast det også. Noko under, slik Merethe Lindstrøm skriv om i romanen Barnejegeren og Ida Hegazi Høyer i romanen Under verden. Det var den siste som utløyste dette innlegget fordi eg strevar med å formulere meg godt nok om henne. Difor tar eg ein kvil i desse sitata av Lispector:

“Men jeg er uforberedt på å forstå. Før, hver gang jeg forsøkte, gav mine begrensninger meg et fysisk ubehag, i meg er det slik at enhver ansats til tanke straks stanger mot pannen. Jeg ble tidlig nødt til å erkjenne, uten beklagelse, at min ringe forstand satte hindringer i veien for meg, og jeg snudde da og gikk tilbake.”

“Det som ennå kunne redde meg, måtte være om jeg gav meg uvitenheten i vold, det kunne være en mulighet. For samtidig som jeg kjemper for å få vite, er min nye uvitenhet, som er det samme som glemselen, blitt til noe hellig. Jeg er en vestalinne som vokter en hemmelighet, men jeg vet ikke lenger hva den var.”

Clarice Lispector, Lidelseshistorie, Gyldendal 1989

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s