Litteratur som kunstform med eigeninteresser

Frykta for elitisme kan skygge for det faktumet at litteratur som kunstform er noko anna enn litteratur som underhaldning. Den norske Forfatterforening må stå fritt til å ta opp medlemmar i tråd med kva for interesser dei vil fremje.

Denne veka blussa debatten om opptakskritieria til Den norske Forfatterforening (DnF) opp igjen, fordi forfattarar som skriv såkalla kiosklitteratur, vert nekta medlemskap. I vedtektene til DnF står det at dei som har utgjeve  ”verker av litterær verdi” kan bli medlemmar. At DnF  har valgt å definere ”litterære verdi” slik at dei populære bøkene til Frid Ingulstad ikkje er inkluderte, oppfattar mange som elitisme og intellektuelt snobberi.

Som litteraturkritikar meinar eg sjølvsagt at det er mogeleg å vurdere litterær verdi etter faglege kriterier. Men det er ikkje i seg sjølv eit argument for å halde til dømes Frid Ingulstad utanfor DnF, for kvalitetskrava må tene eit anna føremål enn å lage ein eksklusiv klubb. I staden vil eg på generelt grunnlag hevde at omsynet til den målsetjinga ein organisasjon som DnF jobbar mot, må vere styrande for kven dei tek opp som medlemmar. Og både målsetjingane og medlemsopptaket som vert gjort i tråd med desse, må ein interesseorganisasjon sjølvsagt stå fritt til å definere sjølv. Sjølv om det skulle aktiverer den norske frykten for eliter.

No er ikkje vedtektene til DnF spesielt tydelege på kva slags litteratur dei ønskar å fremje, eller kva dei ser for seg at litteratur kan bety for samfunnet vårt. Alt heng på omgrepet ”litterær verdi”, utan at vedtektene definerer kva slik verdi består i. Imidlertid har Det litterære råd ei rekkje kvalitetskriterier som dei vurderar dei litterære verka til medlemssøkjande forfattarar etter. Mellom desse finn ein til dømes god språkføring, originalitet, komposisjon, sjangermedvit, intertekstualitet, aktualitet og kognitiv verdi. Kort sagt: Litteratur som kunstform med språket som verktøy.

For meg verkar det klargjerande å spørje: Kan forfattarar av kiosklitteratur reknast som kunstnarar? Og kan gode sakprosaforfattarar, som tidlegare også har ønskt å bli opptekne i DnF, bli rekna som kunstnarar? Kanskje er ikkje svara gitt ein gong for alle. Men om vi går ut frå at DnF jobbar for å betre vilkåra for forfattaren som kunstnar, og for å verne og fremje norsk litteratur som kunstform, vert det enklare å skjøne at ikkje alle forteljingar skrivne etter velbrukte oppskrifter er kunst, på samme måtar som ikkje alle tv-seriar eller fotografi er kunst (medan andre tv-seriar eller fotografi absolutt har kunstarleg verdi).

Eg er altså i utgangspunktet ein tilhengjar av eliter, i den forstand at eit samfunn treng flinke folk som kan dyrke spisskompetansen sin og kjempe for ressursar til sitt felt, noko som på sikt kan kome resten av samfunnet til gode.

Men når det er sagt: I debatten om opptaket til DnF har eg sett ei førestelling om at kven ein vert assosiert med, kan auke eller minske eigen prestisje, og dermed også gjennomslagskrafta i samfunnet. Og vi skal ikkje sjå langt før det vert tydeleg at ”basking in reflected glory”, som det heiter i psykologien, er ein populær sport. Men er det også slik at dei med høg presisje kan tape denne ved å omgås folk med lav prestisje, og det i ein slik grad at det veg tyngre enn føremona ved å vere mange? Så lenge vi ikkje snakkar om kontakt med ekstreme eller kriminelle miljø, kan eg ikkje tenkje meg det. Men når ein slik tankegang blir styrande for sosial omgang, vil han etterkvart bli ein sjølvoppfyllande profeti.

Konkurransen om å skaffe seg dei rette statusindikatorane, inkludert tilgang til prestisjefulle miljø, er noko av baksida av eit samfunn med stor sosial mobilitet. Om eliter lar seg beruse av sin eigen sosiale status og blir for ”fine” til å kommunisere med andre delar av samfunnet, endar dei i snobberiet.

For kulturlivet som har mykje av eksistensen sin tufta på offentlege pengar, med grunngjevinga at kunst og kultur er viktig for samfunnet og bør komme alle til gode, er slike haldningar ikkje berre usympatiske, men direkte kontraproduktive. Når det gjeld profesjonelle samanhengar, om ein til dømes er forfattar, kritikar, redaktør, forleggjar, forskar eller ein type kulturarbeidar i det offentlege, bør ein difor sjå det som ein del av samfunnskontrakten å delta i den offentlege samtalen på ein inkluderande måte. Men samtale er ein ting, organisasjonsretten ein annan.

DnF kjem nok i kategorien av sosiale samanhengar det er stas å vere med i. Det er mogeleg eg er naiv, men eg trur likevel ikkje at omsynet til prestisjen har vore avgjerande når DnF har valgt å halde på opptakskrava sine. Med dei økonomiske vilkåra forfattarar flest har idag, trur eg dei gjerne hadde inkludert fleire i organisasjonen om dei trudde det ville tene saka deira. Men litteraturen er ei kunstform med eigeninteresser og ei potensiell rolle i samfunnet som det ikkje er gitt at underhaldningslitteraturen deler.

Ein redigert versjon av innlegget  har tidlegare vore publisert på nrk.no/ytring.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s