Fordelen med krig

Å jobbe mot eit samfunn prega av likeverd er det einaste som kan hindre utvikling av valdeleg ekstremisme.

Medan debatten går mellom Christian Tybring-Gjedde, kulturminister Hadia Tajik, Jon Hustad, Sveinung Rotevatn,  Arshad M. Ali og mange andre om den påståtte framandkulturelle trugselen mot norsk identitet, les eg boka Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle av Richard Wilkinson og Kate Pickett. Den originale tittelen var The Spirit Level. Why Equality is Better for Everyone. Idiomet “spirit level” betyr rett og slett “vater” og spelar på omgrepet “public spirit”, altså det å vere orientert mot samfunnsfellesskapen, samt på dei mange grafane som illustrerer statistikken i teksten.

Boka, som kom ut i Storbritannia i 2009, gir eit samla bilete av forskning som er gjort dei siste 30 åra på samanhengen mellom økonomiske ulikskapar og diverse sosiale problem i verdas rike land. Kort sagt er bodskapen i boka at “nesten alt – fra forventet levealder til mental helse, fra vold til fedme – påvirkes av et samfunns økonomiske likhetsgrad, ikke dets rikdom” (sitat frå baksideteksten.) Årsaka er at det psykiske stresset som stammar frå opplevinga av å ha låg sosial status påverkar menneske negativt på mange måtar, slik at til dømes mental sjukdom, kriminell åtferd og dårleg kosthald vert å rekne som symptom snarare enn årsaker i seg sjølv til sosiale problem.

Konklusjonane er vanskelege å argumentere mot sjølv for dei mest ihuga tilhengjarane av markedsliberalisme fordi dei er basert på statistikk  frå kjelder som FN, WHO, Verdensbanken, OECD og forskning publisert i seriøse vitskapelege tidsskrift innan felt som medisin, psykiatri og samfunnsforskning. Forfattarane forska i utgangspunktet på epidemiologi (def. fra Wikipedia: “læren om befolkningshelse, sykdommers forløp, årsak og konsekvens, utbredelse og demografi”) og ville kartlegge årsakane til store forskjellar i levealder mellom ulike sosiale lag. I staden oppdaga dei eit mønster dei ikkje kunne oversjå; at ikkje berre forventa levalder, men også ei rekkje andre sosiale problem, som rusmisbruk, graviditet blant tenåringar og kriminalitet også såg ut til å henge saman med graden av økonomisk ulikskap.

Eit av det mest tankjevekkjande faktum eg har lese om så langt i boka, er at livet for mange faktisk var betre under 1. og 2. verdskrig enn i tida før og etter, i alle fall er det dokumentert i Storbritannia: “Under verdenskrigene økte den forventede levealderen med 6 og 7 år for henholdsvis menn og kvinner, mens økningen før og etter krigene bare var 1 og 4 år” (s. 111). Og dette altså trass i alle som vart drepne i ung alder i løpet av dei to verdskrigane. Årsakane skal vere full sysselsetjing og sterkt reduserte inntektsforskjellar, det siste som resultat av ein medviten politikk frå myndigheitene for å skape samarbeidsvilje i folket. Den relative fattigdomen vart halvert. “Følelsen av fellesskap og sosial samhørighet resulterte ikke bare i bedre helse – kriminaliteten gikk også ned” (ibid).

Det er jo kjent at krig mot ein ytre fiende skaper samhald internt i ei gruppe. Når ein held denne kunnskapen saman med kunnskapen om at ein trussel mot det sosiale sjølvbildet kan få mange til å opptre både meir valdeleg (jamfør statistikk i boka om kriminalitet) og sjølvdestruktivt (jamfør statistikk om kriminalitet, dårleg kosthald og rusmisbruk) set det den auka politiske valden og ekstremismen vi ser i Europa i dag i eit spesielt lys.

Når til dømes islamistfiendtlige rørsler og terroristen Behring Breivik oppfordrar til “krig” mot framandkulturelle og dei som fremjer mulitikulturalisme, er det nærliggjande å tenkje seg at dei er tiltrekte av eit krigsscenario fordi dei opplever sin eigen sosiale status som dårleg, og medvite eller umedvite ønskar seg ein situasjon der ein ytre fiende gjer dei sjølv til viktige personar i ei gruppe med sterkt indre samhald. Det verste er at for mange menneske vil ein slik kampsituasjon faktisk forbetre livet – jamfør det Wilkinson og Pickett skriv om levekåra i Storbritannia under krigen. Men vi veit jo at ei gjennomsnittleg forbetring for mange i løpet av ein krig kostar i form av liding og død for utsette grupper.

Men om psykisk stress som følgje av låg sosial status og låg sjølvkjensle er grobotnen for både valdelege høgreekstreme og valdelege islamistar, og kanskje også framandfrykt meir generelt, er det lite truleg at sakleg argumentasjon – og endå mindre latterleggjering – er det som skal til for å bekjempe farlege politiske haldingar. Om Wilkinson og Pickett har rett, er eit samfunn prega av likeverd mellom menneska det einaste som kan motverke sosial uro. Og i ei pragmatisk verd er slikt likeverd til sjuande og sist tufta på ei mest mogeleg lik fordeling av kapital – økonomisk, kulturell og sosial kapital.

Monokultur er ikkje svaret på samfunnsproblema i eit Europa i økonomisk ubalanse, og er heller ikkje eit realistisk alternativ i verda i dag. Eit inkluderande samfunn der god sjølvkjensle er oppnåeleg for alle ser ut til å vere det som må til. Jobben med å finne den realpolitiske vegen dit er diverre mykje meir krevjande enn sporadiske verbale angrep på meiningsmotstandarar. Sjølvsagt kan vi ikkje la ekstreme ytringar basert på grove forenklingar av verda stå uimotsagte, men å møte andre med forakt og latterleggjering kan såvidt eg skjønar berre gjere vondt verre.

Kjelde og sterkt anbefalt lesestoff: Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle. (Res Publika, 2012)

Eller les meir om dette på nettsida Equality Trust som forfattarane Wilkinson og Pickett har oppretta.

Tilrår også å lese Frode Helmich Pedersens gode artikkel “Fordi du fortjener det” om Ulikhetens pris og om at aksepten av aukande ulikskap er misforstått liberalisme. Sitat: “De økende forskjellene mellom fattig og rik er dårlig nytt for alle, også de rike. Det er på tide at selverklærte liberalister forstår at frihet ikke har noe med retten til å tjene seg styrtrik å gjøre.” 

3 comments

  1. takk for bra lesetips. Jeg har også lest sakprosa nylig, nemlig Agora sitt siste temanummer om Slavoj Zizek. Det er veldig bra nummer som presenterer og diskuterer ulike sider av Zizeks filosofiske forfatterskap, deriblant hans analyse av nyliberalismen og dens tette forbindelse med kapitalismen. Anbefales.

  2. Sjølv takk! Så mykje å lese, så lite tid … Men eg har lyst til å lese meir slikt etterkvart, og ikkje berre skjønnlitteratur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s