Kritisk tilstand som potensiale

Det er i grenseområda ting skjer. 

Da eg valgte Kritiske tilstander som namn på denne bloggen, var det mest meint som ein humoristisk kommentar til mi eiga pendling mellom ulike frustrasjonar; ei kritikarkvinne stadig på randen av akademisk og emosjonell krise. Årsakene kunne vere legio, men den største frustrasjonen stamma frå spriket mellom ambisjonar og realitetar og frå vanskane med å utvikle meg som kritikar under tilstandar i privatlivet som dei siste ni åra mildt sagt ikkje har vore ideelle for fordjupning.

Men i det siste har eg oppdaga at det er andre fruktbare dimensjonar ved ordet kritisk, dimensjonar som er beskrivande ikkje berre for livet som skribent og kritikar, men som òg kan peike mot eit positivt potensiale i det som elles er vanskeleg og frustrerande. At press kan vere produktivt veit alle som ”jobbar best under press”. (Eller for å seie det slik: Under press jobbar ein i alle fall, om ikke alltid med det ein skal, slik eg no skriv på dette blogginnlegget i staden for artikkelen eg ”eigentleg” jobbar med.) Og ein kritisk tilstand inneber press, eller rettare sagt trykk, det kan nemleg Store norske leksikon fortelje:

Kritisk tilstand – fysikk: Spesiell tilstand for et stoff ved overgangen mellom gass- og væskeform, gitt ved tilstandens kritiske temperatur og trykk. De fleste stoffer kan ved passende valg av trykk og temperatur bringes over i alle tre aggregattilstander: fast, flytende og gassformig. Over en viss temperatur er det imidlertid ikke mulig å bringe en gass over i væskeform, selv om trykket er aldri så høyt. Denne maksimale temperaturen for væsken kalles stoffets kritiske temperatur, og det trykk som må til for å bringe gassen over i væskeform ved denne temperaturen, kalles stoffets kritiske trykk. Når stoffet har denne temperaturen og utsettes for dette trykket, sies stoffet å være i sin kritiske tilstand.

For meg er det dette som er å skrive: Å samle dei lette ”gassane” som tankar, impulsar, kjensler, minner og fakta er, og setje dei under kritisk trykk for å få dei over i ei form som lar seg formidle til andre; dei må formulerast så godt det lar seg gjere i dei avgrensande kategoriane ord og omgrep. Og – med fare for å dra allegorien litt langt – å skrive kritikk foregår (i alle fall potensielt) under høgare temperatur enn andre typar tekstproduksjon fordi ein deltek i ein aktuell samfunnsdebatt med vurdering av verk andre samfunnsaktørar har bragt til torgs.

Som sitatet viser, blir ordet ”kritisk” i vitskapen gjerne brukt om grensetilstander, eller rettare sagt det å nærme seg grensa mellom to tilstander, to eksistensformer. ”Kritisk nivå” kan bety både eit  minimum av kva som må til før ei endring skjer – slik ”kritisk masse” i fysikken er den minste mengda av eit radioaktivt stoff som skal til for å starte ein kjedereaksjon – eller det maksimale av kva som blir tålt før det utløyser endringar, som til dømes mengda av CO2 i atmosfæren. Ein kritisk situasjon treng altså ikkje bety ei krise, men kan også vere at ein står på terskelen til ei krise; det er kva som no blir gjort med situasjonen som vil vere avgjerande. Sjølve ordet ”krise” er heller ikkje eintydig negativt; ei krise er ein situasjon kor utfallet blir avgjort, men det kan framleis gå begge vegar; pasienten kan enten overleve eller døy.

Kritikk i humaniora handlar på samme måte om å bruke skjønn til å dra opp grenser. Om eg drar allegorien vidare, kan eg seie at kritikken ideelt sett påverkar utfallet av ulike ”kriser”, forstått som at utforming av kultur er ein stadig pågåande prosess der det alltid står noko på spel, og det gjer han (kritikken) ved å skilje sant frå usant, originalt frå etteraping, gyldig resonnement frå tilslørande argumentasjon, vakkert frå alminneleg eller dårleg, nyttig frå ubrukeleg, verdifullt frå likegyldig.

I forklaringar av kva kritikk er viser ein gjerne til Kant og boka Kritikk av den rene fornuft fra 1781. Eg verken kan eller vil gå så akademisk til verks i dette innlegget, men kanskje står eg i ein kantiansk tradisjon når eg hevdar følgjande: Å drive med kritikk krev vilje til å utøve skjønn og dra opp grenser. Om ein ikkje er villig til å bruke alt ein har av kunnskap, personleg erfaring, refleksjonsevne og integritet til å yte kritisk motstand mot eit verk og gi ei tydeleg og godt grunngjeven vurdering av det, driv ein ikkje med kritikk, men omtale.

Å formulere slike resonnement og vurderingar krev at ein pressar sine eigne tankar mot grensene for kva ein tidlegare har halde for sant, og at ein trekker opp grenser i samfunnsdebatten gjennom å ta tydelege standpunkt. Sjølvsagt ikkje i trua på at det ein kjem med er evige sanningar, men for å gi seg sjølv og andre utgangspunkt for vidare erkjenning.  Alt språk er på sett og vis ein reduksjon, og alle standpunkt er på sett og vis reduserande fordi ein har valgt vekk andre standpunkt som kanskje også kunne vere gyldige. Men det er difor den kritiske tenkinga stadig må halde fram, og det er difor ein kritikar ikkje berre må vere påståeleg og tydeleg, men også audmjuk og sjølvkritisk. Med andre ord; villig til å leve under press, villig til å flytte grenser.
(Kjelde: Store norske leksikon, sjå www.snl.no/kritisk_tilstand/fysikk)

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s