Blod i kok: Absalom, Absalom!

Eg las Absalom, Absalom! sommaren før eg vart 24. Sommaren 1997 var den varmaste eg hadde opplevd, det vart målt 18 tropenætter på Færder fyr, ein rekord som framleis står, likevel kan eg knapt hugse at eg var ute i sola. Det var ein sommar då det kokte i det kristne jomfrublodet mitt, det var ein mann eg ikkje heilt klarte å bestemme meg for om eg ville ha eller ikkje. Ingen skulle vite om oss, og vi heldt alle dei forvirra kjenslene, all spenninga fortrengt og skjult på kafear i avsidesliggande gater, i skogen etter solnedgang, i hyblar med gardinene for. I august reiste han på ferie; vi skulle tenke oss om begge to, og seinare skulle han kome heim og avvise meg, men det visste eg ikkje enno; eg sat på det bittelille pikerommet i den fattigfornemme femromsleiligheita eg delte med tre andre jenter på Majorstua og las – venta, bad og las i William Faulkners berømte Sørstatsepos som opnar slik:

From a little after two oclock until almost sundown of the long still hot weary dead September afternoon they sat in what Miss Coldfield still called the office because her father had called it that — a dim hot airless room with the blinds all closed and fastened for forty-three summers because when she was a girl someone had believed that light and moving air carried heat and that dark was always cooler, and which (as the sun shone fuller and fuller on that side of the house) became latticed with yellow slashes full of dust motes which Quentin thought of as being flecks of the dead old dried paint itself blown inward from the scaling blinds as wind might have blown them.

Ein annan heit sommar, altså: 1909 i Jefferson, Missisippi, sit studenten Quentin hos den 64 år gamle peppermøa Rosa Coldfield fordi ho vil fortelje sin versjon av historia om Thomas Sutpen, som i 1833 kom til byen for å skape det familiedynastiet han skulle erobre verda med, uansett kva det skulle koste han og andre av blod, svette, smerte og sorg. Rosas skildring av ”demonen” Sutpen har ein erotisk dimensjon som gjekk langt over hovudet på meg i -97; han representerte alt ho både begjærte og frykta, og var den diamentrale motsatsen til henne som Sørstatsdame (gallionsfiguren for den heller tvilsomme sørstatsmoralen som snart skulle gå tapande inn i historia):

He wasn’t even a gentleman (…) – a man who rode into town out of nowhere with a horse and two pistols and a herd of wild beasts that he had hunted down singlehanded because he was stronger in fear than even they were in whatever heathen place he had fled from.

Rosa – i 1909 dirrande av langtidslagra hat og bitter frustrasjon etter livet i eit samfunn som miste mennene sine i borgarkrigen og kor det berre fans tre kategoriar av kvinner; dei respektable kvite, dei svarte og horene. Eit liv der det mest spennande var minna om han som ikkje berre øydela familien hennar, men òg fornærma henne på det grovaste.

At eg, ein av dei siste personifikasjonane av religiøs tru og kyskheitsideal som resten av det norske samfunnet hadde lagt bak seg for 30 år sidan, skulle lese akkurat Absalom, Absalom! sommaren -97, var eit ironisk samanfall eg ikkje har sett før no. Der og då var tankane og kjenslene mine berre jaga opp i eit tempo som gjorde det lett å la augene rase gjennom dei uendelege, kronglete setningane til Faulkner: Eg var akkurat fråverande nok til å ikkje bry meg med om eg skjøna alle samanhengane og akkurat så desperat etter distraksjon at eg heldt ut dei lange digresjonane på vegen mot nye avsløringar. Men så, heilt uventa, midt i den sløvt registrerande leseakta, oppstod det ein kontakt mellom teksten og noko i meg; ut av dei blomstrande setningane reiste det seg brått ei innsikt og slo meg midt i brystet, meir ein emosjon enn ein tanke, og kanskje like banal som dei fleste andre grunnleggande sanningar om livet. Slik vart Absalom, Absalom! ei av dei sterkaste lesaropplevingane eg har hatt, og sidan har eg lese boka to gongar til.

Eg skal la mitt 24-årige, seinpubertale sjølv sitje i fred under dei gule solflekkane på veggen i pikerommet, for no skal eg gjere ferdig ein artikkel om Absalom, Absalom som etterkvart kjem på trykk i Bokvennen.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s