Rettferdig sinne fins

lovet er de i mørke, i gullets mørke
i mørkets munn, lovet er de som mangler
så å si alt, hvem kan ta det de ikke har, ministerens
frue får sine smykker, lovet er de i filler, de
vaskes ikke, skylles ikke ut av jorden, de arver

jorden hver dag, lovet er de som uskrevne ark
under blekkhuset, bekmørket over dem, ennå ikke
nedskrevne, navngitte, lovet er de som jordens
salt, skriftens sand, alt kommer silende

tilbake, lysende skal de stå et sted i mørket, lysende som
det andre gullet, som mørkets, som jordens skjulte
ennå ikke hentet ut, lovet er de som ikke ventet seg
gull, lovet er de som ingen ser, de udøpte, uten navn

Anne Bøe, Frostdokumenter (2012)

Diktet ovanfor er eit av fleire som skildrar fattige gruvearbeidarar i diktsamlinga Anne Bøe gav ut i fjor haust. Dikta minner om Bergpreika, kor Jesus mellom anna seier: ”Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.” (Matt. 5,5)

Då eg las Frostdokumenter, vart eg umiddelbart begeistra. Eg likar godt den flytande, assosiative stilen, og eg vart rørt av det sosiale engasjementet forfattaren viser. Så las eg bokmeldinga Arne Borge hadde i Bokmagasinet, der han problematiserer nettopp dette engasjementet:

Hva annet blir poetens wake up call, enn den selvrettferdiges påminnelser om at verden er urettferdig? Poetens sannheter blir godhetens språk – en søt dessert for et radikalt borgerskap. (Bokmagasinet, 24. november)

Borge har gjort ei grundig lesing av boka, og eg må innrømme at da eg las gjennom dikta ein gong til, verka dei ikkje like sterke, og, ja: Motsetnadene Bøe opererer med – den gode naturen og det fattige mennesket mot den grådige utbyttinga og maktmenneska – er konvensjonelle og overtydelege. Kanskje har Borge rett i at ”det virker bedre sunget enn tenkt”. Men så er det dette:

Når rike multinasjonale selskap eller regjeringa i eit land utnyttar fattige arbeidarar, så er og blir det simpel maktmisbruk. Sjølv om naturen også kan vere ubarmhjertig, så er varig rasering av  sårbare biotopar ikkje ei moralsk kompleks sak. Det som er vanskeleg og komplekst, er å ta innover seg alt det urettferdige som skjer i verda, og den maktesløysa ein ikkje kan unngå å kjenne når ein spør seg sjølv kva ein skal gjere med den kunnskapen.

Det er difor eg set pris på at Anne Bøe tar med det sosiale samvitet og ikkje minst medkjensla si inn i poesien; ikkje fordi eg får ei god kjensle av å lese om ei svart-kvit verd, men fordi eg har slike kjensler som dei ho skildrar; sinne, medkjensle, sorg og avmakt, og ikkje veit kva eg skal gjere med dei. Det er så mykje litteratur som kretsar om den lille, norske kvardagen, difor reagerte eg med glede over at Bøe inkluderte ei større og vanskelegare verd i boka si.

Påstanden om at sosialt samvit er noko ein held seg med for å bygge opp si eiga kjensle av å vere eit godt menneske, er eg grundig lei av. Det er mykje enklare å stenge ute alt det som er moralsk og emosjonelt komplisert, spesielt når det også går for å vere ”ærlegare”. Sosialt engasjement gjer ikkje i seg sjølv dikt gode, men patos og basale kjensler knytt til urettferd må det vere plass til i poesien. Det er desse kjenslene dei bibelske allusjonane i diktsamlinga byggjer opp under; det er på sin plass å møte det vonde med retterdig, om enn ikkje heilagt, sinne.

4 comments

  1. Anne Bøe er en av mine favoritt-poeter, men jeg har fortsatt ikke lest hennes siste. Takk for at du delte lesningen din. Nå gleder jeg meg!

  2. Jeg blir nesten mest opptatt av din lesning av dette. Gode argumenter her! Takk for harmen.

    1. Hm, vel, vil tilråde å lese Bøe likevel! Ho fekk veldig gode meldingar i Dag og tid og Aftenposten. Men som sagt – det kan hende Borge har rett når han er meir avmålt, eg synes berre grunngjevinga er litt merkeleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s