We are standing on the shoulders of giant – cattle

Vi har kua å takke for at sivilisasjonen oppstod – men det er opp til oss å halde samfunnet sivilisert.

”We are standing on the shoulders of giants” er eit velkjent sitat som ofte blir tilskrive Isac Newton. Ifølgje Wikipedia var det imidlertid den franske filosofen Bernhard of Chartres som formulerte dette først, så tidleg som på byrjinga av 1100-talet. Utsegna er ein metafor for at vår intellektuelle og vitskapelege forståing av verda byggjer vidare på innsiktene til store tenkjarar og vitskapsmenn som levde før oss.

Men det finst endå meir grunnleggjande vilkår for at vi som sivilisasjon har fått høve til å fokusere på intellektuelle sysler, nemleg enkel og rikeleg tilgang på det vi treng for å halde oss i live. Det er her kua kjem inn i biletet.

Før jul var eg på eit føredrag med poeten, essayisten og dramatikaren Øyvind Berg med tittelen ”Gjeld, insolvens, poesi”, og i for- og etterkant las eg i boka hans, Poesi og lærepenger.

Boka er ei samling av essays, artiklar og foredrag, og i andre del, Lærepenger, tar han for seg ulike aspekt ved det økonomiske paradigmet samfunnet vårt er tufta på, og som dei siste åra har vist seg mindre vitskapleg og solid enn ein kunne ønske. For å seie det mildt. Her skal eg berre gripe fatt i éitt grunnleggjande faktum, nemleg at kua var den første forma for kapital i den menneskelege sivilisasjonen. Sitat Øyvind Berg:

Penger er først og fremst abstrakte kyr, som sagt: Pengehistorikere regner kua som alle pengers mor. Verdens første likvider var kyr. En gammel norsk fehirde var ikke en gjeter, men en embetsmann med ansvar for økonomien, en regnskapsfører. ”Liggende fe” er fremdeles et gangbart uttrykk for kontanter. (Fra ”Om et manifest av Kurt Schwitters” i Poesi og lærepenger, s. 275)

Det er også slik at

”alfabetet kan også føres tilbake til pengene og behovet for å føre regnskap etter hvert som de gryende bykulturene vokste i omfang og administrasjon. Alfabetet begynner selvsagt med det viktigste, som var betegnelsen for den største pengeenheten for noen tusen år sida, nemlig en okse.” (”Penger lånt er penger tjent”, samme bok s. 286)

Bokstaven A kjem frå det semittiske ordet alef som betyr okse, alfa på gresk. A’en som symbol er danna av eit stilisert oksehovud med horn – som av skrivetekniske grunnar etterkvart vart snudd slik at horna stod i bakken. Det er i seg sjølv talande, sidan feet er underkua av mennesket – ”pun intended” og etymologisk neppe tilfeldig – overmanna og gjort til levande matpakke. Så praktisk og arbeidsbesparande! Kua var dermed den første rikdomen som gav oss tid til overs til å utvikle intellektuelle og sosiale evner og interesser. Ikkje berre språk, arkitektur og kunst, men også krigføring.

Framveksten av pengeøkonomien er nemleg knytt til behova krigande kongar hadde for å kunne løne soldatar og skaffe desse det dei trong av mat og utstyr. Dette skriv ikkje Berg om i Poesi og lærepenger, men han snakka om det i det nemde føredraget for #Folkebiblioteket, med utgangspunkt i boka Debt. The first 5000 years av David Graeber.

Eg kan ikkje utdjupe det temaet nærmare no, men ved høve vil eg gjerne lese Graebers bok og kome attende til saka. For tenkjer ein på det, er kanskje koblinga mellom pengeøkonomi og krig ein logisk konsekvens av at heile sivilisasjonen vår er tufta på utnytting av andre levande vesen? Først reid vi på kua inn i kunnskap og verdsherredømme. Så har det vel også alltid vore slik, at vi (meir eller mindre) rike nyt fruktene av slitet til underbetalte og hardtarbeidande fattige; landbruksarbeidarar og fabrikkarbeidarar, dei aller fleste på behageleg avstand i utviklingslanda. Krig er ei utvikling av den same logikken: Den som er sterkast, kan skaffe seg kontroll over stadig nye ressursar å “melke”.

Vi lever altså godt på skuldrane – ikkje berre til store intellektuelle kapasitetar i tidlegare tider, men også til ei mengd med nolevande fattigfolk og – heilt i botnen, både i tid og hierarki – krøtter.  Tar vi også med velferdsstaten og det vi har fått i arv frå foreldra våre, skal det mykje blind vilje til for å tru på liberalisme og individualisme som noko anna enn høgst ideelle og relative omgrep.

Å skjøne korleis økonomien og reguleringa av marknaden legg premissane for sivilisasjonen, for så å ta stilling til og kanskje også prøve å påverke dei politiske realitetane, står for meg som ei nesten umogeleg oppgåve. Men eg trur Øyvind Berg har rett i at dette er for viktig til å overlate til økonomane.

Litteratur:
Øyvind Berg: Poesi og lærepenger (Kolon 2009)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s