Motstand!

I romanen Jeg nekter av Per Petterson er det ei scene kor den eine hovudpersonen, Tommy, får vite at mannen han budde hos frå han var 12 år, ligg for døden. Tommy vil ikkje godta det:

– Visst kan du nekte, sa jeg.
Han så på meg igjen. – Du kan ikke nekte å dø, min venn.
– Jamen faen, det er klart du kan nekte, sa jeg.

Det minte meg om diktet Do Not Go Gentle into That Good Night” av Dylan Thomas, kor poeten oppfordrar faren sin til å kjempe imot døden. Her er første og siste strofe:

Do not go gentle into that good night,
Old age should burn and rave at close of day;
Rage, rage against the dying of the light.
(…)
And you, my father, there on the sad height,
Curse, bless, me now with your fierce tears, I pray.
Do not go gentle into that good night.
Rage, rage against the dying of the light.

Heile romanen Jeg nekter er ei hyllest til dei som set seg til motverje mot dei destruktive kreftene og reddar seg sjølv, slik Tommy gjorde då han gjekk til motangrep på den valdelege faren sin, og slik mora hans gjorde då ho forlet ektemannen. Det kosta mykje, både for henne og dei fire borna ho etterlet, men ho valde å stole på at dei ville klare seg – som dei også gjorde.

I kontrast til “løvetannbarna” Tommy og (søstera hans) Siri, står Jim. Han liknar som type på Arvid, hovudpersonen i fleire av Pettersons tidlegare romanar, inkludert den førre, Jeg forbanner tidens elv, og sinnet og motstanden som også ligg i denne tittelen viser slektskapet mellom dei to bøkene. Men Arvid rettar sinnet innover og lar seg overmanne av sorg, nostalgi og melankoli, slik Jim også gjer – med tydeleg øydeleggjande følgjer.

Kor gale det kan gå med dei som ikkje frigjer seg frå skadelege relasjonar til dominerande foreldre ser vi illustrert gjennom Fredrik, som Jim møtte da han var innlagt på psykiatrisk avdeling: Ein mann på over tredve som ringte mora si kvar kveld for “å stemple inn”, og som etter få minutt med mora på tråden grein som ein unge.

Ein kunne jo tenke seg at tittelen Jeg nekter har ei dobbel tyding, siden det å ta sjølvmord også er ein form for protest. Men sett i lys av scena eg først siterte og intertekstualiteten med Dylan Thomas sitt kjende dikt, les eg trassen og håpet som to sider av samme sak,  her personifisert i Tommy. Slik eg ser det, peikar alt i den litterære komposisjonen mot at Tommy blir redninga for den suicidale Jim, at han står i grålysinga og ventar på han på brua når Jim kjem med fiskestanga si, fordi Tommy vil ha Jim med når han endå ein gong skal snu livet sitt rundt og gå inn i noko nytt. Grunnen til at dette ikkje er skildra, tippar eg er at det ville truge med å vippe boka over i det sentimentale og enkle – det er no ein gong den dommen oppbyggeleg litteratur gjerne får.

Tittelen Jeg nekter gir gjenklang i meg – eg kjenner meg igjen både i melankolien og trassen i Pettersons prosa, slik den lågmælte, men høgst reelle emosjonaliteten også treff meg heime. Men det er mykje vanskelegare å skrive godt om håp enn det er å skrive om sorg og melankoli. Kanskje er det også grunnen til at Jeg nekter trass alle sine fine kvalitetar ikkje slår like sterkt inn som Jeg forbanner tidens elv. Men grunnen kan også vere at Petterson nølar med å fullføre historia – at viljen til å skildre trassen og håpet ikkje held heilt fram.

——————————————————————————————————————————————————————–

Det første sitatet er henta på s. 121 i Jeg nekter (Per Petterson, Oktober forlag 2012)

Det andre sitatet er henta frå Dylan Thomas dikt “Do Not Go Gentle into That Good Night”, s. 225 i Dikt fra antikken til vår tid (red. Jon Haarberg og Hans H. Skei, ad Notam Gyldendal 1994)

Tilrår sterkt å lese Erik Bjerck Hagens bokmelding av Jeg nekter i Morgenbladet.

4 comments

  1. Denne boken var det interessant å diskutere med klassejuryene i ungdommens kritikerpris. En klasse mente det motsatte av Bjerck Hagen, nemlig at boka var glemt etter fem minutter.. De oppfattet den som en kjedelig sosialrealistisk fortelling om at det kan gå godt med folk her i livet selv med dårlige odds. Men intet minnerikt som de sa.. En annen klasse var begeistret dog. Jeg for min del synes ikke det er den beste til Pettersson. Flere ganger underveis opplevde jeg teksten som konstruert, litt teknisk rett og slett, som om han ikke helt stoler på fortellingen sin.

    1. Enig i at det ikkje er den beste av bøkene hans, og også litt enig med elevane i at det er ein klar tendens i handlinga. Men eg synes likevel det er klokt, og han skriv så godt, det blir noko litt sentimentalt, men vakkert over teksten som gjer at det var godt å lese han, synes eg. Når det gjeld Bjerck Hagen, synes eg han også seier mykje klokt og formulerer seg så bra at det er lett å akseptere begeistringa sjølv om eg ikkje deler ho fullt ut. Kanskje det du kallar konstruert er det eg oppfattar som ein nesten romantisk tru på skjebnefellesskap? Det er f eks dette med at dei er på den samme cafeen i Lillestrøm på samme dag, og at det blir avgjerande både for Tommy, kafedama og sannsynlegvis Jim.

      1. Ja, det kan godt være det du sier, disse sammenfallene ble litt matematiske etter min smak. Men enig at han skriver godt, presist og likevel ekstremt ladet på mystisk vis. Min favorittscene er den på isen. Den ga boka dybde, og i grunnen tror jeg hele boka er atskillig mer kompleks enn den virker ved første øyekast. Det var sjarmerende å høre på elevens litt overbærende holdning til Petterson, forresten. Herlig med så liten underdanighet overfor en av våre mest anerkjente forfattere. Noen av dem var frustrert over grøftegravingen, de fremstilte det som hele boka besto av av denne gravingen, men det er jo bare en bitteliten scene. Den må ha gjort enormt inntrykk på ett eller annet plan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s