Kritikk sjølv mor kan skrive

Å vere kritikar på deltid som trebarnsmor har krevd at eg er pragmatisk, fandenivoldsk og audmjuk. Spørsmålet no er kor lenge trangen til å skrive kritikk vil halde seg sterkare enn stoltheita.

Eg kjenner svært få  kvinner i kritikarmiljøet som har meir enn eitt barn. Og mange er barnlause. For den einskilde kvinna er det sikkert ulike personlege årsaker til dette, men på gruppenivå, som det heiter, må ei viktig årsak vere at det er vanskeleg å kombinere ein karriere som kritikar med forsørgaransvar for ein stor familie. Det er berre mogeleg om ein har har ein livspartnar som tenar godt nok til å dekkje det meste av utgiftene og/eller om familien er i ein livssituasjon der dei klarer seg med svært lave lønsinntekter.

Dei dårlege lønsvilkåra kombinert med eit fagleg krevjande miljø fører til stor gjennomtrekk i kritikarbransjen både for kvinner og menn, noko alle som har følgt litteraturdekninga dei siste åra vil vite. Av dei som held fram som kritikarar, gjer gjerne dei utan forsørgaransvar det best, sidan dei har betre høve til å jobbe mykje for lite pengar til posisjonen deira er befesta og dei har sjansen til å få ein kritikkrelatert jobb med normalt høg årsløn.

Sjølv har eg fått tre born etter at eg byrja som bokmeldar i Vårt Land i 2001. Dei fleste har vel ein idé om kva det inneber av tidsbruk på bleieskift, tannpuss, høgtlesing, klesstell, foreldremøter, barnebursdagar og liknande – for ikkje å snakke om lydnivå i heimen og stadige krav om merksemd. Eg har likevel halde fram som kritikar, riktignok med ein pause og nokre lite aktive periodar, og utan å ha gjort superkarriere, men eg har bite meg fast.

At eg har klart det , kjem ikkje av at eg er rikare, dyktigare eller har større arbeidskapasitet enn andre (snarare tvert om), men det å skrive om litteratur har for meg vore eit con amore-prosjekt og heilt naudsynt intellektuell stimulans i ein elles mest fysisk og emosjonelt krevjande kvardag. Dermed har eg vore innstilt på kompromiss; eg har vore pragmatisk, arrogant og fandenivoldsk nok til å blande meg inn i den offentlege samtalen mellom kunnskapsrike kritikarar, forfattarar og professorar, men òg villig til å bli mildt audmjuka for å kunne halde fram (for det er audmjukande å måtte innsjå at ein er ein ”middelhavsfarar” på det fagfeltet ein brenn for). Andre som har gitt opp kritikaryrket, har kanskje  vore meir perfeksjonistiske, hatt større respekt for den litterære offentlegheita eller for mykje fagleg stoltheit til å skrive under slike vilkår. Eg på mi side har tatt kvar sjanse eg har fått til å skrive så lenge nokon var villeg til å publisere teksten – og dermed har publiseringstakta mi auka dramatisk sidan eg oppdaga blogging …

Men det har vore nokre praktiske føresetnader for at eg skulle klare det: Mannen min og eg har prioritert tid og fleksibilitet framfor god økonomi og ein romsleg bustad. Mannen min har tatt sin del og vel så det av arbeidet heime (og husarbeid har vi generelt prioritert lågt), og vi har fått mykje hjelp av foreldra våre til oppussing ved skifte av bustad. Så har eg også hatt ein fleksibel, relativt godt betalt og ikkje altfor krevjande jobb ved sidan av, dei siste to åra i redusert stilling.

Det ideelle hadde vore å ha ein jobb ved sidan av kritikarvirket som var fagleg relatert, eller i det minste i litteratur- eller kulturbransjen. Det har eg ikkje fått til etter at eg fekk born. Slike jobbar er det få av, og dei som fins, er svært attraktive og vanskelege å få. I staden har eg søkt meg mot Kritikarlaget for å finne ein profesjonell fellesskap. Det har vore ei blanda oppleving. For samstundes som eg har møtt fine folk og fått fagleg påfyll, har eg også blitt meir merksam på veikskapane mine som kritikar og ivrig etter å forbetre meg. Eg har gått ned i stilling og skrudd opp ambisjonane, men utan eigentleg å ha blitt meir sjølvsikker. Om psykisk velvere er ein prioritet i livet, er det ikkje ein situasjon eg vil tilrå fleire å setje seg i.

No for tida er eg veldig spent på om eg vil få statens arbeidsstipend eller ikkje. Det er avgjort, men enno ikkje publisert kven som får det. Om eg ikkje får det, må eg nok gløyme tanken på å auke og betre den kritiske verksemda mi, og heller vere nøgd med å publisere ei kort bokmelding eller to i månaden.  Men sidan eg har sagt opp den noverande jobben min, vil det store spørsmålet vere kva eg kan få til av kritikk samstundes som eg prøvar å finne ein jobb som også kan vere stimulerande og utfordrande. Og då vil det vise seg om trangen til å skrive kritikk i lengda er sterkare enn stoltheita eller ikkje.

3 comments

  1. Legg att eit svar, står det. Men kva? Jeg håper du får stipend. Det er krevende å holde på med egne prosjekter i en verden som (det kan virke som) har mer enn nok med seg selv. Du gir ikke opp med å formulere egne tanker og jeg tror det er det beste for både deg og familien din om du fortsetter å gjøre noe du selv synes er interessant. Eller hva?

    1. Takk for det! Skal nok finne ei løysing der eg både kan få fatt i nok pengar og halde fram å skrive på eit eller anna vis🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s