Kritisk fase

Eg har oppretta enkeltpersonføretaket Kritisk fase Merete Røsvik Granlund. Namnet seier eigentleg alt.

Stipendkomiteen i Norsk kritikarlag har gitt arbeidsstipend  til tre dyktige kritikarar; ein musikkritikar, ein kunstkritikar og ein litteraturkritikar, men eg var ikkje ein av dei. Eg må innrømme at det var eit tungt slag. Som vanleg hadde eg hausa meg opp for mykje sjølv om eg i teorien visste at konkurransen blei hard. Så no har eg brukt påska til å bearbeide. Litteratur- og kritikkfeltet fungerar ikkje som kroppsøving på vidaregåande, altså slik at du får god karakter om læraren ser at du gjer ditt beste gitt dine føresetnader. Nei, kritikk og litteratur er ”toppidrett”: Det er kun sluttresultatet som tel.

Problemet for min del er at eg aldri vil kunne konkurrere med unge doktorgradsstipendiatar som kan bruke all si tid på fagleg fordjuping, om det er slik at stipendkomiteen kun tek faglege omsyn.

Difor har eg blitt endå meir klar over kor viktig det er med betre vilkår for frilansskribentar, slik oppslaget med Sara Azmeh Rasmussen i Klassekampen 2. april illustrerer. Om litteraturkritikarar og andre skribentar fekk løn som stod i eit rimeleg høve til kor mykje jobb det er å skrive ein god og fagleg fundert tekst, ville ikkje milde gåver frå staten og det å bli vurdert og samanlikna med og av andre kritikarar bli så avgjerande for kven som kunne delta i litteraturdebatten. Stipend er bra, men ordentleg betaling betyr mykje meir, og er det einaste som kan skape kontinuitet. For kor lenge kan ein eigentleg rekne med at eit stipend tilsvarande ei halv årsløn skal halde ambisiøse og dyktige folk i kritikkfeltet?

Eg har alt har sagt opp “dagjobben” min, og er klar for nye utfordringar 1. august. Eg har difor framfor meg ein haust utan sikker inntekt, og minimum tre månader utan dagpengar om den kritiske fasen blir kort og eg endar som jobbsøkjar. Det er nok slik det går, slik kritikkhonorara er idag.
Dette er skumle greier, men eg angrar ikkje på valet. Tvert om er eg takksam for at eg er i ein livssituasjon der eg kan tillate meg å ta ein slik sjanse.

Som høgt utdanna, etablert familieforsørgjar i ein fredeleg og rik velferdsstat lever eg i spenninga mellom takksemd – for at eg og familien får dekt dei mest grunnleggjande behova våre – og trangen til å få mest mogeleg ut av livet mitt. Dei siste åra har på mange måtar vore eit slit, ikkje først og fremst fysisk, men psykisk. For å få det betre, trur eg det er viktig å få brukt meir av meg sjølv, kjenne at eg er på veg ein stad. Som så ofte før kan situasjonen oppsummerast fint med ein klisjé: Eg treng rett og slett nye utfordringar. Difor har gubben og eg valgt å tenke som så; det at vi bur i Norge gjer at eg kan tillate meg å ta sjansar eg ikkje kunne ha tatt i eit anna samfunn. Det verste som kan skje, er at eg endar opp med ein jobb som er dårlegare enn den eg har no. Men då veit eg i alle fall at eg har gjort mitt beste for å forbetre livet mitt, og slepp å angre seinare. Det beste som kan skje, er at eg får gjort meir av det eg har lyst til, og at eg finn eit arbeidsmiljø som både utfordrar og inspirerar meg.

Det er ikkje sikkert at kritikken er framtida for meg. Når alt kjem til alt har heller aldri litteraturen som fagfelt vore det viktigaste, men det å forstå meir av verda rundt meg, og det å tenke gjennom å skrive. Og det skal eg nok kunne halde fram med uansett. Samstundes som eg ironisk nok vil få meir tid til å lese den beste litteraturen om eg ikkje treng å melde nye bøker. I påska las eg Middlemarch av George Eliot. Berre for kos.

Andre bloggpostar om samme tema:

Eit hjartesukk om kritisk mangel

Med hjerna i handa

Kritikk sjølv mor kan skrive

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s