Ganske poetisk

Finst det eit mindre poetisk ord enn «ganske»? Eit keisamt, modererande ord fullt av atterhald, i sin karakter tvilande og lite presist, eit ord valgt i hastverk, i mangel på meir treffande skildringar og som retorikk betrakta ei fallitterklæring.

Samstundes må det vere eit av dei mest brukte orda i daglegtalen, nettopp fordi det så ofte er meir å seie om eit fenomen enn ein klarer å formulere kortfatta på ståande fot; ofte fungerar «ganske» som ei innleiande frase før vi utdjupar: «Det var ein ganske god film; det og det var bra, men så skjedde slik og sånn.»

«Ganske» er rett og slett eit ord som beskriv livet slik eg opplever det: Fullt av kompromiss, av praktiske løysingar som ikkje er perfekte, men «ganske bra». Og verre enn det; av taktisk tale, sjølvsensur og manglande idealisme. Det er så mange omsyn å ta, det ideelle kan fort forsvinne i jakta på dei praktiske løysingane som skal tene både eigne og andres interesser. Og så er det mangt det er ubehageleg å tenkje på, eller som ein ikkje har energi til å ta inn over seg, ein har nok med sine eigne kvardagslege problem.

Av og til, når eg tenkjer slik om meg sjølv eller andre, dukkar eit dikt av Gunnar Björling opp i tankane. Det er titteldiktet i boka eg skreiv hovudoppgåve om, Ett blyertsstreck frå 1951, og tar opp i seg mange tematiske trådar frå resten av samlinga. Boka handlar mykje om døden, om sorg og eksistensiell angst, men òg om sansing av det vakre i livet, først og fremst naturen.

Noko av det eg likar best med dette diktet, er nettopp bruken av det upoetiske «ganske». Nettopp fordi det seier så mykje om det ikkje-ideelle livet, det verkelege og vanskelege livet, der medvitet om døden ligg under alt, også under orda. Likevel misser han ikkje idealet av synet, det er nettopp det diktet strekk seg mot. Sjå om du ser det:

Vi har ett ganska stort hjärta
och vi har ganska mycken tid
men ingen ser tillfället brinna

Men ser morgonens sol Det väpnar av

Vi går inte purpurguldsol
men i flugklatschens mening
 en solstrålbrygds färg

Ett blodsmod under orden
ett blyertsstreck

Och allting och det var
och som i skeende
och var ett klarögt linjerent

 men allting krokigts raka vägar

Fra Gunnar Björling: Ett blyertsstreck, 1951

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s