Saman, kvar dag?!

Innimellom MÅ eg ha det stille for å tenke, for å kjenne etter, for å lese og skrive. Endeleg aleine!

Av og til kjennest det som eg er dømt til å alltid gå på tvers av trendane. Til dømes er det ikkje så mange år sidan eg vart ateist og noko som i alle fall kan minne om marxist. No for tida er visst Gud i ferd med å bli populær igjen, og Høgre og FrP ser ut til å gå mot valsiger. Eg skjønar ikkje kva folk tenkjer på. Og klimaendringar  – er det berre eg som får angst ved tanken på det som ifølge forskarane er i ferd med å skje?

Også innanfor litteraturen ser det ut til at eg ikkje heng heilt med. Til dømes svergar eg som kritikar til nærlesing, medan det no for tida visst er historisering som gjeld, ifølge Marius Wulfsberg i artikkelen Herfra til mangfoldige fellesskap – tendenser i 00-tallets litteraturkritikk i Prosa. Eg er nok påverka av autonomiestetikken som var norma då eg studerte. Men spesielt når det gjeld samtidslitteratur frå vårt eige samfunn, som vi kjenner så godt, meinar eg det viktigaste er å finne ut mest mogeleg om kva den einskilde boka formidlar av meining, om ho inneheld tankar eg skal ta med meg vidare. Å setje boka i samfunnsperspektiv er også viktig, men før ein kan gjere det, må ein ha gjort ei ganske grundig tolking, hvis ikkje risikerer ein å sjå berre det ein umiddelbart kjenner igjen. Kontekstualisering, samanlikning – alt det der … Ikkje så viktig som å sjå det originale i kvar bok, spør du meg.

Men ein kjem ikkje vekk frå at kven som les er nesten like viktig som kva ein les, uansett kor grundig ein tolkar og analyserer. I den nemde artikkelen av Wulfsberg samanliknar han tre bøker av tre gode kritikarar; Ane Farsethås, Kaja Schjerven Mollerin og Tor Eystein Øverås, og viser at dei har ulike tilnærmingar. Det fekk meg til å tenke på korleis ikkje berre personlegdomen, men også livssituasjonen vår påverkar oss som lesarar.

Då eg las essayet Ane Farsethås skreiv om boka si Herfra til virkeligheten i Morgenbladet i samband med lanseringa, kjente eg meg på ingen måte igjen i det ho skreiv om samtidslitteraturen. Ikkje at eg tvilte på at analysene hennar var gode, det var berre at eg ikkje har hatt den livskjensla ho skildra, og difor heller ikkje hadde lagt merke til dette. At livet skulle vere så lett, så uverkeleg og keisamt? Nei, kan ikkje seie det. Snarare for  mykje indre dramatikk for min del, for mykje samvit og for lite lettsinn. Kanskje er det difor eg ofte ser psykologien når eg les skjønnlitteratur.

Spesielt i lesinga av Carl Frode Tiller vart forskjellane tydelege: Eg har lese forfattarskapen grundig fordi eg har skrive ein artikkel om han, men den sterke kjensla av det uverkelege hadde eg ikkje lagt merke til. Det eg las, handla om utforsking av identitet og av akutte psykiske og relasjonelle vanskar.

Tor Eystein Øverås er ifølgje Wulfsberg den av dei tre som skriv mest av seg sjølv inn i kritikken. Eg har lese ein del av han, og har veldig sansen for måten han brukar seg sjølv på; også kritikk kan vere litterær. Eg har nølt med å gå så langt i å ta meg sjølv inn i kritikken – men kanskje mest fordi eg har skrive mest i kortformat. Ofte er det spalteplassen som blir det avgjerande; eg treng plassen til å seie mest mogeleg om boka. Men uansett – Øverås har skildra noko eg kjende meg godt igjen i. Eg har diverre ikkje boka her no, eg trur det var Livet! Litteraturen! Men parafrasert:

Lenge opplevde han det som at litteraturen var viktigare enn livet. Men så snudde det – det skjedde noko som gjorde at livet krevde heile merksemda hans, og litteraturen vart mindre viktig. Slik var det for meg ein periode i 20-åra, før eg starta på litteraturvitskap, men også inn i litteraturstudia. Det var først då familielivet byrja å bli verkeleg hektisk, i byrjinga av 30-åra, at det store behovet for å kunne forsvinne inn i orda dukka opp igjen.

Så har eg lese mange av essaya Kaja Schjerven Mollerin har hatt i Klassekampen, og som no er samla i boka Sammen, hver dag. Også ho er ein svært dyktig kritikar som eg likar å lese. Men det er ein viktig forskjell mellom opplevinga vår: For meg er ikkje litteraturen først og fremst ein stad å oppleve fellesskap. Eller – kanskje gjer eg det på eit vis, men svært indirekte i så fall. I tenåra var litteraturen for meg ein tilfluktstad, ein stad å gløyme meg sjølv og oppleve det framande. I studietida, då det skjedde så mykje anna, vart lesinga mindre viktig for meg, men å lese analytisk vart viktigare. No er litteraturen ein stad å vere aleine – igjen flyktar eg vekk frå alt rundt meg og inn i den usynlege verda.

For i min heim er vi verkeleg saman – kvar einaste, bidige dag! Ungane mine er det viktigaste i livet mitt, men for meg – som i praksis vaks opp som einebarn og var vant til å vere aleine med tankane mine ganske lenge kvar dag heilt til eg var over tredve  – var det eit sjokk å plutseleg ha tre ungar som trengde meg til absolutt alt.

Sjølv no som dei er sju og ni år: Få dei opp av senga, inn i kleda, få mat i dei, få dei til å pusse tennene og greie håret, sende med dei alt dei treng til skulen, nokre dagar levere dei på skulen. Så hente dei på skulen, få i dei mat igjen, bestemme kven som får sjå på tv eller spele Wii, få dei til å gjere lekser, megle når dei kranglar, svare på alt dei lurer på, få i dei kveldsmat, få dei til å pusse tennene, få av dei kleda, lese for dei, synge for dei. Og så treng dei ting. Og dei skal vere med på fritidsaktivitetar. Og dei skal i bursdagar. Og dei vil ha besøk av vener. Jada, dei har ein far også. Men dei krev så mykje av meg, heile tida. Kvar dag.

Det er eigentleg bra for meg, eg trengde den nærleiken, den kjærleiken som familien min gir meg. Men alt er ikkje bra alltid. Eg har i periodar kjent meg einsam, midt i det travle familielivet. Eg har kjent det som at eg forsvann, at det berre var ei rekkje praktiske funksjonar att, ein kropp som skulle vere varm og trygg for andre. Då var litteraturen igjen ein stad å flykte til, for å finne meg sjølv igjen.

Innimellom MÅ eg ha det stille for å tenke, for å kjenne etter, for å lese og skrive. Endeleg aleine!

Kritikken blir skrive av levande menneske i konkrete livssituasjonar, og det formar kva vi les i bøkene og kva vi skriv om dei. Andre folk er jo forskjellige, dei som les aviser og bokmeldingar er forskjellige. Så da må det vel vere eit mål at kritikarar er forskjellige også, håpar eg, at vi kjem frå ulike bakgrunnar og er i ulike faser av livet. Som eg har vore inne på før, i innlegget Kritikk sjølv mor kan skrive, kan vilkåra for kritikk gjere det vanskeleg å halde på lenge. Det er synd om det gjer at kritikarar blir ei einsarta gruppe, med like erfaringar. Og at dei gjer seg ferdig med kritikken når dei kjem over i andre livsfaser.

Det gjeld å finne balansen: Mest liv, men med eit eige rom i orda. Eg trur eg nærmar meg det no.

I ettertid har eg korrigert meg sjølv i dette innlegget Sjølvkritikk og pengar.

3 comments

  1. Veldig flott innlegg dette, Merete. Heier på deg. Dvs. Heia Merete, gå nå på, flere mål vi venter på – er kanskje ikke rette tilropet i denne situasjon – hm.. eller kanskje?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s