Pinleg privat eller ærleg og modig?

Er det slik at ein må vere vellukka, litterært eller sosialt, for å få positiv respons på bekjenning av veikskapar?

Geir Gulliksen hadde eit essay i Morgenbladet 16. mai som eg vart glad av å lese: “Privat og upersonlig”. Årsaka er at han tar opp eit tema eg har tenkt på i samband med bloggen min: Er det eg skriv om livet mitt, kjenslene, tankane og frustrasjonane mine for privat, er det eit brot med kritikarrolla som gjer andre pinleg berørte? Og kva er det som gjer somme avsløringar frå privatsfæren forløysande og verdifulle, medan andre berre er flaue og påtrengjande? Her er eit sentralt sitat frå Gullisens essay:

Eldrid Lunden har en gang definert hva som får tekster til å virke private, at dette skjer når leseren forstår mer av det forfatteren skriver enn det forfatteren forstår selv. (…) Det vi kan forlange av offentlige betroelser må altså være at de har form, eller hva? En form for mestring, som gjør det mulig å lære noe av det vi får vite. Gir det mening å si det sånn? Jo, men det gir liksom altfor god mening, det blir for enkelt og velment og begrensende, det der. Hva slags moralistisk norm skulle dette bli for hva som kan sies eller skrives? Ingen kan komme med viktige betroelser uten å gå over egne eller andres grenser, og uten å miste litt grepet på det de prøver å si. Og noe av det overskridende og gripende ved skjønnlitterære tekster, for eksempel, er jo at hele ideen om hva som er mulig å skrive blir satt i bevegelse. Det gjelder ikke bare skjønnlitteratur, forresten, det gjelder mye god sakprosa også, og svært mange gode samtaler også, at det som blir sagt er nesten på grensen av hva som virker veloppdragent eller passende eller meningsfylt å si.

I siste Dag og Tid melder Margunn Vikingstad Frode Saugestads roman En ung manns bekjennelse om kjærlighet. Det var noko med ordvalet hennar som fanga merksemda mi, og fekk meg, sjølvoppteken som eg er, til å tenkje på min eigen blogg: Meldinga har overskrifta “Kvar mann si boble” og byrjar slik: “Vi har alle våre livsbobler. Somme skriv om bobla si, og somme lukkast litterært med det”. Årsaka til at Saugestad ikkje lukkast, er ifølgje henne at skildringa gir “få eksistensielt interessante perspektiv” og at boka har “såpass platt refleksjonsnivå og skrinne litterære kvalitetar at han liknar mest på ei noko umogen minnebok.”

Eg synes meldinga er god, og etter alt å døme ville eg ha gjort ei liknande vurdering av boka. Eg har sjølv ofte brukt sarkasme som retorisk grep i bokmeldingar, og må understreke at det følgjande ikkje seier noko om haldningar hos Vikingstad. Men formuleringane hennar fekk meg til å lure på dette: Er det slik at bruken av private erfaringar i seg sjølv vert noko negativt i det same det ikkje er litterært vellukka?

Eg lurer på om det finst ein liknande mekanisme også i andre former for deling frå privatsfæren, som reportasjar i vekeblad og aviser, eller i blogginnlegg. Korleis skiljer vi det verdifulle frå det pinlege då?

Kathrine Aspaas meinar i boka Raushetens tid – fra misunnelse til beundring at nedbrytinga av skiljet mellom offentleg og privat er eit gode, at vi har blitt – eller i alle fall er på veg til å bli –  mindre redde for å blotte våre svake sider og dermed også mindre dømande i møte med andre. Spådommen hennar er at vi ved å lære å akseptere oss sjølve som vi er, heller vil bli inspirert enn truga av andre som ser ut til å lukkast på alle område.

Eg har tenkt ein del på dette, og har kome til at det truleg finst ein viktig distinksjon: Når ein person med høg status fortel at han har problem, opplever mange det svært positivt. Til dømes var Kjell Magne Bondevik med på å bryte ned fordommar om psykisk sjukdom då han gjorde det offentleg kjent at han var sjukemeld frå statsministerembetet sitt på grunn av ein “depressiv reaksjon” i 1998. Men eg trur at det som skjer i slike tilfelle, er at vi opplever avstanden frå oss sjølve til dei ekstremt vellukka som mindre. Det reagerer vi på med takksemd, og truleg dømer vi oss sjølve mildare når vi ser at ressurssterke personar slit med dei same vanskane som oss.

Men sjølv ein statsminister kan merke at statusen dalar i visse kretsar når han har blotta veikskapar. Så eg trur at ein skal ha ein ganske sterk posisjon sosialt for å tåle blottleggjing av private vanskar. Eller for å snu på det: Eg trur ikkje så mange er interessert i å høyre om dei private problema til ein person med låg sosial status. Det vil berre bekrefte dei negative fordommane vi har om vedkommande frå før. Og då – endeleg – byrjar eg å nærme meg det eg oppfattar som kjernen i Geir Gulliksen-sitatet:

Det kan vel hende at reaksjonane våre på det andre deler frå privatlivet sitt seier like mykje om våre eigne haldningar som det seier om den som fortel. Kva meinar vi at det er “veloppdragent eller passende eller meningsfylt” å dele? Er det slik at ein må vere vellukka, litterært eller sosialt, for å få positiv respons på bekjenning av veikskapar? Eller er det så enkelt at vi ikkje vil ha informasjon det er sosialt krevjande å møte? Informasjon som ikkje er til inspirasjon og underhaldning, men som tvert om eksponerer avsendaren som usikker og trengjande, og dermed mindre interessant for “networking”?

Brukar vi eigne reaksjonar til å stille oss sjølve slike spørsmål, kan det kanskje kome fram om vi faktisk er opne for menneske som ikkje har lagt det vanskeleg bak seg, men framleis står midt i det. Eller om vi er mest interessert i å kjenne nærleik til dei som står over oss i hierarkiet.

5 comments

  1. Jeg tror du har rett i at det kommer an på statusen til den som deler. Jeg husker fra psykologien et forsøk som viste at hvis mennesker vi i utgangspunktet liker gjør teite ting, får det oss til å like dem bedre. Hvis mennesker vi ikke liker gjør samme ting, liker vi dem mindre…
    Jeg tror også det har med hva som er sosialt akseptabelt i det miljøet man ferdes, og at det kan være en god grunn til å ta en kikk på seg selv når vi føler oss intimtyrranisert.
    Ofte er det likevel mest et spørsmål om form og forventninger. Hva er kjedelig og banalt og hva er spennende? Jeg synes Se og hør er klamt fordi formen er så dårlig, mens det å lese romaner og lengre tekster som er langt mer avslørende ikke føles like påtrengende fordi de ikke er sensjasjonshungige og ute etter å manipulere mine følelser.

    1. Eg synes ofte det er verdifullt å få høyre om andres private erfaringar, enten det er i ukeblad eller i litteraturen. Sjølvsagt vil nokre ha meir interessante ting å kome med enn andre, men generelt er eg for openheit. I litteraturen synes eg ikkje det er så interessant å vite akkurat kor sant noko er, men der har eg kanskje nerdetilnærminga😉 Men status er litt skumle saker, synes eg. Det er liksom så lite rasjonelt, eller kanskje er det det det er, det er kynisk fordi det handlar om sosial makt. Det eg likte med Gulliksens tekst, er at han har fokus på at den som fortel kan fokusere meir på kva ein har eit behov for å fortelle om, enn på om det er sosialt “passande”. Det er jo noko trangt med dei normene som seier at når ein forfattar skriv om seg sjølv, er det greit, medan ein privatperson som viser seg fram i eit ukeblad eller på TV er pinleg. Samstundes – det kan vel vere eit poeng at menneske i offisielle roller skil tydeleg mellom kva som er offentleg og kven dei er privat – var det Richard Sennett som snakka om det i Morgenbladet? Det blir ein balansegang mellom det stivt formelle og det altfor private for oss alle. Når ein ytrar seg offentleg, kan det jo i teorien skaffe massiv merksemd, meir enn ein hadde ønskt, kanskje.

  2. Jeg tror ikke det er en sammenheng mellom det høre om en annens problemer/sykdom/nederlag og det å lese en tekst hvor dette er temaet. I alle fall er det to ganske forskjellige ting for meg.

    En betroelse kan være privat eller personlig. En tekst kan være privat eller personlig. De har forskjellige funksjoner. Det er et problem i en litterær tekst er når den blir privat. Gulliksen snakker om at den blir privat når man som leser forstår mer enn forfatteren. En annen måte å forsøke å forklare dette skillet på er å si at den er privat om forfatteren fremdeles er traumatisert av det som skjer/skjedde, og teksten er en terapeutisk tekst for forfatteren selv. Man må ha en avstand til stoffet. Man må også kunne klare å le av det som skjedde, vise at man har lært noe.

    Men et betroelse behøver jo ikke å være der. Den kan komme i det man er midt oppe i noe, og ikke har rukket bearbeide det som skjer.

    1. Det som kan bli litt utydeleg i teksten min, er at eg skriv både om vurdering av skjønnlitterære tekstar og meir generelt om det å fortelje detaljar frå privatlivet sitt. Eg er samd i at det er to heilt ulike tema. Men når det gjeld skjønnlitteratur, trur eg det er vanskeleg for andre enn forfattaren sjølv å vite akkurat kor mykje som er sjølvbiografisk, så der meinar eg at kor vellukka den litterære forma er, vil bli avgjerande for kva vi synes om innhaldet. Når det gjeld intime detaljar generelt, lurer eg altså på om ikkje kven som fortel er avgjerande. I litteraturen trur eg at sjølv godt kjente og likte folk kan gå heilt på tryne – om dei ikkje kan å skrive god litteratur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s