Sjølvkritikk og pengar

Om litteratur skal vere meir enn indremedisin for frustrerte fruer, krev det at kritikarane les og skriv litteraturen inn i samfunnsdebatten. Men ein kritikarstand som vil ta samfunnsansvar, må også bry seg med noko så prosaisk som pengar.

Eg tar sjølvkritikk for måten eg brukte boka til Kaja Schjerven Mollerin som utgangspunkt i blogginnlegget Saman, kvar dag?! Hovudsakleg på grunnlag av boktittelen gjorde eg ei lettvint og misvisande kopling til den funksjonen skjønnlitteratur har hatt for meg i ulike livsfaser, medan Schjerven Mollerin tek for seg litteraturinstitusjonen som møteplass og samtale om eksistensielle spørsmål. Korleis lever vi saman, ikkje berre med familie og vener, men i den store menneskelege fellesskapen?

Eg har nett vore på Kritikerseminaret i Lillehammer, og etter å ha høyrt på Schjerven Mollerins føredrag der, må eg seie at eg er samd med henne i det aller meste. Kanskje med unntak av at eg meinar kvalitetsvurdering er sentralt i kritikken, sjølv om det er ulike måtar å vektleggje og uttrykke dette på. Og eg er også meir open for at konflikter i det offentlege ordskiftet kan vere fruktbare, både for å tydeleggjere posisjonar og for å bryne eigne tenkjemåtar og argument mot andre perspektiv og ny kunnskap (for meir om dette, sjå innlegget Kritisk tilstand som potensiale). Men Schjerven Mollerin har mange gode tankar om kritikarrolla og om kva som skaper god kommunikasjon, og eg likar godt måten ho formidlar på. (Innlegget hennar vil etterkvart bli lagt ut på nettsida til Norsk kritikerlag.)

Sjølvsagt kan litteratur vere eskapisme, som det har vore for meg i periodar. Men eg må likevel korrigere inntrykket eg kan ha skapt av at eg ser på litteratur som indremedisin. Som om bøker er produkt på linje med sjokolade og pledd når ein treng kvile og trøyst etter ein slitsom dag. Det meinar eg absolutt ikkje.

Å lese har også i høg grad vore ein måte å jobbe med eksistensielle spørsmål på, og litteraturen har gitt meg både kunnskap og medvit om ulike sider ved samfunnet – og verda – eg lever i. Så sjølv om eg som litteraturkritikar er påverka av autonomiestetikken, meinar eg absolutt at litteratur kan og bør angå tida han er skriven inn i. Eg leitar difor etter nye måtar å skrive kritikk på, der eg kan vere tydeleg både på kven eg er som lesar, og kva dei ulike litterære verka kan tilføre den offentlege samtalen.

Som eg vel har etablert ganske grundig på denne bloggen, har kvardagslivet til ein viss grad fortrengt litteraturen for meg dei siste åra. Men medan eg har bytta bleiar heime og handsama økonomibilag på jobb, har det pågått mange parallelle prosessar i hovudet mitt. Det har handla om alt frå religion, kjærleik og morsrolla til ambisjonar og samfunnsspørsmål. Men etterkvart har interessene mine rørt seg frå tema som i hovudsak har handla om det personlege, mot eit meir politisk engasjement. Ikkje partipolitisk, men på den måten at eg er oppteken av maktstrukturar i samfunnet og retorikk i den offentlege samtalen.

Akkurat no er eg full av inntrykk frå Kritikerseminaret, som med temaet «Kritisk ansvar» gikk rett inn i mykje av det eg har tenkt på i det siste. Til dømes snakka Espen Stueland om utspelet han har hatt om at kritikarar bør ta stilling til saksinnhaldet i bøkene dei melder, ikkje berre til om dei er estetisk vellukka. Han har dermed høge ambisjonar for kritikken, men eg er samd i den grunnleggande tanken. Eg meinar at om kritikken i det heile skal ha ein funksjon i samfunnsdebatten, må vi bruke heile erfaringa vår som privatpersonar og samfunnsmenneske i bokmeldarverksemda, og sørge for å stadig vidareutvikle både kunnskapen og refleksjonsevna. Og då altså ikkje berre på det litterære feltet, men òg politikk, forskning og andre aktuelle saksfelt.

I det perspektivet er det endå viktigare å sjå på det materielle grunnlaget for kritikk: Stor gjennomtrekk i kritikarstanden (på grunn av dårleg løn) vil føre til at ein stor del av kritikken blir overlatt til stadig nye, unge menneske som må byggje seg opp både i kjennskap til det litterære feltet og som samfunnsmenneske. Og som kanskje forlet kritikken idet – eller før – dei byrjar å bli tydelege samfunnsaktørar for seg sjølv og andre. Nettopp difor er det at ein kritikk som ønskjer å ta samfunnsansvar også må bry seg med noko så prosaisk som pengar.

Eg veit at mange kritikarar ikkje likar å snakke om det, men økonomi er viktig. Vi kan snakke så mykje vi vil om samfunnsansvar, men om vi ikkje samstundes snakkar om pengar, blir det berre honnørord som kilar i øyrene ei stund, men som får minimal innverknad på den kritiske praksisen.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s