Det som brenn

Når forstadar står i brann fordi ungdom ikkje ser noko håp for framtida, då er det på tide å leite etter korleis det eg driv med kan påverke samfunnet i den retninga eg vil at det skal røre seg: Mot mindre forbruk og større solidaritet.

I dag har eg så mykje på hjartet at eg knapt veit kor eg skal byrje. Skal eg byrje med dagens første lesaroppleving, med Bernhard Ellefsens bokmelding av Kristian Lundbergs to siste bøker? Eller med inntrykk frå Kritikerseminaret 2013, kor eg var førre helg? Med Magne Tørrings etterord til boka eg skal melde, Pupper og egg av Mieko Kawakami? Med debattboka Blåkopi av Wegard Harsvik, som nyleg gjorde eit sterkt inntrykk på meg? Eller med den viktigaste boka som har kome ut på 2000-talet, Ulikhetens pris av Richard Wilkinson og Kate Pickett? For alt dette heng saman, og det heng saman med det meste som står i avisene for tida også.

Eg byrjar bakerst, med Ulikhetens pris: Boka, som kom ut i Storbritannia i 2009 og på norsk i 2011, gir eit samla bilete av forskning som er gjort dei siste 30 åra på samanhengen mellom økonomisk ulikskap og diverse sosiale problem i verdas rike land. Kort sagt er bodskapen at “nesten alt – fra forventet levealder til mental helse, fra vold til fedme – påvirkes av et samfunns økonomiske likhetsgrad, ikke dets rikdom” (sitat frå baksideteksten.) Årsaka er at det psykiske stresset som stammar frå opplevinga av å ha låg sosial status, påverkar menneske negativt på mange måtar, slik at dei synlege sosiale problema vert å rekne som symptom på eit sams, underliggjande problem snarare enn separate fenomen.

Dette er innsikt som burde endre grunnleggjande alt vi tenkjer om politikk og problemløysing i samfunnet, for det vert tydeleg at mykje av det vi driv med i dag er berre er symptombehandling. Eg siterer frå boka:

«De helse- og sosialproblemene vi har funnet er relatert til ulikhet, har en tendens til å bli oppfattet av politikere som separate områder som krever helt ulike ytelser og hjelpetiltak (…) Disse tjenestene er kostbare, og ingen av dem er mer enn delvis effektive. For eksempel har kvalitetsforskjeller i helsevesenet mindre effekt på folks forventede levealder enn de sosiale ulikhetene når det gjelder risikoen for å få livstruende sykdom. Og selv når disse tjenestene klarer å stoppe nye forbrytelser, kurere kreft, avvenne rusmisbrukere eller rette opp utdanningsproblemer, vet vi at samfunnene våre i det uendelige gjenskaper disse problemene for hver ny generasjon. På samme tid er disse problemene mest utbredt i de fattigste delene av samfunnet, og opptrer i det mangedobbelte i samfunn der ulikheten er størst. (Wilkinson og Pickett, Res Publica 2011, s. 52, mi utheving.)

Boka tar vidare for seg ulike sosiale problem, og viser forskning som styrkjer dei same funna: Det å oppleve seg som sosialt mindreverdig går så sterkt utover sjølvbiletet og den psykiske helsa at det kan få oss til å oppføre oss både sjølvdestruktivt og destruktivt i møte med andre.

I Ulikhetens pris blir Sverige og Japan framheva som dei to landa i verda med størst grad av økonomisk likskap og færrast sosiale problem. Men boka kom ut i 2009, og var basert på tidlegare forskning. Om ein kunne måle dei same effektene idag, ville resultata nok sett betydeleg verre ut for begge desse landa. Boka Blåkopi av Wegard Harsvik (Res Publica 2013) viser korleis ulikskapen har auka i Sverige dei siste seks åra under den borgarlege regjeringa; korleis arbeidsløysa blant unge har eksplodert, skuleresultata blitt dårlegare og standarden på sjukeheimane har gått ned fordi private aktørar heller vil ta ut utbytte enn å prioritere god og kvalifisert bemanning.

I etterordet til den aktuelle japanske romanen Pupper og egg skriv Magne Tørring:

«Japan har gjennom store deler av etterkrigstiden vært regnet som et egalitært samfunn, hvor ressursene var relativt jevnt fordelt i befolkningen. Arbeidsledigheten har vært lav, og levestandarden høy. Da den økonomiske boblen sprakk på begynnelsen av 1990-tallet, begynte imidlertid situasjonen å forandre seg. Næringslivet gikk gjennom en kraftig omstrukturering, og det engelske begrepet restructuring, på japansk forkortet til risutora, utviklet seg fra å være dominert av én stor middelklasse, til å bli et forskjellssamfunn.» (Bokvennen forlag 2013, s. 134)

Det anar meg at det som skjedde i Japan kan samanliknast med det som har skjedd i USA og Europa: Økonomisk spekulasjon og uansvarleg utlånspolitikk har skapt økonomisk krise, og den påfølgjande nedskjeringa i offentlege budsjett skaper arbeidsløyse og aukande sosiale problem i ein stadig nedgåande spiral.

Med alt dette i bakhovudet vart eg glad og oppløfta av å høyre på føredraget den svenske omsetjaren, litteraturkritikaren og kulturredaktøren John Swedenmark heldt på Kritikerseminaret på Lillehammer 30. mai. Han driv litteraturkritikk med eit ønske om folkeopplysning og ideologikritikk, og har ein tydeleg politisk ståstad hos fagrørsla (som har blitt sterkt svekt i Sverige under den borgarlege regjeringa fordi skattefrådraget for medlemskontingenten har blitt fjerna, ref. Blåkopi.) Swedenmarks føredrag kan du lese her.

Det som imidlertid vart påfallande i løpet av kritikerseminaret, var at dei norske deltakarane verken såg ut til å dele Swedenmarks prosjekt eller til å heilt sjå relevansen av det. Og da var Klassekampen representert i debatten med tre profilerte kritikarar: Espen Stueland snakka om økologisk litteratur og at kritikken også må vere oppteken av sak, ikkje berre estetiske vurderingar. Han sa elles at motivasjonen hans for å gå over til Klassekampen hadde vore sjansen til å skrive meir om poesi (indirekte oppfatta eg dette som at det politiske aspektet ikkje hadde vore viktig). Kaja Schjerven Mollerin var mest oppteken av det personlege og eksistensielle i litteraturkritikken; at kritikaren skal vere tydeleg på kven ho er, og samstundes open for prosjektet til dei ulike forfattarane ho skriv om. Tom Egil Hverven, hovudmeldaren i Klassekampen, meinte at omgrep som nyliberalisme, høgre og venstre er politisk språk på tomgang fordi den raudgrøne regjeringa ikkje leverer betre klima- og miliøvern enn ein kunne vente av ei borgarleg regjering. Han gjorde eit poeng av at Klassekampen under Bjørgulv Braanen hadde «utvida sitt virkeområde», noko som var årsaka til at Hverven byrja å skrive der. (Alt dette er referert på nettsida til Kritikerlaget.)

Med andre ord – ingen openberre teikn på at litteraturkritikarane i Klassekampen har tenkt å klatre opp på barrikadene for fagrørsla med det første.

Den einaste som i løpet av seminaret indirekte nærma seg noko som kunne likne Swedenmarks prosjekt, var Audun Lindholm i føredraget om Vagant. Der sa han følgjande:

«Vi ønsker å være et barometer på et samfunn i forandring, samtidig som vi undres over hvorfor norsk samtidslitteratur ikke oftere går inn i vår tids utfordringer. Der det er idékamp bør det også være strid i litteraturkritikken – hvis ikke spiller litteraturen seg ut på sidelinja. Her er vi stolte av å plassere oss i tradisjonen fra Georg Brandes.» (Les samandrag av førdraget her)

Men dette kom ikkje opp under debatten, og eg veit difor ikkje om Lindholm meinar at han og Vagant er klare til å gå inn i samfunnsdebatten med ein like tydeleg ståstad som Swedenmark. (Hadde eg ikkje hatt det så travelt med å referere debatten, kunne og burde eg ha tatt opp spørsmålet og bidratt med mitt perspektiv, men det er ikkje alltid eg klarer å tenkje fort nok i situasjonen; det kan ta tid å fordøye det andre seier og formulere det ein sjølv meinar. Så eg skriv dette i staden.)

Difor vart eg glad då eg slo opp i Morgenbladet i dag tidleg og las Bernhard Ellefsens melding «Alfabet for underklassen», kor han skriv om Kristian Lundbergs roman En hemstad og den utgitte brevvekslinga mellom Lundberg og Crister Enander, Hat & Bläck. Dette er høgaktuelle bøker som går rett inn i den politiske situasjonen. Ellefsen formidlar korleis Lundbergs bøker er relevante, og korleis litteraturen kan ha ein politisk funksjon. Det er godt tenkt og nydeleg skrive:

«Med det litterære språket kan forfatteren hevde retten til sin egen lidelse og til å reise seg. Som hos Aristotiles, hvor menneskene blir politiske idet de former lydene i halsen til ord på agoraen, gjør Lundbergs usynlige mennesker ordene til sine egne, lar dem betegne og bestemme seg selv.» (Morgenbladet 7. juni)

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal gjere det enno, men dette er det eg vil, både med litteraturkritikken og elles: Når eg har oppdaga noko viktig om korleis menneska, samfunnet og verda fungerar, så vil eg jobbe for at den kunnskapen skal kome ut og påverke realitetane.

Når det er slik at økonomisk likskap er grunnleggjande for den generelle velferden i eit samfunn, så påverkar det alt eg tenkjer om politikk. Individuell fridom er viktig; ja. Innovasjon og entreprenørskap er viktig; ja. God næringspolitikk er viktig; ja. Men når ei rekkje forskningsprosjekt viser at skattelette til dei rike ikkje skaper fleire arbeidsplassar (ifølgje Blåkopi), då er det på tide å slutte å argumentere for skattelette. Når økonomisk ulikskap skaper meir fysisk og psykisk sjukdom, er det ikkje ein god idé å straffe arbeidsledige og uføretrygda med å gi dei mindre trygd og høgare skatt (slik den borgarlege regjeringa i Sverige har gjort; «det skal løne seg å arbeide»). Når sosial dumping i arbeidslivet blir stadig vanlegare, er det sannsynlegvis ikkje ein god idé å slakke på krava i lovene som regulerer arbeidslivet (også kalla «ein meir fleksibel arbeidsmarknad»).

Om ein ønskjer lønsmoderasjon frå vanlege arbeidstakarar, er det ein svært dårleg idé at toppleiarane aukar lønnsgapet med å gi kvarandre høgare honorar og betre pensjonsavtalar. Når vi går mot ei klimakrise, er det på tide å stoppe oljeboringa og skru ned forbruket – kraftig! Dette er så sjølvinnlysande at ein må ha særinteresser som er sterkare enn forstanden for å ikkje skjøne det. Det skremmande er at særinteressene faktisk er så sterke.

Så når forstaden Husby i Stockholm står i brann fordi ungdommen der ikkje ser noko håp for framtida, då er det på tide å leite etter korleis det eg driv med – om det er litteratur og litteraturkritikk eller noko heilt anna – kan påverke samfunnet slik at det kan gi så mange som mogeleg håp. Håp om at det finst ein fellesskap og ei framtid der det er plass også til dei.

Tilrår å lese Frode Helmich Pedersens artikkel “Humaniora som merkevare”: “I stedet for å argumentere for at også HF-fagene bidrar til å smøre samfunnsmaskineriet, bør humanistene insistere på sitt motstandspotensial.”

Les meir om Ulikhetens pris og kva bodskapen i boka kan ha å seie om framvekst av ekstremisme i blogginnlegget Fordelen med krig.

14 comments

  1. Interessant innlegg! Når det gjelder situasjonen i Japan, skriver jeg mer om dette i etterordet til “Krabbeskipet”, men kort sammendratt tenker jeg at den viktigste enkeltårsaken til krisen nå er den omfattende avreguleringen av arbeidsmarkedet som har skjedd siden midten av 90-tallet. Dette var et feilslått forsøk på å snu den negative trenden ut fra tankegangen: “Vi må legge til rette for næringslivet og få økonomien på fote igjen før vi kan tenke på velferd”. Dette har så langt jeg kan vurdere vært feilslått på alle plan. Det er selvsagt umulig å vite hvordan landet ville ha sett ut med en mer sosial politikk, men slik det ser ut nå, har man ikke klart å skape vekst, og i stedet skapt en stor gruppe av deltidsarbeidende “working poor”. Etter regjeringsskiftet i fjor har pilene pekt oppover en stund, men mange jeg har snakket med, har ristet på hodet over uansvarlig og kortsiktig pengepolitikk, og børskursene de siste dagene tyder også på at veksten kan bli kortvarig.

    1. Takk for det, både kommentaren og opplysningane! Tanken om at arbeidsplassane skal kome frå kapitaleigarane medan pengar til velferd er bortkasta, har vore populær i heile verda i lang tid, men det finst mange som no seier at eit visst velstandsnivå i heile folket er avgjerande for økonomien. Sjå mellom anna dette interessante innlegget frå ein som sjølv er bedriftseigar, som snakkar om kvifor skattelette til dei rike ikkje skaper arbeidsplassar.

      I ein annan TED talk sier Nobelprisvinnar i økonomi, Joseph Stiglitz, at om skattelette til dei rike hadde verka, ville vi i dag hatt ein heilt annan økonomisk situasjon enn det vi faktisk har. I USA har den rikaste prosenten fått enormt mykje meir av den totale samfunnskapitalen dei siste tiåra.

      Når eg først er i gang … Men no må eg prøve å konsentrere meg om andre ting!

  2. Jeg er litt overrasket over konklusjonen du trekker i bloggen, Merete: “ingen openberre teikn på at litteraturkritikarane i Klassekampen har tenkt å klatre opp på barrikadene med det første.” Espen Stueland og Kaja Schjerven Mollerin får svare for seg selv. Mitt svar er todelt: For det første framhevet jeg i debatten Jonas Bals som et ideal og et godt eksempel på en som arbeider etter samme linjer som Johan Swedenmark – i Norge. For det andre publiserte jeg på lørdag to tekster i Bokmagasinet som er noe av det mer uforsonlige jeg har skrevet om klimaendringer, med et forsøksvis bredt historisk perspektiv. Den lengste tar utgangspunkt i Hannah Arendt. Jeg viste vel i debatten også til at engasjementet mitt i slike spørsmål har vært der siden begynnelsen av 1970-tallet. Utmattelse i miljøspørsmål kan vel noen hver kjenne (les J. Franzen: “Smerte dør man ikke av” i essaysamlingen ‘Lenger unna’).

    At jeg er selvkritisk til venstresidesjargong om nyliberalisme, betyr ikke at jeg er uten engasjement, hvis det er det du mener med “å klatre opp på barrikadane”. Jeg skrev nokså positivt om “L’insurrection qui vient” før den kom på dansk (“Den kommende opstand”, After Hand 2011). Men ikke alle former for voldelig motstand virker like forlokkende etter 22. juli 2011 i Norge. Å tenke gjennom og tvile seg fram til standpunkter i slike spørsmål er ikke det samme som å mangle forpliktelse eller engasjement.

    1. Eg ser stor pris på miljøengasjementet ditt, Tom Egil. Opprinneleg hadde eg skrive “klatre opp på barrikadene for fagrørsla”, og no har eg skrive det inn igjen for å vere meir presis. Det er ingen tvil om at både du, Kaja og Espen S. har engasjement, men det verka for meg som om ingen av dykk kjende dykk heime i den tradisjonelle arbeidarrørsla eller ønskte å gå inn i det meir politiske. Årsaka til at eg personleg meinar at omgrep som nyliberalisme, venstre og høgre framleis er relevante, er den politiske utviklinga vi ser mellom anna i Sverige. Når det er sagt, har heller ikkje eg vore spesielt engasjert i politikk tidlegare, men eg opplever det som viktig å ta stilling til det som skjer politisk for tida. Klima er kanskje det aller viktigaste på sikt, så det er vi i alle fall heilt samde om!

  3. Igjen synes jeg du er vel fantasifull i tolkningen. Hvor henter du det fra at “ingen av dykk kjende dykk heime i den tradisjonelle arbeidarrørsla eller ønskte å gå inn i det meir politiske”? At Bjørgulv Braanen sto for en utvidelse av Klassekampens tilfang av skribenter for drøye ti år siden, kan neppe brukes til å definere noen av oss tre på en slik måte.

    Noen få setninger og bisetninger i debatten på Lillehammer setter heller ikke strek over alt vi har skrevet og sagt de siste tiårene. Kanskje kom jeg til Klassekampen fordi noen satte pris på engasjementet, f.eks. for folkeopplysning og mot nyliberalisme? Det har i alle fall resultert i essayet “Megalomani og selvutslettelse” i Samtiden 4/2011 (en redigert versjon av tre lengre kommentarer jeg skrev i KK etter 22. juli. En revidert versjon fins i en bok om 22. juli redigert av Svein Østerud på Abstrakt forlag, 2012). I essayet, og mange ganger i ulike debatter, har jeg henvist til Agoras gode temanummer om nyliberalisme (1/2011), særlig A.J. Vetlesens og O.J.Madsens artikler. Deres bidrag er fyldige, presise og gode. Og det er et krav man bør sette til seg selv om man bruker et såpass forslitt begrep som “nyliberalisme”.

    1. Vel, dette var mi oppleving. Eg har ikkje lese alle dei artiklane du refererer til, og eg veit ikkje kva du har stått for før. Det eg er oppteken av, er kva slags politikk høgresida i Norge står for, kva realitetar som ventar bak dei politiske flosklane dei brukar. Det trur eg vi kan lære mykje om ved å sjå til Sverige.

      1. No hadde eg akkurat skrive eit langt svar som vart borte fordi eg kom borti noko, og då vert eg litt motlaus … Men i kortversjon: Eg ser no at eg har lese artikkelen din før, og den er veldig god. For å forklare meg meir om innlegget: I debatten var det som om samtalen ikkje heilt fann retninga, og eg oppfatta de frå Klassekampen som vage på om kritikken i Klassekampen har eit politisk prosjekt som lar seg skilje frå andre aviser (på direkte spørsmål frå Jon Rognlien). De la vekta på tydelege einskilde stemmer, men også på at de ikkje ville vere for snevre eller innforståtte. At du tok opp bruken av omgrep oppfatta eg der og då som at du markerte distanse til det Swedenmark driv med; at han opererer med kategoriar som ikkje lenger er reelle. Og sidan eg meinar at dei i høgste grad er reelle, reagerte eg på det. Kanskje meinte du det ikkje slik. Eg hugsar også den fine utlegninga di av filmen Som du ser meg, som du vel også meinte endte i kritikk av kapitalisme/nyliberalisme? I alle fall var det noko med scena framfor Barcode. Eg får seie som eg brukar når det gjeld spørsmål om kor alvorleg klimatrusselen er: Om eg har tatt feil, er jo det berre bra.

    1. Interessant artikkel! Borgarløn kunne definitivt vere verd å prøve. Eg tippar mange på høgresida er imot dette fordi det gjer arbeidstakarane mindre avhengige av å få lønsarbeid. Det som vert urimeleg i til dømes Sverige i dag, er at ein ved å bruke styringsrenta held inflasjonen lav, så stig arbeidsløysa, som pressar ned lønningane (las nyleg om det i Klassekampen, trur det var slik det var). Samstundes som ein kuttar i trygdebudsjetta. Då blir situasjonen ganske håplaus for mange, enten dei er utan jobb eller må ta dårleg betalte jobbar. Eit talande sitat frå LMD-artikkelen: “den britiske økonomen Arthur Young sa på slutten av 1700-tallet: «Alle, bortsett fra idioter, forstår at de lavere klassene må holdes i fattigdom for å bli arbeidsomme.»” Mens det altså er meir miljøvennleg om vi arbeider mindre, tenar mindre og forbrukar mindre.

      1. Jeg liker borgerlønnstanken fordi det har et humanistisk menneskesyn, og går bakenfor vanlige høyre-venstretenkning. Jeg synes ikke det ligger et humanistisk menneskesyn i bunnen av norsk venstreside-politikk slik det kommer til syne i dag. Det offentlige er snarere gjennomsyret av et funksjonalistisk menneskesyn. Det er reduksjonistisk, fokusert på arbeidsevne (tenk “restarbeidsevne” -for et ord!). Både offentlig som privat er besatt like snever nyttetenkning, bare tenk på hvor styrt tildelingene til forskning er for tiden. Dette er totalitære samfunnstrekk. Borgerlønn åpner for å tenke forholdet mellom stat og individ på en radikal ny måte.

      2. Vel, der kan eg ikkje så at høgresida skil seg positivt ut heller. Retorikken som handlar om individuell fridom og valgfridom oppfattar eg som ein måte å seie at fellesskapen skal ta mindre ansvar for individuell velferd, samstundes som høgresida er gjennomsyra av forbod og straff-tenking. Og er det noko eg trur har svært lite for seg for å skape eit godt samfunn, så er det forbod, straff og kontroll i staden for tillit. Men det er klart – eit ekstremt venstre, som i kommunistiske regimer, er like antihumanistisk som ekstrem kapitalisme. Men det er vel ikkje akkurat relevant for norsk samfunnsdebatt i dag, kor vi stort sett snakkar om gradar av sosialdemokrati og blandingsøkonomi. Eg er litt skeptisk til borgarløn fordi det kan verke som ei umyndiggjering av individet; eller gjer noko med ansvaret den einskilde har for eige liv. Men det verkar pragmatisk rasjonelt på eit vis fordi det ville fjerne byråkrati, som er tungt å møte for den einskilde. Men utan det byråkratiet ville det ble mange fleire med behov for borgarløn … Men bevares – sjølv vil eg mykje heller lese bøker og skrive kritikk på borgarløn enn å jobbe i byråkratiet🙂

  4. Dette synes jeg var et besynderlig innlegg. Du bygger ganske oppsiktsvekkende påstander på et par muntlige uttalelser på et seminar.

    Hvis du leter etter tegn på at kritikerne i Klassekampen ser relevansen av et radikalt prosjekt, trenger du bare slå opp i avisa. Du må forholde deg til deres virke i Klassekampen og deres tekster der. Les Kaja Schjerven Mollerins anmeldelse av Asle Toje. Eller hennes essay om Arundhati Roy. Eller Susanne Christensens essay om Chris Kraus. Eller Jonas Bals’ anmeldelser. Eller stort sett alle essays Tom Egil Hverven har skrevet de siste årene. Eller Bjørn Ivar Fyksens anmeldelse av Kristian Lundberg lørdag, som du ikke nevner her.

    Det finnes utallige eksempler. Ingen avis har skrevet så mye om nyliberalismen og klassesamfunnet som oss. Motsetningen du skisserer er fortegnet, og at du gjengir vår posisjon så lemfeldig og skjevt, synes jeg er leit og underlig.

    1. Eg skjønar at dei inntrykka eg fekk under debatten på Lillehammer blir oppfatta som svært feilaktige. Men for å svare litt inn frå sida: Eit viktig poeng i debatten var at ein ikkje ville kommunisere “innforstått”. Likevel har alle innvendingane mot innlegget mitt vist til kva skribentane tidlegare har skrive. Eg har berre hatt Klassekampen i rundt eit år, trur eg, og har ikkje hatt tid til å lese alt som er skrive i bøker og tidsskrift av dei aktuelle tre kritikarane, som var dei eg uttala meg om. Eg er slik sett ikkje heilt inside og oppdatert som kritikar, det er jo også utgangspunktet for bloggen min. Men eg er oppteken av kritikk, og i aukande grad av politikk, difor reflekterer eg rundt det eg opplever.

      Når det er sagt: Eg har ikkje tenkt på noko punkt tidlegare at Bokmagasinet ikkje er radikale nok politisk. Men nettopp difor var det uventa for meg at dei meldarane som representerte avisa i debatten verka uvillige til å seie noko om korleis kritikken der skil seg frå den som står i andre aviser, og om det i Norge finst konkurrerande tankesystem (på direkte spørsmål frå Jon Rognlien, som framgår av referatet). Klassekampen er jo “venstresidas avis”, så difor blei eg overraska av at Hverven møtte Swedenborgs radikale prosjekt med å stille spørsmålsteikn ved omgrepa nyliberalisme, venstre og høgre. Hverven meinte også at høgre-venstre aksen nærmast var oppheva pga. APs dårlege miljøprofil, som om miljøpolitikk er ei viktig skillelinje mellom høgre og venstre. Det er det vel i alle fall tradisjonelt ikkje? Mange i fagrørsla prioriterer arbeidsplassar over miljø, medan liberale/sentrumsnære Venstre er opptekne av miljø? Og det finst då mange andre saker som gjer høgre-venstreaksen relevant?

      Kanskje oppfatta eg situasjonen feil, og det blir det vanskeleg å finne ut av om ingen andre som var til stades uttalar seg. Men uansett: Klassekampen har vel som mål å nå stadig nye lesarar, og då kan ein godt ta med seg Swedenborg sine tankar om tydeleg formidling samt ta høgde for at ikkje alle som les eller høyrer på kritikarane veit alt om kva dei står for frå før. Seinare same kveld snakka eg med ein ung litteraturkritikar som så ho kjende seg utestengd når ho les Bokmagasinet, litt slik eg kjenner av og til når eg les tidsskrift. Eg hadde ikkje tenkt slik sjølv om Bokmagasinet, så vart litt sjokkert over det. Men slik vart det sagt, i alle fall.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s