Kritikk av kritikk av kritikken

Eg har fått reaksjonar frå dei som er direkte eller indirekte omtala i det førre blogginnlegget mitt, det blir oppfatta som urettferdig mot kritikarane i Klassekampen. Så da har eg visst gjort mitt for å skape meir usemje kritikarar imellom, utan at det gir meirsmak, eigentleg.

Det er jo ei ny erfaring å få så mange reaksjonar, og det styrkar slik sett hypotesen Kaja Schjerven Mollerin hadde i føredraget sitt på Lillehammer: At ein får meir merksemd når ein går hardt ut. Ho har forresten vore svært generøs i måten ho har gitt meg tilbakemelding på, sjølv om ho også er usamd. Og ho har heilt rett – det blir betre kommunikasjon av det.

Det som gjaldt Klassekampen var jo berre eitt av fleire element i teksten, og ikkje det viktigaste for meg. Så eg formulerte meg kort og spisst, men kanskje blei det for spissformulert.Men eg vil ikkje fjerne innlegget, for dette var trass alt opplevinga mi, så feilaktig ho enn kan vise seg å vere. Dei som skriv i Klassekampen kan jo ta det som ei øving i å vere på den andre sida, som mottakar av kritisk vurdering. Kritikken kjem som kjent frå eit subjekt, som har sine perspektiv og hang-ups, men for forfattarane går det den einskilde kritikaren har opplevd ved lesinga av boka inn som ei utsegn i det store mediearkivet. Så kvifor ikkje nokre bloggtankar om ein debatt på kritikarseminar?

Men eg vil gjerne seie ein ting: Fordi eg skriv om det som opptek meg, har det blitt ein del omtale av andre kritikarar. Og sidan kritikarar generelt får lite tilbakemeldingar, påverkar kanskje det eg skriv andre meir enn eg har trudd og ønskt? Eg har i alle fall ikkje så mange lesarar, så det kan jo vere ei trøyst for somme … Men sidan eg ikkje på nokon måte er i ein posisjon til å bli ein slags kritikkens bestemor som vurderar andres innsats, skal eg kanskje bli forsiktigare med å omtale andre kritikarar, og fokusere meir på litteratur og sak.

For meg er det jo ikkje personane som er viktige, men dei emna eg funderar på sjølv.

8 comments

  1. Jeg synes ikke du skal beklage at en bisetning (og knapt nok det) i et blogginnlegg blir tatt ut av sin sammenheng og blåst ut av proporsjoner.

    1. Vel, vanskeleg å vurdere for meg når fleire heilt tydeleg føler seg tråkka på tærne … Men takk for støtten! Det opnar kanskje i for stor grad opp for tolkingar når ein er såpass knapp (og sleivete) i kommentaren som eg var. Men har i alle fall fått utdjupa grundig i kommentarane. “På barrikadane” ser i alle fall ut til å vere ein attraktiv stad å vere😉 Eg veit no ikkje det ….

      1. I min tolkningsverden heter det selvhøytidelighet. Jeg har veldig lite sans for effekten av slike debatter når de åpenbart virker disiplinerende på deg eller andre som kommer med betraktninger rundt kritikk og kritikerne. Hvis disiplin også er målet, så har vi et problem.

      2. Det kan du vel ha rett i. Men eg har ei stund lurt litt på om det eigentleg er greit å sitje på sidelinja og kommentere det andre kritikarar har føre seg. Det kan bli litt mykje preg av “knausing”: Å skrive om andre i staden for å vende seg direkte til dei. Eg tåler konflikt når eg meinar at det trengst, men vil spare energien til dei viktige sakene.

  2. Hvis det blir slik at kritikere er redde for å tenke høyt eller oppfordre til debatt, av frykt for andre kritikeres snurte irritasjon over kanskje å ha blitt misforstått, da mener jeg hele kritikken har spilt fallitt. Å bli misforstått bør vel være en anledning til å rette opp misforståelsen, ikke til å anklage noen for å ha forsøkt å forstå i utgangspunktet?

    La deg ihvertfall ikke kue av disse merkelige reaksjonene om at du skal ha lest absolutt alt en person har skrevet tidligere før du kan kritisere det de har sagt i en bestemt debatt. Det faller på sin egen urimelighet. Som andre mennesker kan ikke kritikere regne med at CVen blir tatt i betraktning ved hvert eneste nye møte.

    1. Neida, ein må jo tåle nokre reaksjonar også. Eg ser elles at tonen kan vere ganske barsk i Facebook-debatter, til dømes, utan at det treng å ligge så mykje i det. Så det er noko eg må venne meg til, utan at eg sjølv eigentleg ønskar å legge meg til den stilen sjølv.

  3. Bare en kort liten kommentar: Ingen grunn til å spare på kritikken av kritikken! Det må vi alle sammen tåle, og bloggen din er et av få forsøk på å tenke høyt om litteraturkritiske skrivemåter. Vi trenger mer av det, ikke mindre. Mollerin har kanskje rett i at temperatur i seg selv ikke nødvendigvis gjør debatten bedre, men uenighet utvider rommet for samtalen. Stå på.

    1. Takk for oppmuntringa! Eg er litt delt her; veldig for debatt og har ikkje noko problem med sakleg usemje, men er eigentleg lite komfortabel med konflikter fordi dei så raskt kjennest personlege. Her kan nok eg som mange kvinner ha godt av å tøffe meg opp litt. Blogging er elles ein kanal for kritikk kor det, såvidt eg kjenner til, ikkje finst klare normer for kva som er sosialt akseptabel praksis, og det er mest det usikkerheita mi handlar om. Å omtale andre kritikar ved namn i ein kanal med eit visst “personleg” preg kjens ansleis enn å ha ein kritikk eller kommentar på trykk i avisa. Dette er ei problemstilling eg gradvis har vorte meir klar over, etterkvart som eg møtt reaksjonar her og der. Blogge om kritikk er eg framleis for, men det med omtalar av folk, spesielt om det ikkje er knytt til ein tekst dei har publisert – det er det eg har blitt meir i tvil om. Takk uansett – og god sommar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s