I verste fall

Du trur kanskje at du har ei ibuande verdigheit som menneske og difor vil bli møtt med respekt på din veg gjennom livet. Det er feil.

Du treng truleg ikkje tenkje deg lenge om før du vil vere samd i at utsiktene til å oppleve den respekten du forventar stort sett botnar i det faktumet at du er nordmann. Om du har farga hud, veit du meir enn meg om at det ikkje er nok å vere nordmann heller, ein skal helst vere kvit.

Men du som er kvit nordmann, du er van med å bli behandla godt på din veg rundt i samfunnet, også når du reiser til utlandet på ferie. Trur du det er fordi du er eit sivilisert menneske med god utdanning? Det er ikkje det. Det er fordi du kan betale for deg. Misser du alle pengane dine i utlandet, vil du oppdage at mykje endrar seg. Er du av den fornuftige typen, går det bra fordi du har reiseforsikring, er du mindre fornuftig, går det kanskje bra likevel fordi du kan gå til den norske ambassaden.

Men vel heime kan det vere at du misser jobben. Så trur du kanskje at fordi du har ei god utdaning, vil du snart få ny jobb, og i den vil du bli behandla med respekt. Det treng heller ikkje vere tilfelle. Det store fleirtalet av nordmenn har lang skulegang no for tida. Og på grunn av finanskrisa er det mange velutdanna europearar på arbeidsmarknaden. Om du omsider får ein jobb, sei til dømes i administrasjonen ved eit universitet, kan du vere uheldig og oppdage at kven du er som person og kva slags utdanning du har, er mindre interessant enn om du er villig til å late som du ikkje kan noko særleg frå før, la deg lære opp på nytt og følgje ordre. Du kan oppdage at om du er kvinner, vil du møte andre forventningar enn om du hadde vore mann, og at løna di blir lågare.

Om du skulle misse denne jobben også, og det byrjar å gå nedover med deg, vil du oppdage at det andre ser i deg, først og fremst er viljen din til å jobbe for så lite pengar som mogeleg.

Om du skulle bli kronisk sjuk eller få andre problem, og til dømes byrje å ruse deg jamnleg, vil du oppdage at det er svært lite igjen av den ibuande verdigheita di når du ikkje lenger er interessant verken som arbeidstakar eller kunde. Representantar for både det offentlege og næringslivet vil byrje å behandle deg med forakt. Du vil snart oppdage at der du før var interessant for andre i kraft av pengane dine og evna di til å selge tenester på den rette måten, er du no berre interessant for eit lite segment av folket, nemleg dei som ser med begjær på kroppen din. Om kroppen er frisk.

Om kroppen er sjuk er det framleis nokre få som vil behandle deg med respekt, nemleg dei som ser det som si livsoppgåve å hjelpe andre. La oss håpe at du ikkje møter på slike som må jobbe så hardt dei kan for så lav løn at dei verken har overskot til å vere hyggelege eller krefter til å gjere jobben ordentleg.

Om du er kvinne, kjem du på dette tidspunktet kanskje på at menneskerettar ikkje alltid har vore for alle som er født menneske. I lange tider, i mange kulturar og framleis mange stadar i verda er ikkje ei kvinne menneske på den same måten som ein mann. Ei kvinne er ein kropp menn kan ha sex med, ein kropp som kan føde barn og gi dei omsorg, ein kropp som kan jobbe hardt. Ei kvinne er eit gode for mannen om ho blir kontrollert på den rette måten. Kva ho har av mentale evner, emosjonar og ibuande verdigheit er mindre interessant.

Kjem du på dette, byrjar du kanskje også å ane at det å vere slave, som mange har vore i verdshistoria, eller å vere fattig, som mange er rundt om i heile verda og rett utanfor våre eigne hagegjerder, ikkje seier noko om dine mentale evner, evna til å elske og yte omsorg eller di ibuande verdigheit. Det handlar om at du tilfeldigvis er født inn i eit samfunn der dei sosiale strukturane tilgodeser andre enn deg. Det handlar om makt, om sosial posisjon og kjøpekraft.

Det er ingenting naturgitt ved at slike som deg skal leve eit godt liv. At du idag har kjøpekraft, intellektuell og sosial kapital er delvis eit resultat av historiske tilfeldigheiter, delvis eit resultat av at nokre som levde før deg kjempa hardt for at fattige arbeidarar, kvinner og born skulle få rett til rimeleg løn for arbeidet sitt, rett til å delta i samfunnslivet, rett til gratis skulegong.

Tar vi desse rettane for gitt, gløymer vi at det fins sterke krefter som er svært interesserte i å reversere utviklinga, og då snakkar eg til dømes om dei som yter økonomisk støtte til Høgre, FrP og Civita. I politikken kan det mellom anna heite «fleksibelt arbeidsliv» eller «å slippe alle gode krefter til». Det betyr å auke sjansane for profitt for dei som er i ein posisjon til å tene pengar på kombinasjonen av ei raus statskasse og billeg arbeidskraft. For dei vil auka arbeidsløyse vere eit gode, fordi det gjer deg villig til å ta ein dårleg betalt jobb. Dei vil forresten også redusere satsane for trygd, slik at «det skal lønne seg å jobbe». Det dei meinar med det, er altså at det skal løne seg for arbeidsgjevarane. Dei vil også gjerne at du skal bli trekt i løn om du er sjuk («karensdag») og meiner at mange uføretrygda nok kunne jobbe om dei berre ville.

Enn så lenge har du mange rettar både som kvinne, arbeidstakar og sjuk i Norge, la oss håpe det ikkje endrar seg. Men mange i vår tid er fødd inn i andre historier og er langt ifrå å få oppfylt dei grunnleggjande menneskerettane sine. Tenk på det neste gong du ser ei rumensk kvinne på din eigen alder som tiggar på gata.

Tilrår å lese Frode Helmich Pedersens bokmelding av Einar Már Guðmundssons Den hvite boken, som handlar om den økonomiske krisa på Island og politikken som skapte krisa. Sitat frå meldinga: “Jeg deler også hans fortvilelse over å se hvordan de nordiske landene nå er i ferd med å bygge ned sine velferdsstater. (…) Overalt selges sosial usikkerhet som personlig frihet. Det skal åpenbart en større krise til for at Guðmundssons budskap skal kunne vinne gehør her til lands. Man protesterer nemlig sjelden før det er for sent.”

4 comments

  1. Ja, vem har sagt att just du skall ha hörsel och syn,
    höra böljornas brus och kunna sjunga!
    Och vem har sagt att just du skall ha bästa menyn
    och som fågeln på vågorna gunga….

    …men om vi ikke fortjener det, er vi likevel verdt borgerlønn?

  2. Dette var litt av en salve. Men du har helt rett. Jeg ser det lille livet (mitt) vakle av sted gjennom samfunnets reelle groteskerier. Eller noe i den duren. Ikke veldig lystig lesning, kan man si litt Johannes Åpenbaringaktig…?

    1. Nokre dagar er ein meir svartsynt enn andre. Men eg synes generelt at vi i Norge har ein tendens til å gløyme at livet er vanskeleg for mange som er akkurat like gode som oss, og tar det for gitt at våre eigne liv sjølvsagt skal vere betre enn andres. Eg synes det er ein farleg tendens at fattigdom og sjukdom blir forklart med at dei som opplever det ikkje har arbeidd hardt nok eller tatt godt nok vare på helsa si, slik det til dømes med jamne mellomrom blir hevda når det blir snakk om forskjeller i levealder mellom Oslo aust og Oslo vest. Det var elles ikkje målet å skrive apokalypisk på bibelsk nivå, men takk for god respons🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s