Mitt liv som merkevare

Eg er ein individualist med sterke liberale sympatiar. Men eg veit at eg aleine ikkje er ein sterk aktør på nokon marknad, tvert om vil marknaden styre meg; kva som er tilgjengeleg for meg, og kva eg må betale for det. Kva eg må selje av meg sjølv, og til kva pris.

Den høgresida som strekkk seg langt inn i Arbeiderpartiet, vil forme samfunnet vårt etter ein marknadsmodell, og marknaden som metafor dominerer etterkvart språket vårt.  Men kor godt kjennest det eigentleg når all menneskeleg samhandling blir framstilt som handelstransaksjonar der målet er å site att med størst mogeleg utbytte?

Er du attraktiv på kjønnsmarknaden? Kva har du å tilby ein potensiell partnar? Sterk økonomi, omsorgsevne, eit vinnande vesen? Eller i det minste ein fin kropp? Korleis gjer du det på arbeidsmarknaden? Byggjer du deg sjølv som merkevare gjennom sosiale medier?

«Shoppar du» politiske standpunkt? Vil du ha mest mogeleg igjen for skattepengane dine? Og er du nysgjerrig på kva forbruket ditt av elektroniske duppedittar, klede og feriar seier om deg som person? Det seier nok først og fremst at du er eit produkt av di tid.

Før du set din lit til marknadsmekanismane, kan det vere lurt å vurdere din eigen plass på dei ulike marknadane. For du kjem ikkje langt utan kjøpekraft eller marknadsmakt, og det er stor forskjell på å vere kunde eller tenesteytar. Korleis påverkar marknadstenkinga eigentleg samfunnet vårt?

Helsemarknaden
Vi er alle potensielle «kundar» for helsevesenet. Gjennom fritt sjukehusval kan du no bestemme kven som skal få lov til å gi deg den helsetenesta du treng. For du har jo betalt over skatteseddelen, må vite. Men korleis er det med utvalet av helsetenester for akkurat den sjukdomen eller skaden akkurat du slit med? Er ditt helseproblem attraktivt på helsemarknaden, har kuren for di helse ein gunstig stykkpris i finansieringssystemet?

For dei som leverer tenester vil sjølvsagt ikkje kaste bort meir tid enn naudsynt på kompliserte og tidkrevjande prosedyrer om det er meir skattepengar å hente på enkle inngrep. Og sjukehusa må dokumentere at dei leverer effektive tenester og føljer rutinene for offentlege innkjøp, så dei må ha tid til å rapportere. Då betyr det mindre om akkurat du er så uheldig å ha fått ein sjukdom som ikkje er kostnadseffektiv.

Legane, sjukepleiarane, hjelpepleiarane, portørane, administratorane og reinhaldarane sel arbeidskrafta si til helseforetak som sel helsetenester. Kanskje er du ein av dei? I så fall krevjer politikarane no at du må ha tal å vise til slik at skattebetalarane skal sjå at dei har fått maksimalt igjen for stemma dei gav ved valet. Kvar ny regjering vil difor ønske å presse meir arbeid ut av dei tilsette enn den forrige regjeringa, helst for mindre pengar.

No trur mange at måten å få til dette på, er å privatisere helsetenestene. Det er fordi dei som skal yte tenestene skal gjere det billigare. Men like bra. Det er ikkje berre usannsynleg, det viser også ein sjokkerande mistillit til alle dei fagfolka som idag driv sjukehus og sjukeheimar i Noreg.  Det er også eit paradoks at auka privatisering vil føre til like mykje eller meir byråkrati enn idag, for nokon må då kontrollere at dei private driv på ein forsvarleg måte og i tråd med regelverket.

Utdanningsmarknaden
I skulevesenet no for tida er elevane sett som kundar. I Oslo har elevar fritt skuleval, med eit viktig atterhald: Om dei har gode nok karakterar. Og dei har rett på å få tilpassa opplæring og papir på kva dei kan. Lærarane har plikt til å gi dei dette. Læraren må dokumentere alle vurderingar til skulebyråkratane i ulike rapportar. Personleg omtanke og omsorg lar seg ikkje måle, men slikt blir det også lite tid til i all rapportskrivinga.

Det læraren har «produsert» i løpet av eit skuleår blir kun målt i karaktergjennomsnitt. Tala brukar rektorar til å samanlikne skulane for å sjå kven som har gjort det best; kven som har fått tak i dei beste lærarane og fått desse til å yte mest. Det seier seg sjølv at resultata vil bli sterkt påverka av om det er dei gode elevane som søkjer opptak ved skulen, difor er no marknadsføring ein viktig budsjettpost for mange offentlege skular.

Politikarane brukar karaktertala til å måle kven som har fått dei beste skuleresultata. På sikt kan det bli slik at karakterane blir offentleggjort, slik at elevane kan «velje» om dei vil gå på skulen med det høgaste karaktersnittet. Det er mykje vekt på desse tala. Tilliten til at tala viser det dei er meint å vise ser ut til å vere ubegrensa, medan dei som skal setje desse tala, lærarane, opplever styringa ovanfrå og den utstrekte dokumentasjonsplikta som mangel på tillit til dei som fagpersonar. Så kva er det eigentleg som skjer? Sjå sesong 4 av TV-serien The Wire, så får du ein viss idé.

Poenget både for helse- og skulesektoren er kvantifiseringa; ein må ha tal å vise til, uansett korleis desse har blitt til. For politikarane skal levere varene til dei som har kjøpt tenestene deira med stemmesetelen sin. Dei skal gi oss mest mogeleg velferd for skattekronene. Lærarane og helsearbeidarane er også skattebetalarar, men i denne samanhengen er det dei som skal yte tenestene.

Eigedomsmarknaden
På eigedomsmarknaden er det vel mindre komplisert. Der tar du opp lån og betalar for det huset du har råd til. Men korleis blir prisane til? Eigedomsmeklarar set prisane, ikkje etter den faktiske verdien på boligen, det banken vil godta som pant, men etter forventa salspris. Det betyr at om nokon med mykje pengar er villig til å gå langt over takst for å få husa dei ønskar seg, vil vi andre etterkvart bli tvinga til å betale liknande prisar fordi prisane på heile marknaden stig.

I Noreg er boligmarkanden ikkje regulert. I andre land, som i Danmark, fins det reglar for å halde prisane nede fordi alle skal ha råd til ein stad å bu. I Norge set vi vår lit til banken, og dei fleste av oss er nødt til å betale på boliglånet til vi er pensjonistar. Dei som har kapital til å investere i boligar blir rike på dette. Og bankane, for det blir mykje pengar av renter og renters rente over tredve år. Så då har du ein viss idé om kven som haustar mest frukt av det lange arbeidslivet ditt.

Varemarknaden/arbeidsmarknad
Men på varemarknaden er det grei skuring med konkurranse, der må det til, ikkje sant? Det er berre dette problemet med sosial rettferd: Priskonkurranse på varer fører til priskonkurranse på arbeidskraft. Dei fleste veit at vi får billige klede fordi fattige må arbeide for svelteløn i andre land. I tillegg til det umenneskelege i slik utbytting, er det desillusjonerande å innsjå at logikken frå varehandelen spreier seg til alle område i livet; grensa mellom vare og menneske er ikkje absolutt, vi sel alle noko for pengar.

Ekstreme tilfeller av at sal av tenester også er sal av kropp, er kvinner i fattige land som føder barn for andre mot betaling og organdonasjon mot betaling. Ein gong i tida var menneske handelsvarer på linje med hestar, og slik er det kanskje framleis. Skal vi tru Washington Post, er det 30 millionar slavar i verda idag.

I USA er fengselsinnsette i kommersielt drivne fengsel billeg arbeidskraft, for mange unge er det umogeleg å få seg ein jobb dei kan leve av i det ordinære samfunnet, men når dei blir kriminelle og blir fengsla, jobbar dei gratis, kanskje  resten av livet. Det er den moderne versjonen av slavehald, der ansvaret for utviklinga blir tillagt den dårleg moralen til einskilde individ i staden for dei samfunnsstrukturane som har pressa individa inn i destruktive mønster.

Så kan ein undre seg over kva som vil skje i vårt eige land når så mange arbeidsplassar har blitt flytta til lavkostland at det blir få att her, samstundes som polakkar byggjer husa våre, svenskane serverer og høgt utdanna fagfolk frå Sør-Europa kjem hit og er desperate etter jobb. Har du den rette utdanninga, dei rette personlege eigenskapane og det sosiale nettverket til å få deg ein god jobb då? Kanskje må du skru ned forventningane til årsinntekt, og kanskje dermed bytte til ein billigare bustad.

Når kapitalkreftene får meir spelerom, veit vi at det første dei vil motarbeide er fagorganisering av arbeidarar. Det er fordi einskilde arbeidstakarar ikkje kan setje makt bak krav om ei løn ein kan leve av, sjukepengar, overtidsbetaling og rimelege arbeidstider. Det er  naivt å tru at rettar vi har idag vil bli vidareførte når arbeidsmarknaden hardnar til og kravet om eit «fleksibelt» arbeidsliv blir sterkare.

Om samfunnet ikkje lagar lover mot ei slik utvikling, og om arbeidstakarar ikkje får organisere seg og slik danne motmakt mot dei store kommersielle aktørane, kan individet i praksis bli tvinga til å selje seg sjølv som ei vare på så mange måtar, og det til ein pris som ikkje er høg nok til å kjøpe verdigheita attende.

Reklamen set standarden
Men sjølv no, medan vi både har jobb og kjøpekraft, er det viktig å spørje seg kva det gjer med oss å leve i eit samfunn der alt er styrt av kjøp og sal. Reklamespråket møter oss overalt. Det er ikkje eit språk laga for å hjelpe oss å skjøne verda og oss sjølve, det er eit språk spesialdesigna for å fremje særinteresser. Det brukar verkemiddel henta frå marknadsforskning og psykologi  til å overtyde oss om at vi stadig treng noko meir, at vi må ha pengar for å bli dei vi ønskar å vere. Reklame, produktplassering og TV-konsept utforma i samarbeid med kommersielle sponsorar formar ideane våre om kva vi treng for å få status i samfunnet.

Borna våre har ikkje kritiske filter mot desse bodskapane. Dei ser på TV korleis dei burde sjå ut og kva ting dei burde ha, og slik oppstår trongen til å skaffe seg pengar og til å skape seg sjølv ved hjelp av ytre staffasje i staden for å utvikle kunnskapen, medvitet og kjenslene sine. Verst av alt: Mange av oss går rundt med ei grunnleggjande kjensle av at vi ikkje er gode nok som vi er, at vi alltid må kamuflere eller forbetre noko ved kroppen, personlegdomen eller bakgrunnen vår. Eg vil så gjerne hindre at borna mine skal leve med slike kjensler og slike krav. Nyleg fjerna eg dei TV-kanalane som sender reklame retta mot born, som ein liten start.

På eit anna nivå: Kva gjer det med den offentlege samtalen at viktige medier er finansierte av annonser og reklame? Er til dømes TV2 si dekning av valet upåverka av at tv-kanalen kan tene store pengar på om det vert tillate med politisk reklamefilm? Og kva skjer med avisene når dei største avisene er mest attraktive for annonsørane? Det gjer det vanskelegare for dei små avisene å klare seg, men dreiar det også journalistikken i populistisk retning? Ein reduksjon av pressestøtten vil forsterke desse trendane.

Kunnskap og politikk
Marknader er kompliserte system, men samfunnet er større og meir komplisert, og må ikkje bli redusert til ein marknad. Likevel treng vi å vite korleis marknadar fungerar og påverkar samfunnet vårt for å kunne bruke dei politiske verkemidla rett.

Eit talande døme er at forbodet mot narkotika i praksis driv prisane på ulovlege stoff i veret. Resultatet er enorme kriminelle organsiasjonar, ein sterk, svart økonomi og eit nedverdigande liv i desperat pengejakt for dei narkomane. Då er det ikkje nok å leggje eit eller anna fint prinsipp til grunn for politikken, då må ein nøye vurdere verknader av ulike verkemiddel opp mot kvarandre. Ein må gjere noko med årsaka til at folk vil ruse seg i staden for å prøve å forby og skjule den uønskte aktiviteten. Det går an for narkomane å bli kvitt rusproblem, men skadane ein får av livet i eit valdeleg, kriminelt miljø der ein må selje både kropp og sjel for å få tak i narkotika, er langt vanskelegare å lækje.

Eg veit at mange er skeptiske til at fagspesialistar skal bestemme politikken, men i mange høve har vi ikkje gode alternativ til å stole på dei som kjenner fagfelta best. Det er difor urovekkjande når politikarar ikkje tar alvorleg innvendingar frå fagmiljø mot politikken dei fører. Det er lite vits i å satse på forskning og utdanning om fagkunnskap som kræsjar i det ideologiske grunnfjellet konsekvent blir ignorert.

Ikkje så fri likevel
Markedsmekanismane ser generelt ut til å favorisere dei som har mest pengar og makt frå før, så det er grunn til å tru at jo meir marknadskreftene får styre samfunnet vårt, jo større vil ulikskapane bli. Dei sterkaste aktørane kan raskt ende i monopolliknande posisjonar. Det betyr at ikkje ein gong den grunnleggjande konkurransen kan bli oppretthalden utan reglar som regulerer marknaden. Det er jo eit tankekors for dei som svergar til fri konkurranse som grunnleggjande prinsipp i samfunnet.

Hadde det endå vore slik at marknadar var tufta på ein grunnleggjande rasjonalitet. Men vi veit at det som er rasjonelt på individnivå, kan få irrasjonelle og dramatiske utslag på samfunnsnivå. Eg skal ikkje prøve å dra konklusjonar om finanskrisa i USA og Europa dei siste åra. Men ein skummel mekanisme på dette feltet er den sjølvoppfyllande profetien: Når det går rykte om at ei bedrift eller ein nasjon har svekka økonomi, vil dei som eig aksjar eller statsobligasjonar kvitte seg med desse for å unngå risiko for tap. Når mange sel samstundes, stuper prisen. Og når statar får dårlegare kredittrating, går renta på låna deira opp. Dermed kan ei bedrift eller ein nasjon som i utgangspunktet berre hadde ei mindre krise, gå bankerott, med sosial naud for svært mange som resultat.

Så vil vi verkeleg ha samfunn som er styrte av marknadsmekanismar? Det er tydeleg at nokon tener på det, men du bør spørje deg sjølv om du er ein av desse, og om du ønskar å vere det.

Tillit og motivasjon
Tillit til marknadsmekanismar er mistillit til at menneske kan ha annan motivasjon for å handle i verda enn å berike seg sjølv. Ein politikk basert på egoisme som drivkraft kan bli ein sjølvoppfyllande profeti fordi menneske må tilpasse seg det samfunnet dei lever i. Marknadslogikken lærer oss at vi skal prøve å få mest mogeleg frå samfunnet, og gi minst mogeleg attende. Kanskje har trua på den logikken ført til målesykja vi ser idag, som gjer at vi alle i tillegg til status som «kundar» samstundes – i ein annan samanheng – vert sett som tenesteytarar og dermed middel for politikk eller lønsam drift.

Aukande kontroll blir opplevd som uttrykk for mistillit, og kan difor raskt drepe den indre motivasjonen for å bidra til fellesskapen. Å bli gitt tillit, positiv merksemd og sjansen til å utvikle seg som menneske vil derimot motivere dei fleste til å bidra i samfunnet med det dei er gode til.

Fridom i fellesskap
Eg er på mange måtar individualist, og har sterke liberale sympatiar. Det er viktig for meg å klare meg sjølv, å gjere sjølvstendige vurderingar og bestemme over livet mitt. Aller helst vil eg bestemme når og korleis eg skal døy.

Likevel stemmer eg på SV. Det er fordi eg veit at eg er avhengig av andre menneske og gode samfunnsstrukturar for å klare meg. Eg veit at den eg er, ideala og verdiane mine er forma av menneska rundt meg og før meg. Ikkje minst veit eg at eg aleine ikkje er ein sterk aktør på nokon marknad, tvert om vil marknaden styre meg; kva som er tilgjengeleg for meg, og kva eg må betale for det. Kva eg må selje av meg sjølv, og til kva pris.

I eit kommunistisk samfunn ville eg garantert ha ønskt meg meir rom for individuell fridom og privat initiativ. Men no lever eg i eit samfunn stadig sterkare styrt av marknadslogikk, og gjer vala mine deretter.

Eg blir kvalm av tanken på å leve livet mitt i eit samfunn som meir og meir liknar eit nøye overvaka kjøpesenter, kor individet er redusert til kunde, arbeidskraft og produkt. Den einaste sjansen eg ser til eit fritt liv no, er å klare meg med så lite pengar som mogeleg. Og å støtte ein politikk som skjønar at den viktigaste utfordringa i vår tid er å bevare livsgrunnlaget i naturen, og som vil kontrollere dei kreftene som er motiverte av kortsiktig økonomisk gevinst.

Eg ønskar eit samfunn der ingen opplever seg som vare, der status ikkje vert definert gjennom kjøpekraft og der livskvalitet ikkje er synonymt med materiell rikdom. Eg ønskar meg eit samfunn med økonomisk likskap, høgt kunnskapsnivå, kulturelt mangfald og stor fridom til å vere eit unikt individ i ein trygg fellesskap.

Vi blir alle forma av felleskapen, men vi kan òg endre fellesskapen. Difor må vi ikkje lite blindt på «mekanismar». Vi må bruke innsikter frå vitskapen, lærdom frå historia og dei humanistiske verdiane frå kulturarven vår til å bli modne samfunnsmenneske som gjennom fri, offentleg samtale kan bli samde om kva slags samfunn vi vil skape for oss sjølve og borna våre.

Tilrår å lese Frode Helmich Pedersens artikkel “Humaniora som merkevare”: “I stedet for å argumentere for at også HF-fagene bidrar til å smøre samfunnsmaskineriet, bør humanistene insistere på sitt motstandspotensial.” 

og

Frode Helmich Pedersens artikkel “Apokalypse nå?” om politikkens resignasjon i møte med dei globale krisene kapitalismen har skapt: “Folk har åpenbart lettere for forestille seg verdens undergang enn de har for å forestille seg et reelt alternativ til dagens politiske og økonomiske system.”

2 comments

  1. Eg har forlengst fått bekrefta “mistanken” min om at du er eit fornuftig menneske! Ikkje minst i dette politiske innlegget. Håper du får tid og ork til å halde fram med denne nettsida.

    Ein liten kommentar til dette med ideologi og samfunnsdebatt:
    Altfor lenge (heile mi lange levetid!) har det vore slik at det å diskutere visse spørsmål knytta til ideologi har vore nesten uråd. Alt utanfor mainstream-tankegangen (la pensee unique) blir latterleggjort og lagt lokk på. Internett gjer det heldigvis lettare å kome fram også med alternative synspunkt.

    Eit godt eksempel på korleis interessante tankar blir motarbeidde, er Civita (“tenketanken”) sitt “desperate forsøk” på å diskreditere boka “Ulikhetens pris” som du sjølv har kommentert. Eg opplever Civita sin “hyperaktive” reaksjon på boka på det næraste som motivert av angst. Som om dei innser at bodskapen i boka er ein trussel mot det tynne idologiske grunnlaget dei klamrar seg til. Kritikken dei kjem med liknar elles mest på “benekting av fakta”…

    Det er i alle fall ein interessant verdikamp…

    1. Hei! Takk, får eg vel seie igjen🙂 Ja, det er verkeleg betenkeleg seriøs forskning ikkje blir tatt til følgje i politikken, men at ideologi blir styrande. Forskning kan sjølvsagt vere påverka av ideologi også, men det som handlar om ulikskap er jo no akseptert som uheldig i nesten alle miljø, også på uventa hald i næringslivet, slik du skriv om på bloggen din.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s