Frisøren min forstår meg

I går gløymde eg frisørtimen min, eg var midt i ein kronikk som Dagbladet truleg kjem til å refusere i løpet av eit par dagar; tekst på nynorsk, full av moralsk indignasjon. Så eg rusla ein tur bort på Oppsal-senteret, fekk meg litt frisk luft og ein ny frisørtime idag tidleg.

Etter at eg begynte å oppsøke den nærmaste frisørsalongen fordi det var lettvint i småbarnsperioden, har eg for første gong i livet fått ein fast frisør: Døndi. Ho er perfekt. Ho spør meg aldri kva eg driv med for tida eller korleis det går med ungane. Berre om kva eg vil gjere med håret mitt idag, og værsågod til vasken!

Det er noko veldig kunstig ved at ei vaksen dame får ei diger kappe rundt heile kroppen og sit med hendene i fanget medan ei anna dame stullar og steller, løftar håret ut av kragen og bak i vasken før ho skyller og såpar det inn. Eg blir svært sjølvmedviten, og prøvar å unngå å svelje, for med halsen strekt bakover er det ein ganske tungvint operasjon som får heile hovudet til å rykke litt opp.

Så sit eg der og lar meg handtere, og når ho masserer gjennom håret igjen og igjen, kjenner eg meg omtrent som ein hund som blir kost og klødd skikkeleg grundig. Eg ventar halvvegs på å høyre: «Å, så fin! Å, så fin! Ja, så fin jente!» Det er rart at det skal vere så deilig å bli tatt på av ein person ein nesten ikkje kjenner. Men når ein blir klødd i håret, er det jo berre å gi seg over. Så eg lograr, eg, det viser berre ikkje der eg sit med rumpa djupt i stolen.

Og så blir eg greid og klipt og fønt, Døndi jobbar og eg tenkjer, og eg trur at ho set like stor pris på å sleppe å prate som eg. Ho er rask og nøyaktig, ho konsentrerer seg om det ho gjer. Det er ikkje det at eg ikkje vil henne vel, tvert om, eg likar henne veldig godt. Vi har jo snakka saman før, eg veit at ho bur i området og at ho har born. Og kor ho jobbar. Men sidan eg alt veit det og ho elles ser ut til å ha det bra, kjennest det som det beste uttrykket for velviljen at vi lar vere å konversere om eit eller anna likegyldig tema. Vi møtest jo berre to gongar i året, og tenkjer ikkje eit sekund på kvarandre utanfor frisørsalongen – bortsett frå akkurat i dag.

Når eg så skal betale, spør ho om det er noko meir eg treng idag, utan å påstå at håret mitt ville hatt godt av dette eller hint. Det set eg så stor pris på at eg kjøper eit hårprodukt til 259 kroner. Visstnok veldig økologisk. Sidan prisen på klippen også har gått opp sidan sist, vart det nokre dyrebare minutt der i frisørsalongen. Men det var det jo.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s