Varsel for døve øyre

Politikarane våre har ikkje evne til å førestelle seg den katastrofen klimaendringane vil skape. Vi som har det, er redde.

Jorda kan stå framfor ei klimakrise det ikkje har vore maken til så lenge menneska har eksistert, men lite tydar på at politikarane vil handle i tide til å hindre ho. Kvifor tar politikarane så lett på åtvaringane frå ekspertane?

Ei årsak kan vere vanskane med å førestelle seg noko ein aldri har sett før. Daniel Kahneman skriv i boka Tenke – fort og langsomt at menneske stadig gjer val basert på mentale snarvegar, heuristikkar, som er påverka av personlegdom, vanetenking og tidlegare erfaring. Ein konsekvens av dette:

Når det gjelder sjeldne sannsynligheter, er ikke hjernen konstruert for å skape et helt riktig bilde av situasjonen. For beboerne på en planet som kan bli utsatt for hendelser ingen før har opplevd, er dette ikke gode nyheter. (Kahneman 2012)

Men det er store forskjellar på kor merksame ulike mennesketypar er på fareteikn. I boka Særlig sensitiv skriv Elaine Aron at 15-20 prosent av alle menneske er høgsensitive. Denne gruppa er meir fysisk sårbare og treng meir ro enn andre, men skal ha overlevd i evolusjonen fordi dei har fungert som varslarar, og slik auka sjansane for at flokken deira skulle overleve. Dei er meir vare for sanseinntrykk, bearbeidar dei grundigare, og hugsar difor betre og har lettare for å førestelle seg framtida enn andre. Mange intellektuelle og kunstnarar er høgsensitive.

Politikarar er derimot ofte optimistar:

De som har størst innflytelse på andres liv, er sannsynligvis optimister og overdrevent selvsikre, og mer tilbøyelig til å ta sjanser enn de selv er klar over. (Kahneman 2012)

Kahneman skriv at det å ha makt også gir overdriven tiltru til eigne vurderingar. Som illustrasjon gjengir han eit talande sitat av USAs forrige president:

Jeg bruker ikke mye tid på å gjøre spørreundersøkelser rundt omkring i verden for å få vite hva folk synes jeg skal gjøre. Jeg trenger bare å vite hva jeg synes. (George W. Bush, november 2002, gjengitt i Kahneman 2012).

Slike handlingsmenneske med stor makt har dermed overdriven tiltru til eigna vurderingsevne samstundes som dei har lett for å undervurdere risiko og overhøyre innvendingar.

Så kor mykje av framtida til borna dine er du villeg til å satse på at dei som kjenner fagfeltet klima best, er dårlegare enn politikarane til å vurdere kva klimaendringar kan føre til?

Politikarar har klokketru på at forskarar kan finne ei løysing på alle problem. Sidan det likevel er vanskeleg for dei å ta resultata av klimaforskinga alvorleg, kan dei starte med å ta innover seg innsiktene til Kahneman og Aron. Dei viser kor naudsynt det er at dei som har makt får råd frå slike som er vare for teikn på fare og klarar å sjå informasjon frå ulike felt i samanheng, vurdere mogelege utfall og finne meistringsstrategiar.

Politikarar flest vil påstå at dei klarer dette, og at dei gjer det. Til det er det berre ein ting å seie:

Nei, de gjer ikkje det. For da ville de ha vore redde. De ville ha sett i gang tiltak som monna, og i alle fall ikkje halde fast på prinsippet om økonomisk vekst. Tida for vekst er over, det er tid for å finne andre verdiar å leve for.

Politikarane seier også at kunst er viktig, mellom anna for å utfordre vanetenkinga vår. I avisene ser vi at det er mange intellektuelle og kunstnarar som er bekymra for miljøet. Dette er folk som har sin styrke i abstrakt og kreativ tenking, ikkje i politisk taktikk og handlekraft.

Nettopp difor er det på tide at dei som har evne og vilje til å styre innser si eiga begrensing og lærer å ta på alvor dei varslarane samfunnet har.

Innlegget stod på trykk i Dagbladet 29. oktober.

Tilrår å lese Frode Helmich Pedersens artikkel “Om Noam Chomskys geopolitiske analyse”. Sitat: “Spørsmålet blir så om mennesket vil gå inn i planetens historie som et ”biologisk feiltrinn”, som brukte sine 100 000 tilmålte år på å ødelegge seg selv og samtidig svært mye annet, eller om det vil kunne bruke sin intelligens til å forbedre sine egne overlevelsesvilkår.”

Les meir om høgsensitivitet på heimesida til Elaine Aron.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s