Tenke sjølv

Ho ligg rett ut på ein sofa med hovudet støtta opp av puter og tenker medan ho stirrar ut i lufta og røykjer. Etter at eg såg filmen om Hannah Arendt er det det biletet som sit igjen. Den replikken eg hugsar best er det ho seier til filosofen Martin Heidegger, som ho studerte under på Universitetet i Marburg: Eg vil lære å tenke.

Årsaka til at dette brende seg fast hos meg, er sjølvsagt at eg òg ligg på sofaen rett som det er. Eg les og tenker, og av og til sovnar eg. Det er jo fort gjort når eg er her aleine heile dagen. Om eg er fornuftig, går eg heller ut ein tur. Men om eg sit framfor datamaskina, ligg på sofaen eller er ute og går, gjer eigentleg ingen forskjell, poenget er at å vere kritikar i stor grad handlar om å ha tid til å tenke. Sjølvsagt tenker eg på mykje tull også, brukar tid på å sortere kjensler, på å tvile på meg sjølv og på å bestemme kva vi skal ha til middag  – eg er langt unna det nivået av tenking som Arendt dreiv med. Men å sjå henne, trigga noko i meg.

Tankearbeid
På den øya eg vaks opp, var mange fiskarar, og dei meinte at faren min ikkje arbeidde, som rektor sat han jo mykje på kontoret eller i  møte. For dei var berre fysisk arbeid ordentleg arbeid. Skal tru kva dei ville syntes om Hannah Arendt på sofaen, eller meg. Men å verkeleg konsentrere seg om ei tankerekkje er hardt og energikrevjande arbeid. Av den grunn tar dei fleste av oss mentale snarvegar så ofte vi kan, og drar konklusjonar basert på fordommar og vanetenking. (Daniel Kahneman skriv mykje om dette i boka Tenke – fort og langsomt.)

Sjølvsagt går det tankar gjennom hovudet på oss alle det meste av tida, arbeid av alle slag krev stadig vurderingar. Men kor godt resonnerer og vurderer vi, og korleis kan vi lære å bli betre? Eg trur at undervisninga i logikk, vitskapsteori og filosofihistorie, som var del av det studieførebunade Ex.Phil.-studiet på universitetet, har påverka tenkinga mi, og eg meinar at dette burde bli undervist på vidaregåande skule så fleire fekk det med seg. Vidare studier har sjølvsagt også betydd mykje. Likevel skulle eg gjerne, som den unge Hannah Arendt, ha hatt nokon til å lære meg å tenke.

For å tenke sjølvstendig, å gå vidare frå det ein har lært, setje ny informasjon inn i ein samfunnsmessig kontekst i stadig endring og dra nye konklusjonar, det er vanskeleg. Eg trur ikkje det er så mange einskilde menneske i verdshistoria ein kan seie verkeleg har tenkt noko nytt, noko med potensiale til å endre samfunnet. Det er vel difor det heiter seg at vi, altså vår kultur, «are standig on the shoulders of giants».

Å velge sine autoritetar
Likevel er det ikkje slik at å tenke ein tanke andre har tenkt før deg er bortkasta. Tvert om er sjølve tankeprosessen ein verdi i seg sjølv, og korleis ein har kome fram til noko er vel så viktig som konklusjonen. Skulle eg la vere å tenke gjennom saker fordi andre veit meir og er smartare enn meg? Skulle eg slutte å gjere sjølvstendige vurderingar av den grunn? For meg ville det vere å miste ei av dei store gledene i livet. Om ein ikkje prøvar seg fram, blir ein i alle fall ikkje smartare. Og å ta feil kan vere eit steg på vegen mot å finne ut noko viktig, om ikkje for verda, så i alle fall for ein sjølv.

Sjølvsagt kan det ofte vere freistande å stole på autoritetar som tenker for deg, det er ikkje utan grunn at den følgjande salmestrofa ofte blir sitert: «Når jeg har tenkt meg trett til døden, si så hva du har tenkt, o Gud.» (Fra salmen «Lær meg å kjenne dine veie») Og det er viktig å kunne stole på andre, det er samfunnet vårt basert på. Men også kven ein skal stole på, er ei viktig avgjerd som bør vere basert på gode vurderingar. Om mange ukritisk lar seg styre av sterke leiarar, er det ein fare for demokratiet – tenk Hitler. Så medan ein autoritet på eit område jobbar for å vinne tillit, må andre ta oppgåva med å granske om han/ho er tilliten verdig, og jo fleire som er i stand til slik kritisk vurdering, jo betre.

Ein viktig del av kritisk tenking er å gjere sjølvstendig observasjonar, og stole nok på dei til å gjere vurderingar basert på desse. Neste steg er å formulere vurderingane, noko som sjølvsagt kan skje både munnleg og skriftleg, det avgjerande er kvaliteten på tanken. Faren er at ein risikerer å kome til konklusjonar som strid med det andre meinar er rett, og som filmen om Hannah Arendt viser, kan det krevje mot å stå på sitt. Men om tenking skal vere reelt kritisk, vil det alltid innebere risiko, risiko for å ta feil, risiko for konsekvensar. Det er noko av det som gjer slikt arbeid krevjande.

Skrive sakte
Å gjere eit tankearbeid og å formulere ei setning er eigentleg den same prosessen. Ein tanke du ikkje kan formulere er ikkje ferdig tenkt; i arbeidet med å finne formuleringa blir tanken til. Når ein festar tankar i skrift, og publiserer skrifta, vert det forpliktande på ein annan måte enn munnlege utsegner. Difor oppfordrar sjølve skriveprosessen til å tenke sakte.  Av og til er nedskrivinga lett, når det ein skriv er basert på godt innarbeidd kunnskap eller noko ein har tenkt mykje på frå før. Det kan også vere veldig tungt – når det er krevd at du set deg inn i ny kunnskap, formulerer di eiga forståing og gjer vurderingar. God kritikk gjer alt dette, men eg ser ikkje vekk frå at både eg og andre brukar ein god del mentale snarvegar – heuristikkar – spesielt i møte med litteratur som liknar på bøker vi har lese før.

Den største forskjellen på ein god og ein dårleg tekst – litteratur eller kritikk – er difor ikkje at den første har velklingande setningar medan den andre brukar klisjear. Den største forskjellen er å finne i kvaliteten på innsiktene som vert formidla. Så er det sjølvsagt eit spørsmål om ein litterær tekst med dårleg eller klisjemessig språk kan formidle verdifulle tankar. Mange vil meine nei. Eg har ikkje fått tenkt ordentleg gjennom det enno.

Grunnen til at eg likar å skrive, er ikkje at eg får eit kick av å lage velformulerte setningar – sjølv om det sjølvsagt kan vere stas om eg får det til. Grunnen er at eg ønskar å forstå verda rundt meg, og at eg har stor glede av skrive-/tenkeprosessen. Å gjere ein god observasjon, å sjå ein samanheng eg ikkje har sett før og få til eit godt resonnement – det er lite som er meir tilfredsstillande enn det. Av og til har eg tenkt så mykje på noko at å skrive det ned snarare er ein lettelse enn arbeid. Andre gongar er det steintungt å kome i gong, og jo vanskelegare stoff og høgare ambisjonar, jo tyngre er det.

Arbeidsintensiv skrift
Det som er med ein godt formulert tanke, er at han gjerne verkar sjølvsagt med det same du les han. Likevel kan det ha vore hardt arbeid å kome fram til den innsikta som vert formulert. Og det vanskelegaste av alt, er å skrive om noko komplisert på ein lettfatteleg måte. Sjølvsagt finst det dei som har lettare for dette enn meg, men la meg likevel bruke eit døme frå eiga erfaring:

I fjor vinter las eg Absalom, Absalom! av William Faulkner om igjen, saman med ein del sekundærlitteratur. Eg hadde avtalt å skrive ein artikkel for Bokvennen om Absalom, Absalom! lesen som krim, og sidan eg hadde kome seint i gang med arbeidet, gjekk det fort og gale. Det vart rett og slett ikkje bra nok, og artikkelen blei refusert. Eg arbeidde vidare med artikkelen etter eit par månaders pause, og fekk artikkelen akseptert til slutt. Men etter at den var avslutta, var det som eg plutseleg såg endå ein ny dimensjon av stoffet eg hadde jobba med, eg følte at eg fann svaret på eit spørsmål eg hadde hatt om eit grunnleggjande premiss ved plotet i romanen. Dette formulerte eg i eit kortare essay, der hovudfokuset var seksualmoralen og kvinnesynet i Sørstatane i tida rundt den amerikanske borgarkrigen. Eg trur ikkje at desse to tekstane presenterar tankar som aldri har vore tenkte før. Men dei representerer ny innsikt for meg, og det kosta meg mykje arbeid å kome dit.

Likevel tippar eg at om du skulle lese artikkelen og bokessayet eg har skrive om Absalom, Absalom!, vil du oppleve konklusjonane mine som ganske sjølvsagte, kanskje også at du visste dette frå før. Det kan jo hende. Men om nokon, før du hadde lese tekstane, hadde bedt deg fortelje om seksualmoral, kvinnesyn og raseblanding i Sørstatane i denne perioden, er det ikkje sikkert du ville ha hatt så mykje å seie. Det er langt enklare å gjenkjenne innsikter enn å formulere dei sjølv.

Når eg les artiklar av andre, blir eg ofte imponert fordi skribenten veit så mykje. Andre gongar, når teksten er meir resonnerande, blir eg ikkje like imponert, kanskje er opplevinga at dette er då ganske sjølvsagt? Det paradoksale er at den imponerande kunnskapen kan vere henta direkte frå annan litteratur, medan det kan liggje mykje meir arbeid bak resonnementa og vurderingane, sjølv om dei kan vere enkle både å avskrive og vere usamd i. Det er det lett å gløyme i flaumen av bøker og artiklar som vert publisert, og ein kan dessverre ikkje seie at betalinga for denne typen arbeid står til arbeidsmengda heller.

Tankerikdom
Samfunnet treng at nokon tenker sakte og grundig, tar jobben med å finne, presentere, vurdere og debattere kunnskap, som utgangspunkt for vidare tenking og utvikling i samfunnet. Slik tenking finst i forsking, i kunst, litteratur, kritikk og journalistikk. Mitt felt, litteraturkritikken, tenker vidare på dei tankane som kjem fram i litteraturen. Å vurdere kor gode dei tankane er, er ein viktig del av kritikken, for tankar spreier seg, tankar kan på sikt påverke politikken og heile samfunnet.

Difor er det viktig at så mange som mogeleg ser verdien av å tenke sakte – og har tid til å tenke sakte sjølv. For meg er det – saman med tillit, likeverd og omsorg – kjenneteikn på eit rikt og godt samfunn.

5 comments

  1. Du uttrykker deg klart. Det får meg til å tenke sakte. Det gir meg assosiasjonar. For eksempel: Du skriv: “Så er det sjølvsagt eit spørsmål om ein litterær tekst med dårleg eller klisjemessig språk kan formidle verdifulle tankar.” Assosiasjon: Dårleg eller klisjemessig språk risikerer i alle fall å vere distraherande, og plagsomt avsporande for tankane i teksten.. Om sakte tenking: Det er “kriminelt” at så mykje av den offentlege debatten om viktige spørsmål foregår i overflatiske direktesendte og “korttenkte” tv-debattar… I alle fall: Du får ha godt mot vidare!

    1. Takk igjen! Å uttrykkje meg klart er absolutt eit ideal for meg … bortsett frå i poesi eller andre kunstuttrykk. Men dårleg språk er alltid eit hinder for gode tankar, det trur eg nesten ein må kunne seie, ja. Men som Vigids Hjorth var oppteken av i Leve posthornet, så formidlar jo ein del klisjear og faste talemåtar reell innsikt. Problemet er vel kanskje at det er lett å bruke slike uttrykk på ein tomhjerna måte, utan å reflektere over kva ein eigentleg snakkar om. Då er det betre om ein prøvar å seie ting med eigne formuleringar. Når det gjeld slike kjappe debattar du viser til, krev dei i alle fall grundig forarbeid frå dei involverte om det skal kome fram noko av verdi. Vel – god helg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s