Tekst i prosess

Å skrive blogg er ikkje som å skrive i avisa, og den største forskjellen er at ingen andre enn eg sjølv kvalitetssikrar teksten. At eg er min eigen redaktør, har for min del ført til at eg rett som det er endrar i ein alt publisert tekst. Kvar gong eg publiserer, er eg overtydd om at teksten er heilt ferdig, men det viser seg ofte at tankeprosessen ikkje var ferdig likevel.

I teksten eg publiserte i går, har eg etterkvart lagt inn et par nye moment og fjerna ei setning som eg oppdaga var ei rein gjentaking av eit tidlegare poeng. I tillegg finn eg stadig korrekturfeil. Konsekvensen er at ulike lesarar har lese litt ulike tekstar, noko som sjølvsagt ikkje er ideelt. Spesielt de som får innlegga tilsendt som epost vil truleg sjå at teksten har endra seg om de går til bloggen.

Eg skal prøve å skjerpe meg, og den einaste måten å få det til på, er nok å la kvar tekst ligge på vent nokre timar etter at eg trur han er ferdig. Det kan bli ei utfordring, for ofte er eg utålmodig etter å få teksten ut. Når eg er i skrivemodus har eg ein tendens til å neglisjere alt anna, så spesielt i helgene jobbar eg under eit visst press fordi eg veit at familien min ventar på å få mi fulle merksemd.

Eg publiserer aldri utan å ha jobba gjennom teksten mange gongar, men det viser seg igjen og igjen: Tenking tar tid, og som regel lengre tid enn eg trur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s