Høg, låg og sensitiv

Heile livet har eg lurt på kva som er feil med meg. No har eg endeleg funne det ut.  

Eg er sliten idag. Eg kjende det med det same eg våkna at eg ikkje var utkvilt, men utkøyrd. Sliten på grensa til deppa, ein tilstand like mykje fysisk som psykisk. Eg må ta meg kraftig saman for fungere normalt; lage mat til ungane, snakke med dei. Det går ikkje bra så lenge. Det kjennest som ei blanding av lett kvalme og mageknip. Stadig tar eg meg i å halde inn magen, men når eg prøvar å dra pusten heilt ned, kjenner eg meg nervøs, hjartet dunkar og kvalmen sig ut i armar og bein. Eg blir oppfarande, eg orkar ikkje høge lydar, eg vil ikkje ta beslutningar. Helst vil eg berre leggje meg i fosterstilling og sove. Eller setje meg ned og skrive. Det er det einaste som hjelp.

Men eg får så dårleg samvit. Det er så mykje eg ikkje får gjort. Eg får angst med tanken på jobbar eg har teke på meg; korleis skal eg klare å gjennomføre? Og eg veit ikkje kva som blir verst; å ikkje levere godt nok eller å trekkje meg, vise meg upåliteleg. Situasjonsbilete frå dei siste dagane går gjennom hovudet, eg ser alt som gjekk feil, alle dei små avvisningane. Eg ser den harde sanninga om min plass i verda, om fortida og framtida. Det har ikkje vore bra, og det kjem ikkje til å bli det.

Eg veit godt kvifor eg har det slik akkurat no. Eg er ikkje sjuk. Men bak meg har eg tre dagar med reising, foredrag og sosiale samankomstar frå tidleg morgon til seint på kvelden. Det har vore spennande og gjevande, men no betalar eg prisen. Alt er feil. Eg er feil. Ikkje god nok.

Det er ein slags skrudd logikk i det: Heile oppveksten kjende eg meg keisam og stygg, men var i alle fall flink på skulen. No har eg funne eit av få miljø i Noreg der intellektuell usikkerheit kjennest som eit større problem enn usikkerheita på eigen utsjånad. Eit miljø fullt av folk som er opptekne av det same som meg, men kor eg sjølv ofte kjenner meg dum og uinteressant.

Eg finn ikkje plassen min, eller balansen, eg er visst alltid enten for lite eller for mykje. Eg kan for lite. Eg føler for mykje. Eg er for kontrollert. Eg argumenterer for dårleg. Eg er for sjølvhevdande. Eg ler for høgt. Eg feller for raske dommar. Eg er ikkje vittig nok. Eg er ikkje interessant nok. Eg er ikkje smart nok. Eg er ikkje audmjuk nok. Eg er for sta. Eg er for nærtakande. Eg er for lite strategisk. Eg er for ambisiøs i høve til evnene mine. For prektig. For frittalande. For naiv. For kritisk. For sjølvoppteken …

Eg veit ikkje kven eg er frå dag til dag. Eg kan kjenne meg drit, fast bestemt på å halde meg for meg sjølv og seie minst mogeleg. Så møter eg nokon, åpnar munnen og høyrer meg sjølv prate og vitse. Kanskje til og med skryte, eller seie noko svært lite gjennomtenkt, dumme meg loddrett ut. Så bestemmer eg meg for å vere kul og distansert, men så snart nokon vender seg til meg, tek snill-jente-impulsen over og det blir høflege smil og hyggeleg småprat. Eg kan ha det veldig fint ei stund, men så går eg tom for energi og misser alle ord, all sjølvtillit. Andre blir fulle og artige, eg blir mindre og mindre, før eg tar meg saman og går, feiar meg sjølv ut døra, ned i undergrunnen og heim.

Det er ikkje miljøet det er noko i vegen med, det er meg.

Eg har lurt på kvifor det har vore slik; at så mykje av livet mitt har handla om å halde ut. Ikkje om å ha det fint eller gøy, men om å gjere det eg føler at eg må, kave meg vidare til eg knekk saman på sofaen i ein spiral av stadig mørkare tankar. Ambisiøs og full av handlekraft éin dag. Klar til å gi opp alt den neste, det har inga meining likevel.

«Du må ikkje kjenne så mykje etter korleis du har det», brukte barndomsvenninna mi å seie. Men korleis gjer ein det? Tankane kvernar heile tida, kroppen er full av kjensler eg må tolke. Det einaste som kan stoppe det, er å rette heile merksemnda mot noko som ikkje krev respons, men berre lar meg sanse, som litteratur, film, musikk. Å prate med folk krev mest energi av alt, spesielt om det er mykje anna som skjer rundt meg.

Eg har alltid hatt god helse, så kva har eigentleg vore problemet? Er eg aggresjonshemma? Introvert? Ein smule bipolar, kanskje? For å finne ut det har eg studert psykologi og granska barndommen min. Eg har funne kva type eg er i Enneagrammet og kven eg er i Myer-Briggs personlegdomstypologi, utan at det endra kvardagen.

Svaret viste seg å vere enklare, og det kom gjennom ein artikkel i Morgenbladet i vår: Det finst noko som heiter høgsensitivitet. Det betyr rett og slett at hjerna mi tar inn fleire sanseinntrykk og bearbeidar dei på ein annan måte enn hos fleirtalet, og det gjer at eg blir fortare sliten. Det skal vere føremoner med dette òg, men i sum er livet truleg litt tyngre for høgsensitive enn andre som lever under same vilkår. Litt meir smerte. Litt mindre gøy. Trøysta er at det finst relativt mange av oss; 15-20 prosent av alle menneske (og dyr!) er høgsensitive. I akademiske miljø og kunstnarmiljø er nok andelen høgare, og no som eg er merksam på dette, ser eg mange rundt meg som eg trur er i denne gruppa. Det betyr ikkje at vi elles er like som personar, men vi har nok ein del like erfaringar.

Kunnskapen om at eg er høgsensitiv gjer meg på eit vis oppgitt, for det betyr at eg alltid kjem til å vere omtrent som no. Dette kan eg ikkje kome ut av gjennom terapi eller sjølvhjelp. Likevel markerer det eit skille i livet mitt, for no skjønar eg i alle fall kva som skjer med meg. Nyleg oppdaga eg omgrepet «lukningspunkt», som er treffande for mi eiga oppleving når koppen i toppen er full:

«Når ‘lukningspunktet’ er nådd, enten det er som følge av negative eller positive ytre eller indre stimuli, kan det oppleves nærmest som å skifte personlighet. Fra å være følsom, empatisk, entusiastisk, positiv og tålmodig, kan man bli selvsentrert og ikke orke eller makte å lytte til andre, man kan bli motløs og pessimistisk og tung til sinns, eller full av sterke følelser som også kan gå utover andre – eller en selv.»

Før trudde eg at eg var ein person i generell psykisk ubalanse. «Ei sjuk sjel i eit sunt legeme», brukte eg å seie om meg sjølv. No veit eg at det ikkje skal så veldig mykje til før eg blir overstimulert, og då kan eg få prestasjonsangst og gjere dumme feil, og om eg pressar meg for langt, får eg etterpå ein midlertidig hormonell ubalanse i hjernen, nærmare bestemt mangel på signalstoffet serotonin, som gjer meg nedstemt. Då er det berre ein ting som hjelper: Tid til å komme meg igjen, til å bearbeide. Og så må eg lære kor grensene mine går, korleis eg skal planlegge livet slik at eg får gjort det eg vil, såvel som det eg må, utan å køyre meg sjølv i grøfta kvar veke.

Det er jo slik at eg gjerne pressar grensene mine for langt i møte med folk og hendingar som er viktige for meg, og no er det kritikarmiljøet. Sjølvsagt kan det vere eit utfordrande miljø nokon gongar, men eg likar utfordringar, eg treng utfordringar! Når energien kjem attande, blir det enklare å hugse dei positive møta og slutte å bry meg om dei som ikkje bryr seg om meg. Og rette kritikken utover i staden for innover.

Teksten vart skriven i august 2013.

Sitatet er henta frå heimesida til Den lille klinikk.

Les meir om høgsensitivitet på nettsida  til Elaine Aron, forskaren som har laga omgrepet: www.hsperson.com

5 comments

  1. Kjenner meg igjen i mye her! Men for meg er sensitiviteten ikke konstant, den henger sammen med både ytelse, synlighet, hybris, baksmell, usikkerhet… og syklus. Altså hormoner. Har hørt mange godt voksne damer si at likevekt og selvtillit blir mer stabil og konstant etter overgangsalderen. Kanskje vi kan håpe?🙂

    1. Sjølvsagt kan effekten av å bli overstimulert variere, men for meg handlar dette om mykje meir enn syklus. Til dømes livssituasjon. Med små born har eg fått mindre tid for meg sjølv og må takle at andre vil meg noko nesten heile tida. Det skaper fleire utfordringar for høgsensitive enn andre, trur eg. Men om overgangsalderen kan ha positiv effekt på dette området, gjer jo det tanken på å bli eldre litt meir forlokkande🙂

  2. Å skrive at innlegget er interessant, virkar som eit feil ord. Innhaldet er for alvorleg på sin personlege måte.. Mor mi ville bedt deg om å vere nøye med å få nok somn, regelmessig. Eit kjedeleg råd, men ikkje til å kimse av, ikkje minst for ein høgsensitiv person.. Vi kan heller ikkje leve altfor mange parallelle liv.. Mykje interessant må vi velje vekk, ikkje minst i våre dagar.. Du er elles ein rikeleg interessant nok person, så der er ikkje “problemet” i alle fall. Ekstra grunn til å ynskje deg ei fredeleg julehelg “to begin with”.:)

    1. Takk skal du ha! Eg skal sjå til å skrive innlegg som kan balansere inntrykket etterkvart … Men det er gjerne dagar som det eg skildrar her som gjer kunnskap om høgsensitivitet spesielt aktuell og verdifull, som ei forklaring på kvifor. Den kunnskapen har betydd mykje for meg, og det var det eg gjerne ville formidle. Ønsker deg også ei fredeleg jul!🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s