Videoklipp om høgsensitivitet

Når ein som høgsensitiv er klar over korleis ein fungerar og kvifor, er det enklare å leve slik at ein opplever mindre av ulempene og meir av fordelane.

Elaine Aron er forskaren som først byrja å snakke om høgsensitive som ei definert gruppe med hjerner som fungerar ansleis enn hos fleirtalet. På Youtube ligg eit foredrag av Aron som gir ei kjapp og god innføring i emnet. Det er i tre delar, og ho snakkar på engelsk. Dette er brukskunnskap som kan vere nyttig også for deg som ikkje er høgsensitiv, men som har familie eller vener som er det.

Første del handlar om forskning på emnet Nytt for meg her var det at høgsensitive som har hatt spesielt gode oppvekstvilkår, ikkje berre er mindre nevrotiske og har betre helse, men ofte også blir leiarar som vaksne. Riktignok er dette noko Aron seier med utgangspunkt i dyreforsøk, men ho meinar tydelegvis at det også er relevant for menneske. Også for dei som hadde mindre gode oppvekstar har Aron godt nytt: Høgsensitive har større nytte av opplæring og terapi enn andre.

Andre del gir praktiske råd til høgsensitive Aron har veldig konkrete innspel. Spesielt interessant er det at ho tek opp som eige tema at høgsensitive generelt er meir bekymra for global oppvarming og klimakrise enn andre. Eg påstod det same i eit innlegg i Dagbladet 29. oktober, så godt å få oppbacking på det!

I tredje del svarar ho på eit spørsmål om høgsensitive i kjærleiksrelasjonar Dette er eit kort klipp. Men igjen set ho presist ord på slikt eg har opplevd sjølv.

På Youtube kjem det opp videoar om relaterte emner, så der er det jo berre å prøve seg fram. Men eg vil spesielt rette merksemda mot eit klipp som tar for seg korleis det er å vere mann og høgsensitiv. Eg kjenner ikkje til denne forskaren, Dr. Ted Zeff, men det han seier verkar som det er i tråd med det eg har lese av Aron. Han tek utgangspunkt i kulturen i Nord-Amerika, men eg vil tru at mykje er gjenkjenneleg for norske menn:

Dr. Ted Zeff om høgsensitive gutar og menn

Å vere høgsensitiv er i mange samanhengar ei belastning, men som desse klippa viser, gir det også somme fordelar. Når ein er klar over korleis ein fungerar og kvifor, er det enklare å leve slik at ein opplever mindre av ulempene og meir av fordelane. Det er ein av grunnane til at eg gjerne vil dele informasjon om høgsensitivitet på bloggen min: Fordi dette har blitt viktig for meg, trur eg at det også kan blir det for andre.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s