Usynleg skrift

Kven må eg ligge med for å få den ære å bli tiltala og omtala med namn?

Etter å ha publisert litteraturkritikk i 15 år er eg framleis eit ukjent namn i den offentlege debatten. Merethe Lindstrøm er vinnar av Nordisk Råds litteraturpris og utgav ei ny bok med fantastiske noveller i fjor haust, men vart nesten ikkje nemnd då året skulle oppsummerast. Tomas Espedal har på si side fått dei tre siste bøkene sine nominert til Nordisk Råds litteraturpris, sjølv om den siste har blitt kalt ei «mellombok» av mange kritikarar. Kva faktorar er ulike? Kjønn og nettverksbygging.

Eg hadde min første litteraturvitskaplege artikkel på trykk i Bøygen i 1997. I 2001 byrja eg som bokmeldar i Vårt Land, og ei av bøkene eg melde var Halvbroren av Lars Saabye Christensen. Eg var ikkje begeistra. Derimot vart eg bortimot ekstatisk av Hans Herbjørnsruds novellesamling Vi vet så mye. (Når eg ser attende, er det nok symptomatisk for meg som meldar: Eg blir kjenslemessig engasjert, og om eg reagerer negativt på noko i teksten, kan eg bli sarkastisk. Og eg sjekkar aldri kva andre meinar før eg publiserar.)

Det året vart nett desse to bøkene nominerte til Nordisk Råds litteraturpris. Eg håpa hardt på Herbjørnsrud, men det vart Saabye Christensen, gitt. Same haust arrangerte Kritikerlaget ein salong i serien «Hvor god er egentlig …» med fokus på Halvbroren. Dei hadde ikkje klart å finne ein meldar som hadde skrive negativt om boka, difor hadde ein i arrangementskomiteen tatt på seg rolla som djevelsens advokat. Eg sat i publikum, og då det vart opna for innlegg frå salen, heldt eg eit kort innlegg.

Det var kanskje ikkje så rart at eg, som relativt fersk bokmeldar i ei nisjeavis, ikkje vart lokalisert og spurt om å delta i denne debatten. Idag, tolv år, hundrevis av tekstar og fleire verv i Kritikerlaget seinare, skulle ein tru at situasjonen var ein heilt annan. Men slik er det ikkje.

I helga var ein ung, mannleg kritikar i Morgenbladet intervjua i Dagens Næringsliv. Han hadde blitt omtala i ei bok av ein forfattar han tidlegare har gitt ei negativ bokmelding. Eg var kort sitert i same artikkel, men ikkje namngjeven. «Dag og Tid skriver».

Same kritikar vart i fjor haust invitert til ein Kritikarsalong der kvelden gjekk med til å diskutere med ein annan profilert, mannleg kritikar kvifor han var meir negativ enn alle andre til ein historisk roman av ein kjend, mannleg forfattar. Året før sat han i panelet då Kritikerlaget skulle oppsummere bokåret 2012. Der sat også ein mannleg kritikar som, utan at eg hadde fått det med meg, ei stund hadde meldt bøker i Vårt Land. Denne kritikaren sat igjen i panelet då Kritikerlaget skulle oppsummere bokåret 2013.

Eg har i løpet av åra som kritikar blitt beden til tre paneldebattar. Ingen i regi av Kritikarlaget, men eg har sjølv arrangert debattar for Kritikarlaget, og ein gong representert Kritikarlaget som stand in for leiaren fordi ho ikkje hadde tid til å reise dit debatten foregjekk. Eg var nemleg i Litteraturseksjonens arbeidsutval i to år, det siste året som leiar. I samband med dette skreiv eg eit og anna innlegg på vegne av laget, og slik enda eg også i spaltene til eit av våre mest prestisjetunge litterære magasin.

Då eg gjekk av som leiar, var det imidlertid som om eg også fall under radaren til redaksjonen. Eit oppfølgingsinnlegg i ein pågåande debatt vart ikkje trykt etter runder med bearbeiding, og det utan at eg fekk beskjed. Epostar med forslag om artiklar fekk ikkje svar. Ein kritisk kommentar på bloggen til tidsskriftet fekk heller ikkje svar, og då ein annan litteraturkritikar kommenterte dette på sin blogg, fekk kritikken eg hadde kome med omsider svar  på Facebook – i éi setning i eit lengre svar til den mannlege bloggaren, og utan at mitt namn var nemd.

Dette handlar ikkje om at eg har halde ein spesielt låg profil. Eg har ytra meg både i aviser og nettdebatt, og enno er det slik at eg innimellom er kritisk til bøker mange andre likar. Eg gjer det ikkje for å markere meg, og det har heller ikkje hatt den effekten. Tidlegare idag høyrde eg gjennom opptak frå ein litteratursalong der ei slik bok vart diskutert, Bergeners av Tomas Espedal, og ein av paneldeltakarane kunne opplyse om at «Dag og Tid» hadde innvendingar mot denne boka som dei alle likte. «En dårlig anmeldelse i Dag og Tid, altså», oppsummerte ordstyraren. Så sei ikkje at eg ikkje får merksemd.

Eg veit eg høyres bitter og misunneleg ut no, men eg skriv det likevel. For er det verkeleg slik at eg er usynleg fordi dei innspela eg har ikkje er gode nok? Kvinner som meg er altfor lette å halde nede fordi vi gjerne tolkar mangel på respons slik. Etter å ha tenkt gjennom dette, trur eg imidlertid ikkje det berre handlar om kjønn, men også om nettverksbygging.

På denne bloggen har eg ved to tidlagare høve forsvart Tomas Espedals krasse, emosjonelle utspel i media, truleg ikkje berre på grunn av sak, men fordi eg på eit vis kjenner meg igjen i tendensen til å gripe til emosjonelle spissformuleringar. Den siste boka hans, Bergeners, skuffa meg imidlertid, og kanskje hissa eg meg litt ekstra opp fordi han der lovprisar dei litterære kretsane eg sjølv står utanfor. Samstundes oversåg eg kva denne lovprisinga kunne få for effekt i praksis:

Eg meinte boka kunne bli oversett og «einsam» fordi ho er sjølvsentrert og sjølvmedlidande. Eg gløymde å ta med i reknestykket at Espedal, sjølv om han i boka skildrar kor einsam og trist han er, er god ven, ikkje berre med forfattarar, men også kritikarar i og utanfor det litterære miljøet i Bergen. Og det blir han rikeleg løna for. Eg veit ikkje dette sikkert, men det skulle ikkje forundre meg om dei to kritikarane som var mest negative til boka, hovudmeldaren i Morgenbladet og eg, er blant dei få som ikkje har møtt Espedal eller har tilknytning til miljøet i Bergen. Ordstyraren ved den tidlegare omtala debatten, er tre gongar nemd med namn i boka og omtala i rosande ordelag. Det var det ingen som syntes det hadde noko for seg å nemne i debatten.

I meldinga mi av Bergeners karakteriserer eg skildringa av den kvelden Karl Ove Knausgård var skulda for valdtekt, som «ein litterært avansert versjon av Se og Hør» og hevda at «Det er ikkje dette vi treng litteratur for.» Men der tok eg visst feil igjen. Vi treng litteraturen for å kjenne oss igjen og for å bli synlege, og dess nærare, dess betre. Helst med fullt namn.

«You’re nobody ‘till somebody loves you». Så kven må eg eigentleg ligge med for å få den ære å bli tiltala og omtala med namn?

I denne teksten har eg sjølv valgt å ikkje gjengi namna på andre kritikarar. Alle som er inside i miljøet vil raskt skjøne kven eg skriv om, men eg gjer det slik likevel for å illustrere to ting: Først for å vise kor unaturleg det er å omtale kva som har blitt gjort og sagt utan å seie kven det gjeld. Men viktigare er det at dei mekanismane som her er i sving, enten det handlar om kjønn eller nettverk, gjeld noko meir ålment, ikkje berre dei personane som eg tilfeldigvis har erfart noko gjennom.

Det kan nok seiast mykje om kva dette «noko» eigentleg er. Men eg har merka meg at det er stor uvilje blant kvinner mot å konkretisere kva slags hendingar «usynleggjering» eigentleg består i, og ikkje minst kven det er som driv med slikt. For vi vil for Guds skuld ikkje påstå at det gjeld nokon vi kjenner. Det er jo dei som skal vere nettverket vårt, og hjelpe oss fram. Spørsmåla er berre: Gjer dei det? Og i så fall kvifor/kvifor ikkje?

2 comments

  1. Hei. Jeg har lyst til å lese det du skriver på bloggen din. Virker som at du i en del tilfeller tar ting på kornet. Men kan du skifte bloggdesign? Jeg synes det er vanskelig å lese på svart bakgrunn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s